Lene Gåsvatn på prekestolen i Øvre Rindal kapell
Lene Gåsvatn

Når sæla er langt borte

Publisert

Sæle, eller salige, er dei som syrgjer. Eg veit ikkje om folk blir så mykje meir sæle av å syrgja, var det ikkje for framhaldet: Dei skal trøystast. Håpet mitt er at einkvan kan finne trøyst i å lesa tekst og preike for Allehelgensdags gudstenesta, slik det vart forkynt i kapellet:

Sæle er dei! Matteus 5,1-12

Då Jesus såg folkemengda, gjekk han opp i fjellet. Han sette seg, og læresveinane samla seg om han. Då tok han til orde og lærte dei:

3 «Sæle dei som er fattige i ånda, himmelriket er deira.

4 Sæle dei som sørgjer, dei skal bli trøysta.

5 Sæle dei audmjuke, dei skal arva jorda.

6 Sæle dei som hungrar og tørstar etter rettferda, dei skal bli metta.

7 Sæle dei miskunnsame, dei skal få miskunn.

8 Sæle dei reine i hjartet, dei skal sjå Gud.

9 Sæle dei som skaper fred, dei skal kallast Guds born.

10 Sæle dei som blir forfølgde for rettferd skuld, himmelriket er deira.

11 Ja, sæle er de når folk for mi skuld spottar og forfølgjer dykk, lyg og talar vondt om dykk på alle vis.

12 Gled dykk og jubla, for stor er løna dykkar i himmelen. Slik forfølgde dei òg profetane før dykk.

Slik lyder det heilage evangeliet.

Skal det aldri ta slutt?

Spørsmålet kan vera fortvila frå dei som måtte kjenne at det vonde – det vera seg døden og sorga, sjukdommen, relasjonane, økonomien, bekymringa – kva veit eg - riv i kropp og sjel. Skal det aldri ta slutt?

Eller det kan vera retorisk frå dei som også tek inn verdenssituasjonen og kjenner på at nyhenda frå krig og rykte om krig og terror og lidande sivile slit på oss og legg seg som ei tjukk skodde over oss. Skal det aldri ta slutt?

Me kjenner også til dei familiane – om det ikkje er vår eigen – som vart så hard ramma av sjukdom, død og sorg. Hjå nokon blant oss kjem mykje på ein gong. Skal det aldri ta slutt?

Jau, det skal ta slutt. Og det er faktisk fullendt – som det har vore fullendt i snart 2000 år. Eller fullbrakt. Eller brakt til sin ende.

Og fortsatt går me her og surrar med våre fortvila eller retoriske spørsmål alt etter som: Skal det aldri ta slutt?

Avsnittet me har høyrt er kjent og kjært for mange. Orda trøystar oss og utfordrar oss på same tid.

Saligheita blir måla opp for oss så me kan sjå den, strekke oss etter den og gripe den med båe hender, med intensjonar og vilje og med eit intenst ynskje om å gjera nettopp dette.

Og ver du sikker: Verda blir ikkje ein dårlegare stad om Jesus-orda styrer tankar og handling. Saligheita er det beste som nokon gong er bydd oss.

Og slik Jesus målar den opp for oss, blir den også til det beste for dei som måtte vera våre samtidige – om det er dei me står nærast og er som mest glad i eller det er våre samtidige der dei måtte leva i krig og redsel.

Kven er så dei salige, dei Jesus tek inn under si omsorg og erklærer alt godt over?

Dei fattige i ånda. Dei som sørgjer. Dei audmjuke. Dei som hungrar og tørstar etter rettferda. Dei miskunnsame. Dei reine i hjartet. Dei som skapar fred. Dei som blir forfølgde for rettferds skuld.

Ein skal ikkje ha lese så mykje teologi før tanken slår oss: Er det eigentleg seg sjølv Jesus talar om her? Her også?

Ut over å vera fattig i ånda, har ikkje eg sjølv så mykje å stille med. Ja, også den biten av sorg som har vorte livsbøra mi.

Men elles har eg lite å skryte på meg korkje av audmjukne eller higen etter rettferd, miskunn eller reint hjarta, fredsskaping eller forfølging for rettferds skuld.

Ja, det er lite å skryte av. At eg er fattig i ånda er ikkje slikt eg solar meg med å fortelja. Ei heller sorga eg bèr sjølv, så lenge eg har såpass mykje av andre folk si sorg å handtere.

Og likevel er desse orda så gode. Så fulle av både trøyst og fortrøystning. Så fine å ta med seg inn i alt me fekk av kvardag og slit.

Fordi dei syner oss at livet er vidare enn det i fyrste omgang ser ut til å vera. Livet er vidare, det er eit håp der framme som lyser beint fram til oss.

- Skal det aldri ta slutt? Spør den håplause der han sit i sitt svarte hol som einkvan har dekt til. Skal det aldri ta slutt?

- Sæl er den og den og den, proklamerer han som går gjennom døden – også for dei av oss som til tider sit i våre mørke groper med tildekte gardiner og furtar over at livet er urettferdig. Sæl er den og den og den – og håpet deler eg så gjerne med deg også!

Om me ikkje forstår kven Jesus siktar til når han proklamerer alt dette, kan me uansett med frimodig ta dei gode orda til oss og gjera oss nytte av dei – som små eller store plasterlappar på skjulte sår og skrammar.

Himmelriket er ikkje lengre ein fjern størrelse, ei heller trøysta eller dette å kunne få miskunn.

Ingen blir kalt for å vera Guds barn utan å vera det, og er me Guds born skal me også kunne sjå Gud – om ikkje anna enn som eit lysglimt i fortvilelsen. Og nokon skal endå til kunne arve himmelriket.

Me skal ikkje kimse av dei tunge dagane, av mørkret som til tider omsluttar oss både frå utsida og innsida, av sorga som slit oss ut, av alt som ikkje vart som det skulle, av fortvila spørsmål eller den hissige protesten: Skal det aldri ta slutt?

Men siste ordet er alt sagt, og me er alle bore av dette: Det er fullbrakt. Sitat han som gjorde det for å bera oss igjennom og berge oss.

Skal det aldri ta slutt?

Døden er oppslukt og sigeren vunnen. Så tok det slutt.

Mens saligheita er like evig som Guds godheit er det. Den held vidare og forbi alt vårt av gråt, skrik og smerte – og bèr oss igjennom.

Ære være Faderen og Sonen og Den Heilage Ande som var, er og vera skal èin sann Gud frå æve og til æve.

Powered by Labrador CMS