LESARINNLEGG:

Porttettbilde av Frank Sve (Frp)
Frank Sve (Frp)

Ei stemme til SP og AP, = ei stemme til Møreaksen!

Publisert

«Dette slår SP og AP representantar frå Transportkomiteen fast, sjølv om dei veit at Møreaksen vil folket i dette fylket slett ikkje ha»

SP og AP slår altså fast at Statens vegvesen leverer bestillinga frå desse partia om at E-136 frå Moa til Vestnes skal heilt ut av NTP dei neste 12 åra. Ein trafikk på over 11000 bilar i døgnet, Exportvegen vår som også har mange alvorlige ulykker, betyr null for desse partia.

SP og AP slår fast at Statens vegvesen leverer på bestillinga om at E-39 Veibust- Blindheimstunellen- Moa, med vanvittige over 22000 bilar i døgnet, mengder med alvorlige ulykker og dødsulykker, skal takast heilt ut av NTP dei neste 12 åra. Likeså RV 15 Strynefjellet med arm til Geiranger og andre viktige vegar i heile fylket.

Møreaksen derimot, med sine «heile» 2292 bilar over Romsdalsfjorden, ja den skal SP Lien og AP Leirtrøen ha, koste kva det koste vil, og her gjev ein blaffen i kva folket i fylket meiner.

Heldigvis kjem vanlige folk til å seie si meining om dette i kommune og fylkestingsvalget den 11/9, og ungdommen viste det klart og tydelig i skulevalget der SP og AP fekk eit klart svar.

FrP kjem fortsatt til å kjempe hardt imot «galskapens prosjekt» Møreaksen, og vil etter at vi tar over på fylkeshuset på Molde førebu dette.

Kampen mot Møreaksen fortsetter fram til neste Stortingsvalg i 2025 der SP og AP skal geleidast ut av regjeringskontora.

Ei ny FrP/Høgre regjering i 2025 vil måtte rydde kraftig opp i samferdselssektoren etter handlingslamma SP og AP.

Dødsvegane, dei kraftig ulykkesutsatte vegane, rassikring, vedlikehold av riks og fylkesvegar, bygging av nye sikre vegar, er noko av det som må kome raskt på plass.

«Og ikkje minst, eit anstendig ferjetilbud der gratisferjer ikkje er det viktigaste, men at ferja faktisk går når folk flest og næringslivet har behov for dette»

Då er der ikkje rom for vanvittige sløseriprosjekt til 30/40 milliard kr slik som Møreaksen til 2292 bilar, -og der verste «ulykka» sikkert er nokre klamra fingrar i ei bildør på ei ferje.

Stopp Møreaksen!
Stem FrP

Mvh
Frank Sve
1. nestleiar i Transport og kommunikasjonskomiteen Stortingsrepresentant for FrP

Powered by Labrador CMS