Lysmesse i Rindal kirke

Konfirmantar las bibeltekster og tente lys i den sjuarma lysestaken

Lene prest leda oss inn i eit nytt år

Me går inn i adventstida og får eit nytt nåde-år lagt føre oss. Det kan vera me treng å få det lese opp for oss så me både hugsar det og benyttar oss av det. Slik vart preika på Lysmessa i Rindal:

Publisert
mørklagt kirkeskip med lys i koret
Konfirmantar går opp midtgangen med lys
Fin innmarsj med konfirmantane
konfirmant tenner lysa på altaret
Lysa på altaret vart tennte
konfirmant tenner første adventslys
"Tenn lys lys, et lys skal brenne, for denne lille jord"

Lysmessa. 1. s. i advent. Lk 4,16-24. 2.rekke.

Han kom òg til Nasaret, der han var oppvaksen, og på sabbaten gjekk han inn i synagogen, som han brukte å gjera. Han reiste seg for å lesa frå Skrifta, og dei gav han boka til profeten Jesaja. Han opna bokrullen og fann den staden der det står: 

Herrens Ande er over meg,
for han har salva meg
til å forkynna ein god bodskap for fattige.
Han har sendt meg for å ropa ut
at fangar skal få fridom
og at blinde skal få sjå,
for å setja undertrykte fri
og ropa ut eit nådeår frå Herren.

Så rulla han bokrullen saman, gav han til synagogetenaren og sette seg. Og alle som var i synagogen, heldt auga feste på han. Då tala han til dei og byrja slik: «I dag vart dette skriftordet oppfylt medan de høyrde på.»

Alle tala vel om han og undra seg over nådeorda som kom frå hans munn. «Er ikkje dette son til Josef?» spurde dei.

Lene prest ved lesepulten

Kor mykje nådeord har me kome med i det siste? Og kor mange har me høyrt? Og kor mange nådde inn i tankane og følelsane våre slik at me opplevde oss velsigna av å høyre om dette som blir kalla for eit nåde-år frå Herren?

Eller sette det seg fast i øyrevoksen så det ikkje nådde korkje hjerne eller hjarte?

Eit nåde-år frå Herren. Endå eitt.

Det er fyrste sundag i advent, fyrste start på det nye kyrkjeåret, inngangen til den fiolette tida for å bremse, tenkja og førebu hjarta og sinn for å ta imot og feire at Gud kjem til verda.

Enn det! Det var dette som var essensen. Meininga ligg ikkje i julebord og pynt, kakeboksar og strev. Det er ikkje i kjøkenskåpa våre Jesus skal bli født.

Nei, han ynskjer å bli født i hjarta vårt, i tankane våre, i livet vårt, slik at me ser og forstår at han kjem til oss med det me treng mest av alt: Nåde. Ny start. Restart.

Og ikkje minst kvile både frå oss sjølve og nederlaga våre.

Det er dette me førebur oss på å ta imot, det er dette som er advent, det er dette som er … ikkje ventetid, men ankomst.

Jesus kjem for å sjølv vera den gåva han forkynner:

Godt bodskap for fattige. Så er det berre å innrømme det: Me er lutfattige, uansett kor fullt me måtte ha det i hus og uthus. Tinga får aldri kompensert for ropet etter å bli sett, vera den me så aller helst skulle vore, om me så måtte dra oss sjølve etter håret. Men det nyttar ikkje.

Fangane skulle setjast fri. Det kan vera einkvan av oss treng å få stoppa muse- eller hamsterhjulet sitt og få kvilt frå den evige runddansen av alt me trur me må.

For eigentleg er det vel fint lite me må.

Ser me det – eller treng me einkvan til å opne augo våre så me ser at me er undertrykt av vårt eige stress og treng friheit?

Et nådens år. Me treng det. Og me får det.

For å vera personleg: Eg opplever sjølv å stå i eit nådens år med dykk som er konfirmantar. De har høyrt det, og eg kan gjerne seia det så alle høyrer det: De er gode. De er gromme. De gjer ei halvgamal kjering av ein sokneprest gulle godt berre med måten de er på, måten de spør på, måten de er på når de byr på dykk sjølve.

Eit nådens år er når det blir gode sirklar, når me tek ut det beste i kvarandre, når me gjer kvarandre gode. Slik eg opplever det med dykk. Seier eg ein hyggeleg ting, får eg alltid noko hyggeleg tilbake. Noko som går inn i tankane og følelsane mine så eg kjenner at det gjer meg godt – så eg kjenner at det gjer meg godt å vera i lag med dykk. Det skal de ha!

Mykje av det som skjer med Jesus gjennom livet, handlar om fiendskap. Han blir både forstått og misforstått, og det går heller dårleg før død og nederlag blir snudd til oppstandelse og full siger.

Men her, her les me at «Alle tala vel om han og undra seg over nådeorda som kom frå hans munn. «Er ikkje dette son til Josef?» spurde dei.»

Josefsen har tala. Ein dei kjenner faren til. Ein dei veit kven er – han er ein av dei. Josefsen.

Ganske sivilt. Ganske folkeleg. Ganske lite skummel. Snarare tvert imot: Full av alt me treng. Og så generøs at han gjev alt, like til siste andedrag, like til himmels.

Eit nådens år blir bydd oss. Har me råd til å avslå?

konfirmantane på dei første benkene
Den kvite flokken
Konfirmantar las bibeltekster og tente lys i den sjuarma lysestaken

Konfirmantane leste profetiar frå Bibelen og tennte lysa i den sjuarma lysestaken

Konfirmantar las bibeltekster og tente lys i den sjuarma lysestaken
Konfirmantar las bibeltekster og tente lys i den sjuarma lysestaken
Konfirmantar las bibeltekster og tente lys i den sjuarma lysestaken
alle lysa i den sjuarma lysestaken er tent
Powered by Labrador CMS