Arrangerer felles «Ta tak»-kurs for Rindal og Surnadal:

Linda Margareth Øye (f.v.), Hege Kvendset og Camilla Hyttebakk ber folk ta kontakt dersom dei har spørsmål angåande det felles "Ta tak"-kurset for Rindal og Surnadal, som startar i oktober.

– Det er så mange som slit, så det er så viktig at dette ikkje er tabubelagt

Frå og med 27. oktober, og over totalt seks onsdagskveldar, arrangerer Linda Margareth Øye i Surnadal kommune og Camilla Hyttebakk i Rindal kommune felles «Ta tak»-kurs. – Kurset endra livet mitt, seier tidlegare «Ta tak»-deltakar Hege Kvendset.

Publisert

For om lag to og eit halvt år sidan arrangerte Surnadal kommune eit såkalla «Ta tak»-kurs, og etter gode tilbakemeldingar frå dei som deltok den gongen, tek Linda Margareth Øye igjen sats, no i samarbeid med Camilla Hyttebakk og Rindal kommune.

Oppstart blir 27. oktober, og kurset, som vert heldt på Sommerrotunet i Surnadal, er gratis å vere med på. Dei seks kveldane vil ha ulike tema: «Meistring og verdigheit», «Tvang og rettigheiter», «Behandling», «Pårørandeorganisasjonar», «Familieperspektiv/Søsken og andre barn i familien» og til slutt ein avslutningskveld med innlegg, diskusjon og oppsummering.

«Ta tak» er i utgangspunktet eit kurs for vaksne, som kjenner seg berørt av rusavhengigheita eller dei psykiske helseproblema til ein annan person. Måla med kurset er mellom anna at deltakarane:

  • I større grad skal få forståing av eigen situasjon og oppleving av å meistre kvardagen
  • Får informasjon om behandling, lokale hjelpetiltak, sjølvhjelp, pårørande- og brukarorganisasjoner
  • Får møte og lære av andre i same situasjon
  • Blir vist veg til selvhjelpsgrupper og andre tilbud til de som ønsker det

Øye og Hyttebakk fortel at kurset er for alle – det er fritt fram å delta både for kvinner og menn, sambuarpar og ektepar.

– Ein kan og vere pårørande på ulike måtar. Det kan vere for alt frå ein nabo, ein svoger, ein kollega, ein ven eller nokon i familien. Og det er viktig å presisere at her deler ein berre det ein vil, seier Øye, som er aktivitetskontakt rus og psyskisk helse i Surnadal kommune.

– Ja, det kan gjelde kva som helst, og ein treng ikkje seie kven det gjeld - kven i omgangskretsen din som har det vanskeleg, supplerer Hyttebakk, som er ruskonsulent i Rindal kommune.

Dei to er stolte over at dei to kommunane no kan tilby innbyggjarane sine eit slik felles kurs.

– Så håpar vi at folk sin terskel for å melde seg på er låg, seier Hyttebakk.

– Kan snakke om alt

Hege Kvendset var med sist det vart arrangert «Ta tak»-kurs i Surnadal, og er no med i ei gruppe deltakarar, som framleis møtest kvar femte veke. No oppfordrar ho folk til å melde seg på kurset som startar om ein stor månad.

– Du får ein tryggleik og ei anna bevisstheit for kva det er å vere pårørande for dei som slit med forskjellig. Det er så mange som slit, så det er så viktig at dette ikkje er tabubelagt.

Kvendset brenn no inderleg for at andre i same situasjon skal få den same a-ha-opplevinga ho fekk.

– Vi som pårørande har gjerne ikkje tenkt på at vi er pårørande. Ein skjønnar det ikkje før ein kjem på eit slikt kurs, for der opnar det seg så mange dører. Ein går veldig ofte åleine med tankane sine, og føler at ein ikkje kan dele alt med venner og kjente. Men på dette kurset kan du dele, og berre det at ein forstår at ein ikkje er åleine om slike ting, er til stor hjelp, seier ho, og legg til:

– På eit slikt kurs kan du snakke om alt, og det er underlagt tausheitsplikt. Dermed kan du dra nytte av anna folk sine erfaringar, og dei kan bidra med gode råd og rettleiing. Det kan vere om alt frå hovudproblemet, med rus eller psykiske lidingar i heimen, til skilsmisse eller ein hund som har døydd. Ein får dele så mykje, og alle på kurset er i same situasjon.

Camilla Hyttebakk (f.v.), Hege Kvendset og Linda Margareth Øye.

Linda M. Øye fortel at tilbakemeldingane frå førre kurs, er at ein del ting i kvardagen har vorte enklare for dei som deltok.

– Og samhaldet i gruppa, der dei bygde opp kvarandre, har vore til god hjelp. Vi er veldig glade for at vi no får til eit nytt kurs for både Rindal og Surnadal, seier ho, og peikar på at det kan vere mange råd og rettar ein har som pårørande, som ein kanskje ikkje er klar over sjølv.

– Dei gode tilbakemeldingane frå førre kurs, viser at det er eit behov for eit slikt tilbod, seier Camilla Hyttebakk.

Øye fortsett:

– Både rus og psykisk helse er meir synleg i media enn før, og det er det ein grunn til. Det er meir av det overalt enn det folk trur, og etter koronaen har det i alle fall ikkje vorte mindre - verken på dei som slit, eller folka rundt dei. Ein veit kva isolasjon gjer med folk, seier ho, og legg til:

– Vi opplever at enkelte kan verte fysisk sjuke av bekymring, og det er ikkje ein verdig kvardag eller eit verdig liv. Gjennom «Ta tak» får deltakarane ein trygg arena og god hjelp.

Og nettopp det at det finst ein plass ein kan gå for å få hjelp, er viktig for Hege Kvendset å få fram.

– Ja, det må ut til folk kor flott eit tilbod dette der, og dei som ønskjer det kan halde fram med å møtast også etter kurset. Ein føler nesten ein har fått ein ny familie, og vi både flirar, grin og får trøyst, seier ho, og legg humrande til:

– Det er så positivt, og blir nesten som ein litt modernisert sykveld.

Ber folk ta kontakt

Camilla Hyttebakk fortel at deltakarane på «Ta tak»-kurset lærer seg å forstå hjelpesystemet betre, og har full forståing for at det er lett å stange hovudet litt i veggen på eiga hand.

– Her kan ein ta kontakt, så hjelper vi til.

– Ja, her lærer ein om kva moglegheiter ein har, og får vite meir om symptom og kva ein skal sjå etter. Det gjev ein heilt annan tryggleik. Kurset endra livet mitt, så eg fekk eit betre liv. Ein lærer seg å slappe av på ein heilt annan måte, seier Kvendset, og fortsett:

– Ein får litt sjokk dei første gongane, men så løysnar det. Eg opplevde å tenke at «Å ja, så det er slik hos andre, og? Eg trudde det berre var hos oss det var slik», og såg at skuldrane til folk vart lettare medan dei var her.

Øye, Hyttebakk og Kvendset oppfordrar alle som vil melde seg på, eller høyre meir om kurset, til å ta kontakt med ein av dei.

– Er det nokon som tykkjer det er ekkelt å komme hit åleine, kan vi hjelpe. Vi kan møte folk ein annan plass og fare hit saman med dei, eller vi kan møte dei i døra, seier Hyttebakk, medan Linda legg til:

– Ja, og det er berre å ringe og spørje, dersom de lurar på noko, anten frå oss, kurshaldarane, eller dersom de berre vil høyre med Hege korleis det var å vere med. Meld dykk på, dette blir lærerikt!

Kontaktinfo:

Hege Kvendset, tlf 916 09 382, epost: hege.kvendz@gmail.com

Linda Margareth Øye tlf 47 68 34 07, epost: linda.margareth.oye@surnadal.kommune.no

Camilla Hyttebakk tlf 48 05 15 16 epost: Camilla.hyttebakk@rindal.kommune.no

Powered by Labrador CMS