Bispevisitas:

Visitasgudsteneste: Biskop Ingeborg Midttømme under gudstenesta i Stangvik kyrkje

Innhaldsrik kyrkjeveke

Publisert

- Visitas omfattar det sentrale for mi gjerning som biskop, sa Ingeborg Midttømme da ho søndag runda av ei innhaldsrik og hektisk veke i Surnadal.

Og jamen var både ho, rådgjevar Svein Magne Harnes og mange i den lokale kyrkjestaben tett på aktiviteter og problemstillingar desse dagane. Aller mest biskop Ingeborg sjøl. Og det med konstruktive tankar og råd om det meste, slik hennar rolle krev.

Programmet omfatta mange møte – med tilsette, valde rådsmedlemmar og med kommuneleiinga. Dertil hadde lokalkyrkja med fungerande prost Vidar Rygh i spissen lagt inn besøk der «folk flest» syslar rundt i bygdene: Bedrifter, barnehage og skule, sjukeheimen, Mo kyrkje, fellesfjøs, samvirkelag og bedehus. Konsert i Ranes kyrkje og gudsteneste i Stangvik mønstra song- og musikkrefter. Eit kveldsmøte hadde «Frivillighet» som tema.

«Meir himmel på jorda»

Alle lyttar ivrig og tek til seg det biskopen held fram. Både i møte med sokneråda og under søndagens avslutningsforedrag viste ho til Den norske kyrkja sin strategiplan i 9 punkt for åra 2022-2029: «Meir himmel på jorda». Den fokuserer på forkynning, samfunnssyn, rolla som folkekyrkje og som kulturarena, berekraft, inkludering, samhandling med andre – og kyrkja som inkluderande arbeidsplass og frivilligarena.

Biskop Midttømme framheva at kyrkja i Møre, medrekna Surnadal, gjer mykje bra og har betre oppslutning enn mange andre område i landet.

Som tilsett og rådsmedlem fekk eg vera med på mykje interessant denne visitasveka. Når eg som privatperson skriv dette referatet, er det for både å peike på aktiviteter som fortener meir merksemd enn dei har og for å etterlyse moment som burde vore meir framme når så mykje tid og krefter blir bruka på å beskrive vår lokale kyrkjekvardag.

Høgdepunktet «Amigos»

Eit definitivt høgdepunkt er barnearbeidet, som formelt IKKJE er eit kyrkjetiltak, Normisjons «Amigos»-gruppe som Bodil Kvam Aasbø driv i Bøfjorden, også med born frå Halsa og Surnadal. Songen og samhandlinga, den levande bibeltimen og dei andektige refleksjonane som denne dyktige pedagogen og musikaren formidla torsdag, er eit eksempel andre bør lære av. Den gripande avslutninga da borna og leiaren lyste velsigninga over prest, ordførar og biskop med song og lystenning, sit i minnet hos alle som var der. – Det har eg aldri opplevd før, sa biskop Ingeborg. Og ordførar Margrethe framheva dette i takketalen etter gudstenesta søndag.

Levande: Bodil Kvam Aasbø med fascinerande andakt om Elia og Baal-prestane under Amigos-kvelden på Betania i Bøfjorden
Gripande: Amigos tenner lys og syng velsigninga over ordførar, biskop og prest.

Evaluering?

Travle visitasdagar gir ikkje nok tid til alle tema. Evaluering av gudsteenster og andre konkrete aktiviteter vart etterlyst, men fekk ikkje svar. Spelar organisten for sakte? Er preika tilpassa forsamlinga? Får interesserte sleppe til? Er trusopplæringa godt nok tilpassa målgruppa?

Eit forsømt tema er verdsetting av sokneråda sitt juridiske mandat som demokratisk valde leiarar i soknet. Her er for eksempel gjort mykje grundig planarbeid som ikkje leiarane følgjer opp.

Fengande: Kaffe, graut og bakels frå Buakokkå Mayse etter fengande orientering om Merkur-program og nærbutikk på Bølandet

Verdset vi dugnad?

Frivilligarbeid var generelt framheva og hadde sin eigen temakveld. Trass i mange gode eksempel på organisert dugnadsarbeid var mykje innsats oversett her.

Som ferskt eksempel på det siste tillet eg meg å nemne dei to kora som hadde ei leiande musikalsk rolle i heile den avsluttande visitasgudstenesta. Årleg gjer desse songarane samla ein dugnadsinnsats på bortimot 3000 timar – for kyrkja sjølv og den kulturarven som strategiplanen framhevar. Likevel var det dei andre med «roller» i gudstenesta som vart inviterte til fotografering etterpå.

Korsong: Prosjekt 17 og Credo gjorde stor innsats under gudstenesta i Stangvik. Kora representerer kanskje største frivillig-korpset i lokalkyrkja

«Kom heim att»

Under avslutningsgudstenesta i Stangvik preika biskopen over Jesu likning om «Sonen som kom heim att». Ho poengterte på oppbyggeleg vis forskjellen på denne overskrifta og det som same forteljinga tidlegare var kalla: «Den bortkomne sonen» - eller enda tidlegare: «Den fortapte sonen». Han gjekk jo ikkje fortapt, fordi faren tok imot han att! sa biskop Ingeborg Midttømme.

Bispevisitas er eit gyllent høve til å løfte fram kyrkja sin bodskap, verdiar og oppdrag. Lat oss håpe det sit att mykje inspirasjon etter denne travle kyrkjeveka i Surnadal!

Biskopen preika om «Sonen om kom heim
Kos: Biskop Ingeborg og Inger Lise Heggem etter velsmakande bacalao-middag på Kveldheim
Powered by Labrador CMS