En prest og tre konfirmater i kapper foran alteret i kirka.
Åsskard-konfirmantane saman med Torbjørn prest etter lysmessa.

Samling om lyset

Vi er inne i mørketida. Og rundt oss er altfor mange inne i krigens mørker. Da talar lyset sterkare enn nokon gong.

Publisert

På lysmessene i Todalen, Stangvik og Åsskard denne helga understreka prest Torbjørn Brøske kor viktig det fysiske lyset er for å kunne sjå, lesa og finne veg. – Som barn var eg mørkeredd fordi eg ikkje kunne sjå rundt meg, sa han – noko mange kjente att.

Krigens mørke

Sterkare poengterte han likevel kva lyset betyr i større perspektiv. – Samtidig som vi har lys rundt alle hus, rår krigens og dødens mørke hos andre. Det er ufatteleg at statsleiarane trass tallause utsegner og vedtak er totalt makteslause andsynes hatet og ondskapen i verda.

To konfrmanter i kapper som leser og ei som tenner lys i kirka.
Bibellesing og lystenning i Todalen.

Slik er det nesten uverkeleg at vi her kan feire advent og glede oss til fredeleg julefest også i år, vart det sagt. Men i gudstenestene no før jul står nettopp lys og håp som motstykke til det meingslause.

Jula – med «livsens lys»

Med konfirmantane som aktørar fekk bodskapet prege messene med tente lys og bibeltekster. 600 år før Jesu fødsel spådde Jesaja: «Over dei som bur i dødsskuggens land, strålar lyset fram. For eit barn er oss fødd …»

Og han som vart fødd i jula, vart sitert slik: «Eg er lyset i verda. Den som følgjer meg, skal ikkje vandra i mørkret, men ha livsens lys.»

Konfirmanter i kapper i midtgangen i kirka.
Konfirmantane i Stangvik.

Tilslutning og fellesskap

Forsamlinga let si tilslutning tone ut i salmesongen: «La oss vandre i lyset, la oss elske kvarandre, la oss tilgi kvarandre, la oss be for kvarandre», «Tenn lys - for dem som gråter og dem som trøster dem» og «Rydd vei for Herrens komme!»

Takkoffer hører med slike dagar - her kom det inn gåver til kyrkjelydsarbeid, trusopplæring og søndagsskule. I Åsskard delte soknerådet ut høvelege bibelutgåver til både 10-åringane og konfirmantane i soknet.

Sosialt – og historisk

Kyrkjekaffen etterpå gir alltid rom for sosialt samver. Og her går praten livleg. I Åsskard denne gong også om smeden som laga kyrkjelåsen og nøkkelen til kyrkja – og som var tipp-tipp-tippoldefar til ein av dagens konfirmantar.

Uansett: No kan jula nærme seg – med lyset som vegvisar også når mørkret synest uovervinneleg.

En konfirmant i kappe med en stor nøkkel ved en stor gammeldags dørlås.
Smeden Hans Jacobsen laga lås og nøkkel til Åsskard-kyrkja for snart 150 år sia, veit tipp-tipp-tippoldesønnen, konfirmant John Stinus!

 

Powered by Labrador CMS