Satsing på Bølandet:

Butikkansatt og montør i gang med montering av selvbetjeningskasse og overvåkning i butikken.
- Her blir det ein butikk som alle blir tjent med, seier Coopens altmulegmann Geir Hovde (til høgre) og montør Håvard Pedersen.

Hybridbutikken tek form

Publisert

 I vinter gjekk bøfjordingane inn for å modernisere Coop-butikken på Bølandet. Og no er omlegginga til «hybridbutikk» i full gang. 

 - Folk er overberande med litt omkalfatring nokre dagar, seier Geir Hovde idet vi er innom for å kjøpe brød og litt anna. - Vi har flytta disken og omplassert litt, så noko er uvant akkurat no. Men mot slutten av månaden skal moderniseringa vera ferdig. 

Trygg «overvaking» 

Håvard Pedersen og Håvard Kvendset i firmaet Avarn Security strekkjer kablar, monterer kamera og kontaktar i heile butikken. - Trygg «overvaking» er eit viktig moment i omlegginga til delvis sjølbetjening, seier dei to, som har spesialisert seg på slik ombygging. 

 - Digitalisering skjer med mange butikkar for tida, med litt ulike løysingar frå plass til plass, utdjupar Pedersen - som opprinneleg er frå Mosjøen, men har slått seg ned på Eide. 

Digitalt – og bemanna 

At Coop Marked på Bølandet blir «hybridbutikk», inneber i prinsippet høve til sjølbetjening døgnet rundt. Redusert tid med bemanning vil bety innsparte lønnsutgifter og såleis sikre bua si framtid. 

- Kva tidsrom på dei ulike dagane vi vil ha vanleg, manuell ekspedisjon, er enno ikkje avgjort, seier Geir Hovde. - Det er mange omsyn å ta, og vi må legge til rette for at kundane skal få manuell hjelp når det høver best. 

Sjokolade når som helst! 

Gode løysingar for alle er prioritert, forstår vi. - Om du så får lyst på sjokolade i 2-tida om natta, blir du ikkje opprådd! ler Geir. 

Og bak oss tyt det ut kablar frå kanalane som dei to Håvardane frå Avarn monterer rundt krokane i det gamle, kjære samvirkelaget. Om tre-fire veker er bua ferdig digitalisert. 

Powered by Labrador CMS