Stordugnad for bua:

Flere mennesker samla i et rom med kafebord.
Ideane sat laust under måndagens brainstorming på Gammelkontoret (Buakafeen). Frå venstre Inge Dønheim, May Iren (Mayse) Dønheim Hovde, Arnt Kjetil Bøe, Randi Irene Bæverfjord, Gunnhild Vetleseter Bøe, Ingebrigt Garthe, Bernt Bøe og Hallvard Brusethaug. Grethe Husby Settemsdal, Anders Melling, Maria Yoon Garthe og mannen bak kamera, Terje Endresen, var også med.

Planlegg Bøfjordhelg

Modernisering av Coop-butikken opptek bøfjordingane for tida. Bøfjordhelga i juli blir eit ruvande dugnadstiltak for saka.

Publisert

Eit folkemøte gjekk nyleg inn for digitalisering av nærbutikken på Bølandet. Som «hybridbutikk» frå hausten av vil den gi publikum høve til å handle med mobil-app døgnet rundt 365 dagar i året - ved sida av manuell betjening nokre timar på vekedagane.

Vil skaffe 250.000

Omlegginga vil på sikt spare driftsutgifter. Men i startfasen trengst rundt 1 million til ombygging og montering av utstyr. Her reknar ein med stønad frå butikkprogrammet Merkur og frå Surnadal kommune. Dertil må bygda skaffe eigne midlar – anslagsvis 250.000 kroner.

Spleiseopplegg er alt i gang og har nådd gode tal. Men ei bygd som er kjend for si dugnadsånd er alt i sving med å planlegge mange andre tiltak. Måndag samlast ei gruppe for å skissere Bøfjordhelga 2024, som utelukkande skal skaffe midlar til digitalisering av Coop Marked Bøfjord.

Bøfjordhelg midt i juli

Ideen kom frå Arnt Kjetil Bøe. Og responsen frå lag og enkeltpersonar let ikkje vente på seg. Representantane samlast straks til kreativt idemøte på Buakafeen (Gammelkontoret).

Her myldra det av gode idear – delvis i tråd med tidlegare Bøfjordhelger. Arrangementa tek til fredag 12. juli og strekkjer seg til søndag 14. Ikkje alt er enno bestemt, men vi nemner noko aktuelt.

Utstilling av veterankjørety er høgt prioritert og vil bli ein attraksjon. Fotball (med oldboys straffekonk!), quiz, servering fleire stader, utstillingar, kabaret- og musikkinnslag er aktuelt.

Den historiske Naustbakkmuren («Klagemuren») ved samvirkelaget vil bli restaurert – kanskje som arena for historisk tilbakeblikk.

– Når vi no moderniserer butikken som starta for over 70 år sia, er tidsperspektivet ein del av heilskapen, seier avtroppande Mayse Dønheim Hovde. Om ho sjøl trappar ned som butikksjef, er ho den mest energiske av alle for å sikre framtida til butikken.

Fjordcruse med guiding, auksjon, barneprogram, bryggedans, marsj og opptog er andre aktuelle idear – foreløpig på blokka.

På søndagen, 14. juli, er det Blåfjelløp og museumsdag. Og sjølsagt blir lokal butikkhistorie dagens tema på Bøfjorden Sjøbruksmuseum.

I alle fall: Mykje kjem til å skje på årets Bøfjord-helg 12.-14. juli!

Powered by Labrador CMS