Maren Ansnes (fremst), Britt May Hollås og Elinor Bolme idet dei blir overraska med at Todalen Sanitetsforening og Surnadal Sanitetsforening er tildelt Surnadal Sparebanks Utviklingspris for 2020.

– Eg vert sjeldan mållaus, men no vart eg det

Leiarane Maren Ansnes frå Todalen Sanitetsforening og Britt May Hollås frå Surnadal Sanitetsforening hyllar medlemmane sine etter at dei tysdag delte Surnadal Sparebanks Utviklingspris, saman med Torvik sanitetsforening.

Lite visste dei, Maren Ansnes og Britt May Hollås, då dei gjekk opp trappa til møterommet "Banketten" i Surnadal Sparebank, om at ein gjev pris, ein sjekk på 30 000 kroner og eit festpynta lokale med kake og vimplar venta dei.

Fylkesleiar i Norske Kvinners Sanitetsforening (NKS), Elinor Bolme, hadde saman med marknadssjef i Surnadal Sparebank, Liv Dalsegg, fasilitert overraskinga.

Og då Ansnes og Hollås, på vegne av henhaldsvis Todalen Sanitetsforening og Surnadal Sanitetsforening, forstod at dei var mottakarar av Surnadal Sparebanks Utviklingspris for 2020, var det liten tvil om at overraskinga slo an! Også Torvik Sanitetsforening er med på å dele på prisen.

– Det er noko som heiter å bli teke på senga, og det vart vi no, seier Ansnes, og legg til:

– Eg set veldig god pris på ei god overrasking, altså!

– Eg har hjartebank, eg, smilte Hollås samtykkande, og bekreftar at pengane kjem godt med i arbeidet deira.

Britt May Hollås (t.v.) og marknadssjef i Surnadal Sparebank, Liv Dalsegg.

– De gjer ein fantastisk viktig jobb

Administrerande banksjef, Allan Troelsen, stod for sjølve utdelinga. Han var full av lovord om jobben sanitetskvinnene i Surnadal gjer.

– Det er artig å kunne gje ei påskjønning til Sanitetskvinnene. Dei har ei viktig oppgåve og ein viktig funksjon i samfunnet vårt. Dei gjer ein god jobb, sjølv om den ofte kan vere usynleg, seier han til Trollheimsporten.

I sjølve utdelinga la Troelsen vekt på at prisen er eit bevis på at banken set pris på jobben dei to organisasjonane gjer for lokalsamfunnet.

– De gjer ein fantastisk viktig jobb, og vi er glade for å kunne gjere ære og stas på dykk, sa Troelsen til Ansnes og Hollås.

Det er styret i Surnadal Sparebank som står bak vedtaket om tildelinga, som var den 20. utgåva av Surnadal Sparebanks Utviklingspris.

Britt May Hollås (f.v.), Allan Troelsen, Liv Dalsegg, Elinor Bolme og Maren Ansnes

Ønskjer seg fleire aktive medlemmar

Då dei takka for prisen, understreka Britt May Hollås:

– Sjølv om vi berre er tre representantar frå Sanitetskvinnene, er det medlemmane våre vi må hylle. Dei gjer ein kjempeinnsats!

Ho viste til koronavaksineringa i Surnadal kulturhus kvar fredag, der fire-fem sanitetskvinner, saman med frivillige frå Røde Kors, bidreg til at ein får gjennomført det planlagte vaksineringsopplegget.

– Ein hadde ikkje fått til det utan frivillige, seier ho, og oppmodar alle som kan vere interesserte i å bli med i NKS om å ta kontakt.

Banksjef Allan Troelsen (f.v.), Maren Ansnes, Elinor Bolme og Britt May Hollås.

– Skal fly inn i samfunnshuset

– Vi vil gjerne ha med endå fleire aktive medlemmar, seier ho.

Også Maren Ansnes frå Todalen Sanitetsforening var storfornøgd med tildelinga.

– Eg vert sjeldan mållaus, men no vart eg det. Eg blir nesten euforisk, seier ho.

Til Trollheimsporten fortel Ansnes at motivasjonen, som allereie var høg, no er kraftig forsterka.

– Vi har styremøte i kveld, og då skal eg fly inn i samfunnshuset. Dette er er heilt fantastisk, seier Ansnes.

Fylkesleiar i NKS, Elinor Bolme fortel at Surnadal Sparebank si tildeling kjem til å bli lagt merke til på nasjonalt nivå.

– Dette kjem folk til å merke seg i NKS, det kjem til å gå heilt til topps. Så dette gjev mykje inspirasjon for sanitetskvinner i heile landet, seier ho.

Maren Ansnes reflekterer vidare:

– Det ligg ikkje i naturen til sanitetskvinnene at vi skal ha påskjønning. Det er ikkje det som er grunnen til at vi held på. Vi er tufta på maiblomster og fastelavnsris, seier ho, og legg til at tildelinga difor kom som ei ekstra hyggeleg overrasking.

Kvart år forvaltar sanitetskvinnene 20 millionar kroner til forsking på kvinnehelse.

– Det er ganske mange fastelavnsris, ler Bolme.

– Ja, ein må jobbe i det små for å få til det store, smiler Ansnes.

Powered by Labrador CMS