LESARINNLEGG:

Nasjonalforeningen for folkehelsen sin logo

Samarbeid er nøkkelen

Publisert

Mangelen på helsepersonell er allereie eit stort problem. Med fleire eldre og færre i yrkesaktiv alder, vil ressursproblema i helse- og omsorgssektoren bli større i tiåra som kjem. I Nasjonalforeningen for folkehelsen er vi klare til å bidra med frivilligheit som del av løysinga.

Frivillige organisasjonar har lange tradisjonar med å bidra, og ønskjer å gjere det også i tida framover. Samstundes viser all erfaring at dersom frivilligheita skal blomstre, må ho vere fri og sjølvstendig. Vi bidrar best når initiativ kjem nedanfrå, og vi kan utfordre og utvikle det etablerte, eller skape noko nytt der vi ser uløyste behov.

Nasjonalforeningen for folkehelsen har helselag og demensforeiningar over heile landet, og er med på å betre folkehelsa og førebyggje einsemd og sjukdom. Dette gjer vi gjennom å leggje til rette for at folk kan vere i aktivitet, og ved å skape sosiale nettverk og sosial støtte. Å vere frivillig er i seg sjølv helsefremjande, og er eit unikt høve til sjølvdriven aktivitet som det offentlige ikkje kan skape.

Frivilligheita har ein eigenverdi som handlar om aktivitet, livskvalitet og sosialt samvær. Det som trengs, er eit likeverdig samarbeid der frivillige organisasjonar bidrar på eigne premissar. Dersom kommunen legg til rette for samarbeid, kan frivilligheita stille med ei hjelpande hand ved framtidige ressursproblem. Ein bestillar/utførar-modell der kommunen bestiller ferdig definerte tenester frå frivilligheita, strid med grunntanken bak frivilligheitskonseptet.

Nasjonalforeningen for folkehelsen er oppteken av at alt skal vere enkelt og føreseieleg. Vi har frivillige som ønskjer å dele av kompetansen og tida si for å bidra til god folkehelse og hjelpe demente og deira pårørande. Det er ikkje administrativt arbeid denne innsatsen skal brukast på. Det er såleis viktig at aktiviteten til organisasjonane ikkje blir hemma av kompliserte søknadsprosessar, strenge rapporteringskrav eller anna unødvendig byråkrati.

Frivilligheita førebygger Aktiv og mangfaldig frivilligheit er bra for å skape tillit mellom folk i lokalsamfunnet, og bidrar til at fleire innbyggjarar tek aktivt del i utviklinga av eige lokalsamfunn. Vi vil oppmode politikarane som blir valde ved årets kommuneval til å samarbeide med oss og andre frivillige organisasjonar, slik at vi saman kan bidra til mindre utanforskap, betre folkehelse og høve for frivillige til å vere ein del av løysinga på samfunnsutfordringane.

Nasjonalforeningen for folkehelsen Møre og Romsdal fylkeslag ved fylkesleder Ingunn Øye, nestleder Arne Georg Vassvik, styremedlemmene Aina Meisal, Bodil Hammer, Tordis Søvik Johansen, folkehelsekontakt Anna Vollen Balstad og demenskontakt Kirsti Flø.

Powered by Labrador CMS