Påskepreike frå Rindal kirke

Koret i Rindal kirke
Rindal kirke - 1.påskedag 2023

Grava - endestasjon eller mellomstasjon

I Rindal kirke var det høgtidsgudsteneste 1. påskedag, og sokneprest Lene Gåsvatn hadde denne påskedagspreika.

Publisert Sist oppdatert

Preludium

Kantor Bjørn Vevang ved orgelet
Kantor Bjørn Vevang ved orgelet

Høgtidsgudstenesta opna med kantor Bjørn Vevang sin improvisasjon over opningssalmen "Påskemorgen slukker sorgen." Vi fekk med oss soloppgangen, glitrandesnøkrystallar og fuglesong der kantoren i djup konsentrasjon med magiske fingrar og bein tok oss med inn i sin påskemorgon!

Postludiet som tok utgangspunkt i salmen "Deg være ære" var også ei flott oppleving som berre kan opplevast, ikkje beskrivast!

Evangeliet for Påskedag.

Jesus står opp. Lukas 24,1-9.
1 Ved daggry første dagen i veka kom kvinnene til grava og hadde med seg den angande oljen dei hadde gjort i stand.
2 Då fekk dei sjå at steinen var rulla ifrå grava.
3 Dei gjekk inn, men fann ikkje Herren Jesu kropp.
4 Dei visste ikkje kva dei skulle tru, men med eitt stod det to menn hos dei i skinande klede.
5 Kvinnene vart forfærde og bøygde seg med andletet mot jorda. Då sa mennene til dei: «Kvifor leitar de etter den levande mellom dei døde?
6 Han er ikkje her, han er stått opp. Kom i hug kva han sa til dykk medan han endå var i Galilea:
7 ‘Menneskesonen skal gjevast over i hendene til syndige menneske og bli krossfest, og tredje dagen skal han stå opp.’»
8 Då kom dei i hug orda hans.
9 Og dei gjekk bort frå grava og fortalde alt dette til dei elleve og til alle dei andre.

lyshjerte og tulipanbukett
Lyshjertet ønska kyrkjelyden velkommen ved inngangen.
Lene prest på preikestolen
Sokneprest Lene Gåsvatn på preikestolen 1.påskedag i den kvite messehakelen med innviingskors. Den er laga i 2001 av Anne Kvam.

Preika til sokneprest Lene Gåsvatn

Kva gjer me med grava?

Alteret i Rindal kirke
Altertavla i Rindal kirke har open himmel over seg

Og kva gjer grava med oss?

Det er vel ikkje nokon plass i verda det finst meir sorg enn på kyrkjegarden. Her møtest livet som var, håpet som vart brote sund, døden, saknet og sorga.

Folk flest vik ikkje unna dette, men me oppsøkjer det heller. Oppsøkjer gravene våre for å sørge og minnast, konsentrere følelsane og tankane våre inn på livet som var, dei me saknar og minnest i kjærleik.

kyrkjegarden
Kyrkjegarden

Ei grav å gå til – dette har uvurderleg stor betydning for det arbeidet som sorga er. Me ser det spesielt på dei to merkedagane våre: Allehelgensdag og julaftan.

Då er det mange som kjem og tenner lys, legg ned krans og blomar og har ei stille stund med tankane sine, sorga si og saknet sitt. Slike rom treng me for sorga, skal me klare å leva vidare.

Nokre gonger når eg kjem til gudstenesta julaftan, møter eg folk på veg ut porten med snøskuffa si i handa. Det syns eg er trist – at folk ikkje vil ta seg tid til, eller vegrar seg for, å koma inn i varmen og synge og høyre evangeliet om den evige frelsaren som er født. Bodskapen kunne gjort godt for alle som kjenner på at dei slit med sorg og mismot åleine. For åleine er ingen.

Heller ikkje kjeringane som kjem til Jesu grav den fyrste dag i veka er åleine. Dei hadde venta seg ei stille stund ved Jesu grav.

Langfredag hadde dei fulgt med og sett kvar Jesus vart lagt, før dei reiste heim og laga i stand oljer og salver med god lukt. Sabbaten, altså vår påskaftan, heldt dei seg i ro. Men tidleg fyrste dag i veka legg dei avgarde til grava med olje og salve. Me finn ikkje referanse til korleis dei hadde tenkt å få brukt urtene dei hadde laga i stand, for naturleg nok er grava stengt. Men når dei kjem fram, så er den open!

lysglobe, lys blir tent
I lysgloben kan ein tenne eit minnelys frå Kristuslyset og sette det lysstakene rundt ekvator!

Jesus har rett og slett sprengt seg ut av grava. Han var død, derom var det ikkje tvil. Ingen kan overleva den mishandlinga han var utsett for. Og for sikkerheits skuld fekk han eit sverd beint igjennom magen. Drapet på Jesus var eit dobbelt-drap.

Så godt at dei står der, desse mennene i skinande kvite klede som kan fortelja kva som har skjedd. Dei minner om det Jesus sjølv har sagt: At han skal stå opp tredje dagen. Og no har det skjedd.

Kva betyr dette for Jesus? For kjeringane som går til grava tidleg påskedagsmorgon? For folk flest – og for oss?

Me kan bruke grava som eit bilde, ein inngang til å sjå ting for oss for å sense litt meir:

Dei fleste av oss har sett ned i ei grav. Ho pleier å vera fint tillaga med beine kantar og rette sider. Ei grav skal vera djup og er det. Ho er mørk. Berre tanken på å dette oppi ei grav får oss til å gyse.

Grava Jesus vart lagt i var hogge ut i fjellet som ei hole. Også denne grava var det nok skummelt å sjå inn i, sjølv om ingen hadde lege der inne før den vart teken i bruk til Jesu døde kropp.

Prekestolklede med kristusmonogram PX og krone over.
Prekestol-kledet 1.påskedag er med Kristusmonogram og sigerkrone over. Det uttrykker Kristi (og den kristnes) siger over døden. Det er teikna av Ragnhild Stavne Bolme og vevd av Ildri Bergslid.

Opninga i fjellveggen – eller på kyrkjegarden - kan gape imot ein som eit svart hol og rope om fortvilelse, sorg og skrekk. Ser me inn i ei slik hole, eller ned i ei nygraven grav, er det som å sjå inn i mørke og tomheit. Der er sant som det er sagt: I grava endar alle vegar. Grava er endestasjonen. Vidare kjem me ikkje.

Var det ikkje for Påskedag. Var det ikkje for at Jesus sprengjer seg ut av både død og grav, forbi både djevel og undergangskrefter, forbi alt som stengte oss ute frå framtida.

Her er det Guds kjærleik til oss i Jesus Kristus som har siste ordet, den vinnande bodskapen, livet som skal vare evig.

Kva betyr det for oss? For folk flest og for oss betyr det at me har fått ein open himmel over oss. Eit liv som skal vare evig i glede og tilbeding, takk og lovsong – der me ser Gud og forstår tvers igjennom kva Jesu siger over døden betyr.

Enn så lenge kan me leva vidare i håpet – i himmelhåpet. Og så kan me gripe det med tru og tanke: Det at Jesus stod opp att ifrå døden gjer ein vesentleg forskjell både for livet vårt og for døden som ubønnhørleg nærmar seg for kvar ein time me får her på jorda.

Bøna vår blir som verset me snart skal synge:

Lys oss i land til den livsæle strand,
Fram til det liv som skal vara,
Så me ved ljoset frå påskedag
Sæle kan leva i englelag!

Rindalskirka, gravstener stikk opp av snøen
Rindal kirke med gravene på kyrkjegarden
Powered by Labrador CMS