Pressemelding

Oppe til venstre: May Britt Haukås (Sunnmøre friluftsråd) Ola Fremo (Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal) Anne Berit Støyva Emblem (Sunnmøre friluftsråd). Nede frå v. Liv Synnøve Hoel og Marte Melbø (Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal)

Stikk UT! passerer 1 million turar

Publisert

Stikk UT! er i ferd med å passere ein million registrerte turar! Det vil truleg skje torsdag eller fredag i denne første veka i september. Dette er turar folk har gått sidan 1. mai i år. I skrivande stund er talet 995 131, og vi ventar i spenning på å sjå når det passerer ein million.

Friluftsråda gler seg over den store deltakinga, og er ikkje i tvil om at Stikk UT! har gjort mykje med turgleda og helsa til mange.

- At 20% av befolkninga er med på Stikk UT! er svært imponerande, seier Anne Berit Støyva Emblem og Ola Fremo, dei daglege leiarane i dei to friluftsråda i Møre og Romsdal.

I dag har Stikk UT! nesten 49 000 deltakarar, som til saman registrerer 8 000 turar i gjennomsnitt dagleg.

Kven går tur nummer en million?

Den deltakaren som registrerer tur nummer ein million, får ein tursekk full av Stikk UT! -artiklar, og i tillegg spanderer friluftsråda middag på vedkomande i lag med familie eller turvenner. Så no oppmodar vi alle til å kome seg ut på tur: Kven som helst kan blir den som registrerer tur nummer ein million!

Landets beste

Vi som jobbar med det, meiner at Stikk UT! er landets beste turtrim og at Møre og Romsdal har den mest turglade befolkninga i Norge. Vi kjenner i alle fall ikkje til andre turtrimmar med tilsvarande tal.

Dette har vi fått til fordi Stikk UT! er eit gigantisk dugnadsarbeid som består av tre viktige partar: Dei to friluftsråda i fylket, tilsette i kvar kommune, og mange frivillige eldsjeler.

For to år sidan hadde turtrimmen 489 000 registrerte turar og 22 000 deltakarar. Så kom pandemien. Medan alt anna måtte stenge, var Stikk UT! og friluftslivet ope, og redninga for å halde seg i aktivitet for mange.

I 2020 auka talet på deltakarar med ca. 10 000 frå året før, og til saman 32 000 turgåarar registrerte 860 000 turar. Dette syntest vi var overveldande, men når vi no har sett korleis populariteten har auka også i år, ante vi at millionen ville bli nådd. Men at det ville skje heile to månader før sesongslutt, hadde vi ikkje trudd!

Det er ikkje tvil om at Covid 19 har betydd ein del for tur-utfarten, men også den nye Stikk UT!-appen har vore viktig. No kjem over 80% av registreringane via appen, og det har blitt enklare å registrere turane sine.

Og så er vi i dette fylket så heldige å ha fantastisk natur som inviterer til friluftsliv rundt oss på alle kantar, og vi er veldig glade for at så mange av innbyggjarane er flinke til å nyte den. Det gir livskvalitet til den enkelte og er viktig for folkehelsa.

Dette er gåva som ventar personen som registrerer Stikk UT!-tur nr. 1 million. I tillegg får vedkomande middag saman med familie eller turvenner.
Powered by Labrador CMS