Hundreåring vender heim

Båtsbygging har rike tradisjonar i Bøfjorden. Nyleg mottok historielaget ein historisk «bøbåt» til samlinga si.

Publisert

Den hundre år gamle tverrskottingen (på 18 fot) vart bygd av Bernt L. Bøe i Bøgeilen rundt 1920. To slike vart kjøpte av Werring & Co. i Kristiansund og bruka til transport av arbeidsfolk til og frå firmaets fiskeanlegg - mellom anna på Vikaholmen.

Bygde mange klinkabåter

Bernt L. Bøe var ein kjend båtsbyggjar og leverte mange klinkabåtar rundt på Nordmøre. Det var vanlege færingar, spesialbestilte tverrskottingar (som denne), litt større torskegarnsbåtar og motorbåtar. Nordmøre Museum sin «Talgsjøen» representerer eit viktig utviklingstrinn mellom seglbåtar og motoriserte fiskebåtar, som ikkje minst han stod for, seier museets fagfolk.

Som kjent er no klinkabåt-tradisjonen rekna som del av UNESCO sin offisielle verdens-arv. Det kastar glans over arbeidet til våre lokale byggjarar.

Hundreåringen «heimkomen» til Bøgeilen – her bemanna av Bernt G. Bøe (fremst), Einar I. Bøe og Inge Dønheim. Dei er i tur og orden barnebarn, barnebarn og oldebarn av han som bygde båten.
- Båten vart bygd i Svala, som stod på plena i bakgrunnen, seier Inge Døheim (frå venstre), Einar Bøe og Bernt G. Bøe.

«Svala» var verkstedet

Byggelokalet i Bøgeilen var «Svala» - like ved våningshuset. Ved kvart «stabelavløp» nedover bakken mot Båtberget ved sjøen møtte det mykje folk. Mange var tilskuarar, andre hjelpte til med å dra båten og etterflytte lunnane. Slike sjøsettingar var lokale folkefester!

Byggjaren, Bernt L. Bøe.
Biletet frå bygdeboka (1955) viser Bøgeilen med båtverkstedet «Svala» til venstre.

Gåve til historielaget

Siste eigaren, Geir Gjengstø i Kristiansund, har no donert den over hundre år gamle båten til Bøfjorden Historielag. Inge Dønheim, oldebarn av Bernt L. Bøe, henta den heim.

Både han, dei andre i båtsbyggjarslekta og heile det historiske båtmiljøet i Bøfjorden tykkjer det fint å ha hundreåringen tilbake på fødestaden.

Klossen i framstamnen var båtsbyggjar Bernt L. Bøe sin «signatur», heiter det. Og dei solide båtsaumane han klinka, har stått seg godt, som vi ser!
Powered by Labrador CMS