En kvinne synger foran et juletre i kirka
Karen Oddny syng julverset ein juledag i Stangvik kyrkje.

«Julverset» - levande tradisjon

Publisert Sist oppdatert

I salmeboka finn vi på nr. 30 det gamle julverset «Et lite barn så lystelig er født for oss på jorden». Dermed er ein fin tradisjon teken vare på. Og melodien er ein folketone frå Stangvik! Best lever dette verset nettopp her på heimetraktene.

Denne jula er det i alle fall sunge og spela ved gudstenester på Nordvik, i Åsskard, Todalen og Øye - og på konsertar i Stockholm og Stangvik.

I over hundre år var verset fast ledd i gudstenesta frå jul til februar. Melodien (opprinneleg frå 1400-talet) vart omforma og utbrodert i tallause folketonevariantar landet rundt – aller mest på Nordmøre.

Først Halse – så Bræin

Kristian Halse (lærar i Todalen) var den første som notefesta denne songen hos oss - da han i 1902 skreiv ned verset etter folket i Nistua på Nordvik «fekk det godkjent av bestefar i huset, Kristoffer Nordvik», som Leif Halse, sønn av Kristian, fortalte meg.

Et gammel foto av en mann
Kristian Halse (1858-1939) skreiv «Nistu-Julverset» ned på notar i 1902.
Noteark for 'Et lidet barn saa lystelig'
Melodivarianten som Kristian Halse skreiv ned.
To menn holder hvert sitt noteark
Dagens Kristoffer (Kekke) Nordvik og artikkelforfattaren - med noten som vart nedskriven hos Kekke sine oldeforeldre i 1902 – her i Halse sitt korarrangement.

Organist og folketonesamlar Edvard Bræin noterte seinare mange versjonar. Han arrangerte og fekk trykt «Et lidet Barn så lysteligt» i mange utgåver. Ein av hans melodivariantar er det vi finn i salmeboka. Sopranen Sigrid Vetleseter Bøe syng det ofte i Bræin sitt arrangement – m.a. på årlege julekonsertar i Stangvik. Dertil fleire gonger på nettsending i Tyskland og ved julekonsertar i Sverige, seinast i St. Birgitta kyrka i Stockholm 3 desember i år.

Et sort hvitt foto av en mann
Edvard Bræin (1887-1957) noterte titals variantar og gav ut songen i ulike arrangement.

Ein juleskikk

I Todalen Bygdebok skriv Leif Halse om mange juletradisjonar – også om bruken av Julverset i heimane: «Inne i stuehusa bar dei ut spikhylla og tende jul-ljøsa. På bordet la dei kvit langduk og sette fram ljøs. Og bordljøset skulle brenne heile julnatta. Så vart maten boren på bordet, og rein-vaska og nykledde sette folket seg innåt. Etter maten song dei det gamle julverset.»

Teksten

Både dikt og melodi er vandregods. Teksten er komen til oss via Tyskland og Danmark og byggjer på det gamle latinske Dies est laetitiae – «Glededagen». Av Thomas Kingos salmeverk (1699) ser vi at «Et lidet Barn saa lysteligt» er fast liturgisk ledd i den tids lange juleperiode. Seinare er verset omsett av Grundtvig (1837), Wexels (1840, den første på norsk – no i salmeboka) og elles av Andreas Hauge (1873) og Jan Ove Ulstein (1995 – nynorsk, også i salmeboka vår).

Musikken

Den originale melodiforma fanst alt på 1400-talet. Landstads salmebok hadde ei form frå Wittenberg 1529. Komponistar som Buxtehude og Bach har laga orgelstykke over melodien.

I kyrkjer og heimar har folk sjøl laga «krullingar og trimulantar» på tonen og dermed skapt ein flora av det vi no kallar folkemelodiar. Sjå notemontasjen som viser korleis koraltonen (frå 1529) kunne bli utbrodert og forsira og få den forma (frå Stangvik) som salmeboka brukar.

Et noteark med tekst
Opninga av «originalen» frå 1529 saman med den utbroderte Stangvik-varianten som vi finn i salmeboka.

Lærar Lars Røslie skreiv dette om korleis kyrkjesongaren i Stangvik forma verset: «Gammelklokkaren i Stangvik, Christen Bruseth, opprinneleg frå Todalen, hadde ein vakker songstemme og var svært musikalsk. Når han song juleverset med kyrkja juledagen, la han stor følelse i det og føydde mange «krusedullar» til melodien. Rundt i heimane tok dei etter beste evne etter klokkaren.»

Vi føyer også til at professor Ole Mørk Sandvik på 1930-talet dokumenterte på notar ein Stangvik-variant av songen, detaljert nedtegna etter Dordi Røslie, mor til nemnte Lars.

Tradisjonen inn i vår tid

Nordmøre har teke godt vare på denne kulturperla – mest ved å bruke Bræin sine arrrangement i kor og soloframføringar. Men i dag er det vel berre Karen Oddny Husby Gravvold som ber vidare den opprinnelege bruksmåten i levande tradisjon. Ho syng Julverset på «gammelmåten» inn i vårt nye tusenår.

Karen Oddny har nemleg tonen med seg frå heimegarden Åsbø og brukar den slik generasjonane der har gjort det. Heldigvis har ho også sunge verset inn på CD («Til eit lite barn» frå 2001).

Ho har fleire gonger framført dette som «høgtidsvers» ved julegudstenester – oftast i Stangvik. Juledagen i år gjorde ho det i Øye kyrkje – til spontan applaus.

Det må vera eit bevis på livskrafta i denne tradisjonssongen. Måtte nye slekter bera arven vidare!

Noteark som viser tekst
Bernt Bøe har skrive ned Åsbø-verset etter Karen Oddny Husby Gravvold.
En kvinne leser en bok ved et bord med tent lys
Karen Oddny ved bordet heime på Åsbøen – der verset har vore bruka kvar jul, sikkert i to hundre år.
Powered by Labrador CMS