Helge Husby om «Slaget i Gratangen»:

Den rikt illustrerte boka på 279 sider dokumenterer eit gripande kapittel i norsk historie.

Historisk boklansering

Med boka «Slaget i Gratangen 25. april 1940 - Trønderbataljonen frå nøytralitet til krig» har Helge Husby dokumentert eit av dei mest gripande kapittel i norsk soldathistorie. Lanseringa skjer med biletforedrag på Kveldheim i Bøfjorden tysdag.

Publisert

- Eg skriv først og fremst om dei unge gutane frå Nordmøre og Trøndelag som vart kasta inn i krigen mot den tyske krigsmakta med slaget Gratangen i Troms i april 1940, seier forfattaren. Fleire av hans sambygdingar frå Tingvoll deltok der, og alt som gut fatta Helge interesse for hendingane. – Ja, soldatveteran og nabo Johannes Røsdal vart rørt da eg som 14-åring skreiv skulestil om temaet!

Minne og refleksjonar

Husby fortel at det fyldige bokverket på 279 sider - med over 300 bilete, illustrasjonar og kart - er laga til minne om soldatane som døde i Gratangen. Mellom dei 34 norske som fall, var Halvard Røen frå Kvanne, Gunnar P. Bøe frå Bøfjorden, Fredrik Eikrem frå Straumsnes og Helge sin sambygding Erling Rød.

Boka dokumenterer styrke og heltemot – lysande eksempel på det store i mennesket. Men samtidig får vi innblikk i noko av det vonde som dei over 700 overlevande fekk å slite med i ettertida.

Kulturformidlaren Helge Husby lanserer historisk bokverk på Kveldheim tysdag.

Husby har gjeve ut stoff om Gratangen-slaget også tidlegare. Han har halde fleire foredrag og foreteke vandringar i Gratangen og Pasvikdalen, der gutane var på nøytralitetsvakt. No har han samla det meste som er tilgjengeleg av historikk og unike foto. Boka er resultat av intenst kjeldestudium, samtalar, reiser og forsking på denne mørke historia.

Foredragsturné

Tysdagens program på Kveldheim i Bøfjorden er starten på ein lanseringsturné der forfattaren med sin kunnskap, gode formidlarevne og rike biletmateriale besøkjer fleire nordmørsbygder. Reiseruta vidare blir i første omgang Tustna, Aure og Batnfjorden. - Men eg stiller gjerne opp andre stader og - om eg blir spurt, seier Helge Husby.

Kveldheim byr på kaffe, ryktast det. Og boka blir sjølsagt å få kjøpt der. Dette grendahuset er forresten nabo til Olastua på Bølandet - heimen til Gunnar P. Bøe, som fall i Gratangen berre 22 år gammal.

Gunnar P. Bøe vart gravlagt ved Åsskard kyrkje i juni 1941. Mykje folk var samla i heimen Olastua før turen til kyrkja. Lærar Bjarne Megard held andakt ved båra.

Kjenningssignalet attfunne!

Eli Berg gir lyd til det nyleg attfunne kjenningssignalet for Infanteriregiment 12. Og ho røpar at det skotske hornet hennar har link til «Broen over Kwai»!

Ein særleg attraksjon er det at trompetisten Eli Berg deltek på kvelden og blir den første i vår levetid som spelar Trønderbataljonen sitt hornsignal! I sitt utrøttelege kjeldearbeid har nemleg Husby – på ein handskriven lapp i ei notisbok – funne att notane som alle trudde var borte.

I boka skriv han at løytnant Hafsmo under tumultene i Gratangen ropar til hornblåsar Håkon Haugen: «Blås IR 12 sitt kjenningssignal!» Da er det eit underleg samantreff at Eli Berg, som Bøfjorden Historielag inviterte til å framføre signalet, i barneåra vart kjend med den same Håkon Haugen – i Løkken Musikkorps! Sjølve instrumentet ho spelar på, har også ei spesiell historie …

Det kan og bør bli folksamt på Kveldheim tysdag!

Helge Husby har laga denne plansjen med namn på nordmøringar som fall i Gratangen. (Foto frå eit tidlegare foredrag)
Powered by Labrador CMS