Preken Rindal kirke:

Lene Gåsvatn

Preken fra gudstjenesten 18. juni

Innsendt bidrag fra Lene Gåsvatn

Sundag 18. juni ble Det store gjestebodet tema for gudstenesta i Øvre Rindal kapell.
Lene Gåsvatn er sogneprest i Rindal, og hun har sendt oss sin preken fra dagens gudstjeneste.

Gjestebod er fint.

Det betyr fellesskap, fest og glede. For folk flest er det viktig å høyre til i eit fellesskap. Når Jesus snakkar om gjestebod, blir det ikkje berre viktig men også livsviktig å høyre til. Preika frå Øvre Rindal kapell 18.06.23 ligg ved.

Lukas 14, 15-24: Det store gjestebodet 15
Ein av gjestene som høyrde dette, sa til han: «Sæl er den som får sitja til bords i Guds rike.» 16 Men Jesus sa til han: «Det var ein mann som ville halda eit stort gjestebod og bad mange. 17 Då tida for gjestebodet kom, sende han tenaren sin i veg for å seia til dei bedne: ‘Kom, for no er alt ferdig!’ 18 Men dei kom med orsakingar, alle som ein. Den eine sa: ‘Eg har kjøpt eit jordstykke og må ut og sjå på det. Du må gjera vel og orsaka meg.’ 19 Ein annan sa: ‘Eg har kjøpt meg fem par oksar, og no skal eg av stad og prøva dei. Du må gjera vel og orsaka meg.’

20 Endå ein annan sa: ‘Eg har gift meg, difor kan eg ikkje koma.’ 21 Tenaren kom att og fortalde dette til herren sin. Då vart husherren sint og sa til han: ‘Gå straks ut på gater og torg i byen og hent inn fattige og uføre, blinde og lamme.’ 22 Tenaren kom att og sa: ‘Herre, eg har gjort som du sa, men det er enno rom.’ 23 Då sa herren til tenaren: ‘Gå ut på vegane og stigane og nøyd folk til å koma inn, så huset mitt blir fullt. 24 For det seier eg dykk: Ingen av dei som var bedne, skal få smaka festmåltidet mitt.’»

Eg veit ikkje kva som svir mest: Er det å invitere til fest og så få avbud like før – kanskje etter at maten til x antal gjester er bestilt og må betalast for og borda ferdig dekt?

Eller er det å ikkje bli invitert til ein fest du gjerne skulle bli invitert til – eller kanskje bli invitert seinare, litt som andre- eller tredjesortering?

Når det går på sosiale greier, innanfor- og utanforskap, så har me alle vårt av gode og vonde erfaringar. Me har vore den som inviterte – og sikkert såra folk me ikkje sette på lista.

Me har vore dei som fekk avbud og så panikk-inviterte fleire på såkalla andre- og tredjesortering fordi me gjerne ville at det skulle gå opp med mat og gjester.

Og me har sikkert endå fleire gonger vore blant dei som ikkje vart invitert, dei som ikkje fekk vera med, dei som vart sett utanfor.

Så kjem tankane snikande: Den og den og den fekk vera med – kvifor fekk ikkje eg? Er eg ikkje god nok? Kva er det som er feil med meg?

Eg las nyleg ein teori om innanfor- og utanforskap i sosiale samanhengar som var veldig interessant: Grunnen til at me er så redde for å bli sett utanfor fellesskap me gjerne vil høyre til i, ligg i oss frå Tidenes Morgon. Og dette handlar om mat. Eller redselen for å få for lite mat.

Teorien er interessant, og så lenge eg ikkje kan seia at den er feil, har den gjerne noko for seg. Folk fann tidleg ut at dei måtte samhandle for å skaffe mat til flokken. Og høyrde du ikkje til i flokken, så var du sårbar.

Einaste fordelen med å ikkje høyre til i flokken, var at det ikkje var nokon å lata det gå ut over om du var både svolten og sur. Innlysande nok er fordelane med dette mindre enn ulempane.

Så altså: Me treng fellesskap for å få mat. Utan fellesskap går me svoltne, og det kan me ikkje gjera særleg lenge. Jesus testa ut max-grensa og havna på 40 dagar.

Då Jesus fortalte denne lignelsen, var det også slik at nokon hadde meir mat enn andre. Var det snakk om gjestebod, er det implisitt god mat og god vin. Det er svert. Det er generøst. Det er gjestfritt. Og alt i alt fint. Like til folk byrjar å melde forfall – tydeleg nok lenge etter svarfristen.

For når alt er klart og det berre står att å koma, så vil dei ikkje koma likevel. Unskyldningane er syltynne: Det handlar om å vera nygift – Ja, den kan eg faktisk forstå. Om ikkje verten for gjestebodet gjer det.

Det handlar om å køyre oksar – men kan du ikkje køyre oksane dine i morgon? Og det handlar om å sjå på jordstykket sitt – som om du ikkje har sett på den jorda før du kjøpte den?

Ja, unskyldningane er sårande. Dei vitnar om å ikkje ville. Om å avslå. Om å trekke seg unna. Rett og slett fornærmande.

Så kan me altids lure på koreis dei føler det, desse som blir invitert som såkalla andre- og tredjesortering.

Dei blir for så vidt ikkje invitert heller, dei blir henta og dei blir nøda. Skal tru korleis det er å vera fattig og ufør og blind og lam på byens gater og torg og bli henta? Og korleis det er for dei som er ute på vegane og stigane og blir nøda til å koma inn?

Kanskje er det vanskeleg. Kanskje må dei bryte ei barriere eller fem for å takke ja til dette svære selskapet.

Då som no har ikkje fattige og uføre særleg mykje å rutte med så dei kunne laga like stor fest og gje gjengjeld. Dei har ikkje fine gåver å ha med seg. Knapt nok noko å pynte seg med.

Og korleis følest det å bli invitert i gjestebod når du er usikker på dei såkalla kodene – korleis skal eg oppføre meg – og har eg i det heile teke noko å fara med som kunne interessere dei som er så forskjellige frå meg?

Foranledninga til denne lignelsen er eit utbrudd frå nokon som har sett meir enn dei fleste av oss. Han seier «Salig er den som får sitja til bords i Guds rike». Og så kjem likninga. Med ein konklusjon som kan synast skremmande nok, lagt i munnen på han som inviterer og får tenarane sine til å hente og nøde: «For

det seier eg dykk: Ingen av dei som var bedne, skal få smaka festmåltider mitt.»

Drifta som får oss til å halde i hop i våre små og store, enkle og mangslungne, vanskelege og utfordrande fellesskap er svolten.

Me treng mat, og me treng å halde i hop så det blir mat på alle som høyrer til flokken.

Menigheita er ein slik flokk. Vel å merke: Det er ikkje så mykje mat me deler. Kyrkjekaffi er det jamnt. Men overdådige festar? Det må ha vore før vår tid.

Maten me deler når me samlast, er ikkje så anseleg korkje kva angår størrelse eller smak. Det handlar om ein liten, glutenfri brødbit og ein liten munnfull med avalkoholisert vin. Men dette fellesskapet, denne samlinga, er den finaste festen me kan bli invitert til.

Og det er faktisk den mest eksklusive serveringa me kan få – inklusive: Den maten me treng mest av alt. Jesu kropp og Jesu blod til soning for syndene våre.

Me inviterer og let oss invitere sundag etter sundag. Me kjem og får og tek imot. Det er større enn me forstår, men kva gjer vel det? Det anar oss at me er med på mysteriet, at me er med i fellesskapet av dei heilage, at me er Jesu kropp. Så får me altids innfinne oss med at den fulle openberringa skal koma på eit seinare stadium.

Når Jesus fortel likningar, så gjer han det for at folk skal finne sin plass i forteljinga.

Me må gjerne ta ei runde med Jesu ord og finne vår plass – og også tenkja over om me er komfortable med å ha oss sjølve der.

Er me blant dei som vart invitert, som avslo og så havna blant desse «Ingen av dei som var bedne, skal få smaka festmåltidet mitt?» Eller vart me henta? Eller vart me nøda?

Så kan me også gjerne lata tankane fara til dei me er glad i, dei me ber for, folk me kjenner og – sagt med Jesu ord: Dei som fèr på vegane og stigane – og spørje oss: Kva posisjon har desse? Er dei invitert, er dei henta eller er dei nøda?

Kan me på nokon som helst måte vera med og invitere til fellesskapet me sjølve er ein del av? Fellesskapet som bokstaveleg talt er livsviktig for å overleva, for å få mat?

Målet for han som inviterer, er at huset hans skal bli fullt. Sjølv om kapellet er lite, har me mykje å gå på. Huset er sjeldan fullt.

Det kan vera Herren treng tenarar til å gå ut og fortelja folk som er invitert at «Kom, for no er alt ferdig».

Og så skal me ikkje lata dei dumme unskyldningane og fornærmelsane stoppe oss frå å gå vidare og vidare, utanfor flokken.

Det blir gjerne for mykje om me byrjar å hente folk eller nøde dei, men … me kjem kanskje langt med å fortelja at fellesskapet er ope, at alle er velkomne, at denne flokken har mat å by på som er noko så mykje meir viktig enn å ha satsa på ektefelle, oksar og åker.

Målet er at huset må bli fullt. Og at alle må få det beste – det beste som ligg der føre oss, gjeve og ofra ein gong for alle. Til liv og saligheit.

Ære være Faderen og Sonen og Den heilage ande som var, er og vera skal èin sann Gud frå æve og til æve.
Amen.

Powered by Labrador CMS