Lysmesse i Øye Kyrkje

Konfirmantane danna levande lyskors som innleiing til messa.

Lyset varma i desemberkvelden

Lyset som åndeleg varmekjelde kom klårt til syne i Øye kyrkje torsdag kveld. Konfirmantane feira lysmesse.

Publisert

Regissert og leia av prost Vidar Rygh forkynte tekster og levande lys innhaldet i adventstida: Lovnadene om kva jula vil gi oss.

Tenning av altarlysa symboliserer Guds nærver.

I ei halvmørk kyrkje innleia konfirmant Sander på fiolin salmen «Nå tennes tusen julelys». Under denne songen vart altarlysa tente som teikn på Guds nærver, slik presten uttrykte det, og konfirmantane med kvar sine lys danna eit symbolsterkt kors.

Preika var dialog mellom prest og konfirmant.

Samspel mellom tekster og song prega gudstenesta. Bibelord om lyset veksla med «Her kommer dine arme små» . Forbønsledda vart ramma inn av Skeie-salmen «Tenn lys».

Andakten var forma som samtale mellom presten og ein konfirmant om kva den komande jula inneber.

Tenn lys!» - ei meiningsfylt tenesteoppgåve for konfirmantane

Kveldens takkoffer gjekk til arbeidet i kyrkjelyden.

Til den mektige og samtidige kvardagsnære «Nordnorsk julesalme» tona den vakre og varmande lysmessa ut i ein kald desemberkveld.

 

No kan jula koma!

Powered by Labrador CMS