Styreleiar i Indre Nordmøre Senioruniversitet, Einar Oterholm.

– Vi gler oss veldig til å komme i gang att

Indre Nordmøre Senioruniversitet har hatt ei høgst ufrivillig pause sidan koronapandemien for alvor gjorde seg gjeldande i mars i fjor. No inviterer dei til møte på Gammelfabrikken i Todalen 25. august, med påmeldingsfrist 20. august.

Publisert Sist oppdatert

Koronapandemien har sett sitt preg på samfunnet både lokalt, nasjonalt i globalt, og mange lag og organisasjonar sitt viktige arbeid har vorte sett meir eller mindre på vent det siste halvanna året.

Blant desse er Indre Nordmøre Senioruniversitet, og det er difor med stor glede at styreleiar Einar Oterholm no kan melde at dei tek opp att aktiviteten.

25. august inviterer dei nemleg til møte på Gammelfabrikken til Talgø MøreTre i Todalen.

– Der får vi både historia, slik den har vore på fabrikken der, og nokre glimt av kva planer konsernet har vidare. Og så er det jo ei oppleving i seg sjølv å komme inn dit, med både det flotte uteanlegget og resten. Så vi trur dette blir eit skikkeleg bra møte, seier Oterholm.

Har inngått samarbeid med pensjonistlaga

Han er veldig fornøgd med at senioruniversitetet igjen får lage arrangement, slik dei har gjort sidan 2011.

– Vi gler oss veldig til å komme i gang att. Det er heilt tydeleg at dette er ein aktivitet, som utruleg mange sett pris på.

Oterholm fortel at Indre Nordmøre Senioruniversitet nyleg hadde møte med pensjonistforeiningane i Rindal og Surnadal.

Der presenterte Helene Nergård eit oppsett over dei aktivitetane senioruniversitet har arrangert sidan oppstarten for ti år sidan.

– Vi vart i grunn både imponerte og litt over oss over kor mykje godt program vi har hatt, både med bedriftsbesøk, kåseri, turar og liknande, seier Oterholm.

Siste nytt frå senioruniversitetet, er at dei har inngått samarbeid med dei to pensjonistforeiningane i Rindal og Surnadal.

– Vi har ikkje samarbeidd før, men vi fann ut at vi til dels har same medlemsmasse, og til dels same interesser. Difor har vi drøfta alt frå samanslåing til samarbeid. Det vi er heilt sikre på, og som vi har avtala, er at vi skal samarbeide på den måten at når vi har arrangement som passar, blir medlemmane i pensjonistforeiningane invitert - og omvendt, seier Oterholm.

Dermed er medlemmane i dei to pensjonistlaga invitert til arrangementet på Gammelfabrikken i Todalen. Påmeldingsfristen er 20. august.

Årsmøte i samband med første arrangement

Grunna pandemien, har Indre Nordmøre Senioruniversitet heller ikkje fått arrangert årsmøte. Det gjer dei no i samband med arrangementet i Todalen.

– Det kjem til å bli eit kort årsmøtet før opplegget startar. Det er ikkje så mykje som har skjedd sidan sist vi hadde årsmøte, men vi skal mellom anna velje nytt styre, som skal fungere fram til ordinært årsmøte i 2022.

Oterholm fortel at samtlege i styret har sagt at dei kan stille til attval minst fram til ordinært årsmøte.

I september blir det kåseri og foredrag om det såkalla "Smertemysteriet", ved den pensjonerte legen Audun Aas. Han har jobba mykje med desse problemstillingane, og gav i 2018 ut boka "Smerteboken - fra vondt til bedre".

– Det skal vere vel verdt å høyre, seier Oterholm, om foredraget, som skal vere i kinosalen i Surnadal kulturhus.

Månaden etter, blir det samling på Surnadal Billag. Der får dei som møter opp innblikk både i historia til billaget frå den tida dei heldt på med bil, og om kunstprosjektet som er i gang der no. Også der blir medlemmane til pensjonistforeiningane i Rindal og Surnadal invitert.

– I tillegg til desse tre arrangementa, har vi planer om ulike tema det kan vere aktuelt å ta opp etter jul. Mellom anna har vi planer om ein teatertur eller tilsvarande, seier Einar Oterholm.

Powered by Labrador CMS