Kyrkjesøndag

4-åringane har fått kyrkjeboka!

4-åringane blir boklærde

Barna var i sentrum under gudstenesta i Rindal kirke i dag. To små vart døypte, barnekoret song og tolv 4-åringar fekk 4-årsbok, og dei deltok aktivt under preika.

Publisert

Siste søndagen i kyrkjeåret var svært innhaldsrik i Rindal kirke i dag.

Rannveig Brøske, Ingeborg Nordlund og Leif Ove Grytbakk

I tillegg til det som er nemnt ovafor, så tok dei kyrkjelege fellesråda i Rindal og Surnadal avskjed med kyrkjeverge Ingeborg Nordlund. Ho starta i kyrkjetenleg arbeid som klokkar i Rindal tidleg på 80-talet etter Olav Foseide. I 1993 tok ho over som kyrkjeverge i Rindal etter Johan Helgetun. I 1997 tok kyrkja over ansvaret for dei ikkjegeistlege kyrkjetilsette etter at dei hadde vore kommunalt tilsette. Frå 2004 har Ingeborg vore kyrkjeverge for både Rindal og Surnadal.

Leif Ove Grytbakk, Ingeborg Nordlund og Rannveig Brøske

Leiarane for dei kyrkjelege fellesråda i Surnadal og Rindal, Rannveig Brøske og Leif Ove Grytbakk, takka Ingeborg for samarbeidet og den gode arbeidsinnsatsen gjennom desse åra med blomster og gode ord.

Prost i Orkdal prosti, Dagfinn Thomassen, helsa frå prestane og prostiet.
Ingeborg Nordlund takkar for helsingane
Ingeborg Nordlund i klokkarstolen

Sauen som gjekk seg vill

10 Pass dere for å forakte en eneste av disse små! For jeg sier dere: De har sine engler i himmelen som alltid ser min himmelske Fars ansikt. 11 *Menneskesønnen er jo kommet for å berge de bortkomne.• 12 Hva mener dere? Dersom en mann har hundre sauer og én av dem går seg vill, lar han ikke da de nittini være igjen i fjellet og går og leter etter den som er kommet på avveier? 13 Og skulle han finne den – sannelig, jeg sier dere: Da gleder han seg mer over denne ene enn over de nittini som ikke har gått seg vill. 14 Slik vil heller ikke deres Far i himmelen at en eneste av disse små skal gå tapt.

Trusopplærar Elsa Jensvold leda preika om sauen som gjekk seg vill. Sjølv hadde ho hatt med seg fire leikesauer til kyrkja, men to hadde tulla seg bort. Dei måtte ungane hjelpe til og finne. Dei fann den eine bak altertavla. Den andre fann dei langt bak i kyrkja, så det gjekk godt, takka vere gode gjetarar som ville ha med seg alle sauene!

Barnevennleg preike med flanellograf!
Gjetarane kom jublande framover kyrkjegolvet med den siste sauen som hadde tulla seg bort!
Barnekoret song, leda av Ronny Kjøsen, friskt på flygelet, og Elsa Jensvold dirigerte.
Alma Sande med foreldre og fadrar
Anders Hofseide Møkkelgård med foreldre og fadrar.
Kantor Bjørn Vevang sørga for sprudlande tonefølgje til salmane, som vanleg!
Powered by Labrador CMS