Omkring 14 mennesker står i gresset langt foran to bygninger på en seter.
Vakker turgjeng på vakker seterstøl.

Fjellgruppetur til Søyådalen
19. september

Publisert

På grunn av melding om kraftig regnvèr, vart turen til Norskå i Tingvoll avlyst! Men da vi ikkje er "vèrpyser", tok vi 14 spreke pensjonistar ein alternativ tur, til Søyådalen. Eit svært så klokt val! Og vi fekk ei triveleg og fin vandring gjennom seterdalen, som og har sin sjarm i regnvèr.

Mary og Lars Gudmund Røen hadde mykje interessant å fortelje om setrene og dalen.

Det var ein lett tur, først etter skogsveg langs austsida av Søyåa til Holtasetra, deretter over ei bru til vestsida av Søyåa. Så bars det over på ein steinete setersti opp til Mosetra. Her har og Øyskogsetra stått (hytte der no). Følgde seterstien vidare nordover til Vassendsetra, der det no står ei hytte etter at Vassendsetra vart tatt av snøskred i 1979. Vi passerte og tuftene etter ei hytte som under det same skredet, vart flytta heilt til den andre sida av elva! 

Ved enden av seterstien kom vi til Mellingsetra, som og vart tatt av det store snøskredet i 1979. Fint å sjå at både seterskjelet og fjøset vart bygd opp att slik dei var! Godt å få krype inn i løa på Mellingsetra, der nista og kaffien smaka ekstra godt, og mykje "gøytt" var å høyre! Mange eldgamle kløvmeisar hang langs veggene inni løa, og Lars Gudmund formidla kunnskap om korleis kløvmeisane vart bruka til å frakte varer med på hesteryggen.

Frå Mellingsetra gjekk turen etter skogsveg til parkeringsplassen, og da kom det ei skikkeleg floskur, men vi er da vasstette! 

Takk for fin og interessant tur!

Neste tur vert kunngjort seinare.

To mennesker på en grusvei går innover dalen. Fjell.
Søyådalen. Ser Blånebba og Trollhøtta.
Mennesker og bygning i en dal. Gress, steiner.
Holtasetra.
Setre i dalen. Gress. Fjell i bakgrunnen.
Holtasetra og Klokkargardssetra.
Bro/bukk over elva/bekken.
Over Søyåa.
Seter, mennesker, bjørker.
Opp mot Mosetra.
Mennesker foran en seter med små trær på taket.
Mosetra med si historie.
Bekk. Mennesker.
Bytbekken.
Et menneske foran en hytte.
Vassendsetra vart hytte etter snøraset i 1979.
Skeiv bygning i tre.
Utedassen har sett sine beste dagar.
Mann i skogen
Tufter etter hytte tatt av snøskredet i 1979.
To bygninger på en støl med gress og store steiner.
Mellingsetra bygd opp att etter snøraset i 1979.
Menneske på tur ut av en løe.
Godt med matpause i Mellingseterløa.
Powered by Labrador CMS