Bjørn Hovde

Nyttårsfest og heilagtrekongarsfest

Den tradisjonelle nyttårsfesten på Eidet bedehus samla fullt hus til fellesskap og oppmuntring i ei vanskeleg tid. Salen var vakkert pynta, også med trekongarslys, for festen var på dagen etter Heilagtrekongarsdagen og dagen før Openberringssøndagen, som er kyrkjas spesielle misjonsdag.

Publisert

Sokneprest em Bjørn Hovde gav oss ein svært inspirerande tale om Bibelens forteljing om desse forunderlege vismennene som kom frå fjerne austen for å hylla den nye kongen, og denne merkelege stjerna som viste veg og som var eit teikn på at ein ny konge var fødd. Bjørn Hovde sette forteljinga inn i den historiske samanhengen, og gav oss mykje nyttig kunnskap til styrke for trua vår.

Det var fint å få syngja saman dei sterke songane om juleforteljinga og Kristustrua, og å lytta til mykje fin song av damekoret Credo ved leiing av kantor Oddveig Helset Halle, og av solist Svein Volle.

Damekoret Credo

Etter kaffepause med mykje god mat og prat, fekk vi også meir song og misjonsinformasjon frå nokre av samarbeidslanda til Normisjon, som arrangerte festen.

Det var godt å samlast til ei slik god og fredfull opning av det nye året.

Powered by Labrador CMS