Tre eldre menn som legger ned krans ved en minnestein ved ei kirke.
Olav Jostein Holten, flankert av Nils Vassli (t.v.) og Per O. Moen, leia minnestunda ved Åsskard kyrkje.

Markerte frigjeringa

Frigjeringsdagen 8. mai blir markert mange stader. Nordmøre Forsvarsforening tek vare på ein snart 80 år gammal tradisjon.

Publisert Sist oppdatert

Saman med Brigadeveteranforeninga hadde dei denne onsdagen samlingar på Vinjeøra, på Liabøen, i Åsskard og Stangvik.

- Vi starta ved Vinje kyrkje - der krigshistoria omfattar både norske, russiske og ukrainske offer, fortel major Lars Indreiten. 

- Deretter var det markering på Liabøen i Halsa.

Ved Åsskard kyrkje heldt Olav Jostein Holten tale og la ned blomster framfor bautaen over Gunnar P. Bøe, som fall ved slaget i Gratangen 25. april 1940 - 22 år gammal.

Olav Jostein er gift med Johanne, niesa til Gunnar. Han har såleis mykje kunnskap om dette krigsminnet. Dessutan besøkte han Gratangen for ein månads tid sidan.

- Stadig kjem det ny kunnskap, som tidlegare var ukjend, om hendingane i Gratangen. Mellom anna har lite vore sagt om lastebåten Syrian si rolle, sa han og delte dramatiske og delvis nye opplysningar med dei frammøtte. 

- Ein soldat frå Surnadal fekk fem kulehol gjennom uniformshetta, men overlevde, kunne Holten fortelje.

Frå Åsskard drog veteranane frå forsvars- og brigadeforeningane til Stangvik kyrkje. Der samlast dei ved minnebautaen over Halvor Røen, som også vart såra under trefningane i Gratangen og døde nokre dagar seinare. Halvor Flatekval la ned blomster her.

Også på nasjonaldagen 17. mai blir det markeringar ved soldatminna fleire stader - m.a. i Stangvik og Åsskard.

Powered by Labrador CMS