ANNONSE:

Øvre Rindal kapell

Sundag i kapellet

Sundag 10. september blir det gudsteneste i Øvre Rindal kapell kl.11. Det blir nattverd, offer til arbeid i kyrkjelyden og det blir kyrkjekaffi.

Preiketeksten er henta frå Matteus 5,38-48, og kan vera utfordrande nok for fleire av oss som manglar ekspertise på fred og forsoning. Vel møtt til gudsteneste!

Matteus 5, 38-48

Å løna vondt med godt

De har høyrt det er sagt: ‘ Auge for auge og tann for tann.’ Men eg seier dykk: Set dykk ikkje til motverje mot den som gjer vondt mot dykk. Om nokon slår deg på høgre kinnet, så vend òg det andre til. Vil nokon saksøkja deg og ta skjorta di, så lat han få kappa òg. Tvingar nokon deg til å følgja han éi mil, så gå to med han.

Gjev til den som bed deg, og vend ikkje ryggen til den som vil låna av deg.

Elsk fiendane dykkar

De har høyrt det er sagt: ‘ Du skal elska nesten din og hata fienden din.’

Men eg seier dykk: Elsk fiendane dykkar, velsign dei som forbannar dykk, gjer vel mot dei som hatar dykk, og be for dei som mishandlar dykk og forfølgjer dykk.

Slik kan de vera born av Far dykkar i himmelen. For han lèt si sol skina over vonde og gode og lèt det regna over rettferdige og urettferdige.

Om de elskar dei som elskar dykk, er det noko å løna dykk for? Gjer ikkje tollarane det same? Og om de helsar venleg på dykkar eigne, kva stort gjer de då? Gjer ikkje heidningane det same?

Ver då fullkomne, liksom Far dykkar i himmelen er fullkomen.

Sokneprest Lene Gåsvatn

Powered by Labrador CMS