Bondeopprøret 2021:

Leif Roar Bævre (bak f.v.), Jan Henrik Moen, Eirik Fiske, Håvard Halset, Oddvar Mikkelsen (foran f.v.) og OIav Mauset var blant bøndene som møtte opp under dagens markering av støtte til Bondeopprøret 2021.

Markerte misnøye: – Frykteleg misfornøgde med tilbodet frå staten

I overkant av 20 lokale bønder møtte opp då Surnadal Bondelag markerte støtte til Bondeopprøret 2021. Også ordførar Margrethe Svinvik (Sp) og varaordførar Hugo Pedersen (Sp) var til stades under markeringa.

Leiar Jan Henrik Moen i Surnadal Bondelag var klar og tydeleg om viktigheita av markeringa utanfor Extra på Skei tysdag:

– Vi er frykteleg misfornøgde med tilbodet frå staten. Det er ein hån, rett og slett. Det gjev ingen framtidsutsikter. Det er heller ingen ekstra investeringsmidler til små og mellomstore mjølkebruk, så vi kjem til å miste mange.

Bakgrunnen for opprøret er at bøndene sitt krav om 2,1 milliardar meir i inntekt og 450 millionar i årlege investeringsmidlar til små og mellomstore mjølkebruk vart møtt med eit tilbod på 962 millionar i lønsauke og 0 i investeringsmidlar.

– Det lyt meir pengar på bordet, som gjev betre føresetnader. Kostnadane har stege mykje meir enn inntektene har auka, og den meirkostnaden har vi ikkje moglegheit til å hente inn, seier Moen, og legg til:

– Ein sit att med mindre og mindre av kaka, men det er likevel primærnæringa som må ta alle dei auka kostnadane. Ein kjem til eit punkt der det ikkje hjelper å springe fortare, og dit held vi på å komme no. Det kjem eit punkt der det ikkje går an å effektivisere meir.

Han tykkjer det er vanskeleg å spå kva som kjem til å skje i saka i tida framover, men ein ting er sikkert:

– Det er ikkje låg straumpris og låge renter som skal få til inntektsauke for bøndene, slik det kan verke som staten no tenker. Dette handlar ikkje om at vi skal krevje så høg løn, men om at det skal vere mogleg å få det til å gå rundt.

Jan Henrik Moen, leiar i Surnadal Bondelag.

– Berre startskotet

Nestleiar Eirik Fiske støttar Moen.

– Regjeringa har komme med eit tilbod dei håpa det skulle bli forhandlingar rundt, men tilbodet var såpass langt unna det vi hadde håpa på, at det ein kunne fått ut av å forhandle ikkje ville vore nok likevel.

Han er klar på at sjølv om staten hadde innfridd kravet til bøndene, hadde det berre signalisert starten på ei heilt nødvendig lønsauke innan landbruket.

Nestleiar i Surnadal Bondelag, Eirik Fiske, i samtale med varaordførar Hugo Pedersen og gardbrukar Ola Mogstad.

– Det var eit håp om at kravet ein sette, skulle verte startskotet for å få opp løna til bonden. Og her er startskotet eit nøkkelord, for sjølv om ein hadde fått innfridd kravet i år hadde ein ikkje vore ferdig med å auke løna til bøndene, seier han, og legg til:

– Hadde kravet vorte innfridd hadde det vore ein indikasjon på at det går an å satse på det utan at ein blir mykje fattigare av det.

Fiske fortel at det som er spesielt akkurat no, og som har ført til det pågåande opprøret, er at det rammar gardsbruk av alle storleikar.

– Enkelte har måtta investere mykje for å bygge opp, og satsa på at det er det som skal til for å overleve. I tillegg har ein dei som ikkje har gjort det, og som tener greitt no. Dei står overfor eit ekstremt investeringsbehov, og kanskje utan moglegheiter for å bygge seg opp så mykje som trengs for å få det til å gå rundt, seier han, og får støtte av Jan Henrik Moen:

– Ja, sjølv om ein del tener greitt no, vil mange vere sjanselause på å innfri kravet om å legge om til lausdriftsfjøs innan 2034. Kostnadsnivået er ein heilt annan plass enn inntektsnivået. Mange av dei som har bygd ut no, har teke inn investeringskostnaden på volumauke. Ein kan ikkje halde på med det i all framtid heller.

Fekk støtte frå ordføraren

Ordførar Margrethe Svinvik og varaordførar Hugo Pedersen besøkte markeringa, og Svinvik var klar på at ho støttar Bondeopprøret 2021.

– Eg trur dette bodskapet går inn åt alle, og eg opplever eit stort engasjement frå alle hald. Tek ein utgangspunkt i ein tanke om beredskap - at ein skal produsere sin eigen mat i staden for å kjøpe frå alle andre - så må nokon gjere arbeidet. Då må ein leggje til rette for at det er leveleg, og det er det som er problemet her, seier ho, og fortsett:

– Det vert vanskelegare og vanskelegare å drive med overskot, og bruka vert større og større, kanskje utan at det viser seg at det løner seg. Det gjer at det igjen og blir verre med rekrutteringa, så dette er absolutt noko å kjempe for.

Svinvik fortel at ho skulle ønske det ikkje var behov for slike aksjonar.

– Det burde vore unødvendig, for det tappar ressursar frå dei som må stå i det, og det er ikkje berre heiarop å få. Men slik er det, dessverre, seier ho.

Ordførar Margrethe Svinvik viste støtte til bøndene, her ved Jan Henrik Moen og Lars Bæverfjord jr.

Fortvila Holte

Øyvind Holte var blant dei frammøtte bøndene på markeringa. Han tykkjer det er heilt på sin plass med eit bondeopprør, og skulle gjerne sett at endå fleire møtte fram.

– Det er kjempebra med ei slik markering, for strikken held på å ryke. Eg er heilt fortvila over at inntektene har stått i ro i så mange år, medan innsatsen til bøndene stig og stig. Det høyrer ikkje heime nokon plass, seier han, og fortsett:

– Både innan landbruk og skogbruk er det slik at førsteleddet ikkje får god nok betaling for produkta sine. Det er ein stor hån, når ein arbeider døgnet rundt. Det er slik at ein skal springe fortare og fortare, og bygge nye fjøs. Ein jobbar kanskje 20 år, heile døgnet, for så å finne ut at ein framleis har like stor gjeld. Då er det noko riv ruskande gale med det vi held på med.

Han etterlyser politisk vilje til å få til ei kraftig endring, men fryktar at det no er komme så langt at det er vanskeleg å rette opp i alt som har skjedd.

Øyvind Holte, med Harald Krangnes i bakgrunnen.

Også Lars Polden sr., som er 1. vara til styret i Surnadal Bondelag, var på plass på Skei tysdag.

– Vi må markere, for tilbudet er for dårleg. Staten skryt av at dei gjev bøndene 4,5 prosent auke, men når det er av langt under halvparten av det andre får 3 prosent auke av, bidreg det berre til at gapet aukar endå meir. Det er ingen som lever av prosent, seier han.

Polden meiner heile modellen, som ligg i botnen for bøndene si inntekt, er feil.

– Det blir for mange timar nedlagt samanlikna med dei andre. Det å jobbe så mykje meir går godt ei stund, men ikkje evig - i alle fall ikkje når ein likevel ikkje klarar å få det til å gå rundt, seier han, og legg til:

– I tillegg kan ein ikkje føre leie eller kjøp av kvotar som utgift, det er berre ein verdi som aukar. Og den får ein ikkje realisert før ein eventuelt går andre vegen og sluttar som bonde. Så modellen i seg sjølv blir feil.

Om lag 20 bønder tok turen til Skei for å delta i markeringa tysdag.

– Bør kunne vente å sitte att med det same som anna folk

Oddvar Mikkelsen meiner at tilbodet frå staten ikkje heng saman med det bøndene tidlegare har fått signal og lovnad om.

– Då kravet til lausdrift på ku vart innført, var det sagt at det måtte komme ein investeringspakke for ombygging til lausdrift. Det har ikkje politikarane følgd opp, og desse investeringane er totalt rekna å koste 23 milliardar kroner.

I 2021 er altså tilbodet frå staten på 0, medan bøndene held fast på kravet om ein investeringspakke på 450 millionar i året.

– Sjølv med ein slik pakke reknar vi med at dersom staten brukar ei krone, brukar vi fire-fem av våre eigne pengar for å innfri krava, seier han.

I tilbodet frå staten er det snakk om årsverkinntekt, men Mikkelsen peikar på at dei fleste bøndene jobbar meir enn eit vanleg årsverk.

– Vi bør kunne vente å sitte att med det same som anna folk, når vi jobbar omtrent dobbelt så mykje som anna folk. Mange av oss jobbar halvanna til to årsverk på garden, medan mange andre har full jobb utanom, samtidig som dei arbeider eitt årsverk på garden heime attåt. Likevel går dei berre i null eller minus på det. I tillegg er eit årsverk innan landbruket 95 timar meir enn årsverket til vanlege arbeidstakarar, seier han.

Peder Saltrø (f.v.), Ragna Marie Mauset, Oddvar Mikkelsen og Olav Mauset.

Brutal situasjon for landbruket

Mikkelsen meiner problemet er todelt:

– Det har gått for langt i å stimulere til å drive stort, og det er ikkje mange bønder som har rom for å auke så mykje meir no. Der det går an å effektivisere, er det stort sett effektivisert ferdig – i alle fall langt på veg.

– Samtidig blir det for mange små bruk, som ikkje kan reinvestere i driftsapparat når dei har det omfanget dei har, for det er det ikkje butikk i, slik situasjonen er i dag. Når ein då også sparkar beina under dei som allereie har tilpassa seg, investert og satsa på å drive stort, då er det krise. Og det er det som har gått opp for veldig mange no.

Mikkelsen og bondelagsleiar Jan Henrik Moen meiner landbruket no er i ein brutal situasjon, grunna inntekter som meir eller mindre står stille, og kostnader som galopperer. Dei peikar på at prisane på traktorar har gått kraftig opp dei siste åra og at prisen for eit fjøs har dobla seg på 15 år, samt at avløysartilskottet - som med fullt tilskott held til 35 dagar med hjelp i fjøset - er altfor lågt.

– Ein lyt gjere følgjande: legge til rette for at folk som driv i eldre fjøs og i mindre skala får moglegheit til å investere og tilpasse seg nye krav til lausdrift på ku. Så må det samtidig vere inntekt å leve av etterpå og. Det betyr at det må kome ein auke i inntektsnivået både for store og små bruk. I tillegg må det kome ein investeringspakke for ombygging til lausdrift, seier Mikkelsen, og legg til:

– Det vi gjer med denne aksjonen er ikkje nødvendigvis i håp om å få gjort så mykje med årets oppgjer, men for å vekke politikarane, slik at ein kan få gjennom større endringar neste år. Det gjeld endringar både i heile systemet om korleis løna vår vert rekna ut, og i sjølve lønsnivået.

Oddvar Mikkelsen sitt bodskap er ikkje til å ta feil av.
Powered by Labrador CMS