Denne har vore etterspurt, seier Mayse på Coop Marknad Bøfjorden og gler seg til å selje årets «Gamle Nordmør»

«Gamle Nordmør» er her

Publisert

- No er «Gamle Nordmør» på plass! seier Mayse på bua på Bølandet. Folk har spurt, og laurdag kom årboka, rykande fersk.

Det er Bøfjorden Historielag som gir ut «Gamle Nordmør», i år for 11. gong på rad. Tittelen viser at heile Nordmøre er stoffområde og dermed nedslagsfelt. Sjøl om mykje tilfang sjølsagt er frå lagets nærområde, er ikkje boka avgrensa som «årsskrift for Bøfjorden».

Leiar Bernt Bøe i Bøfjorden Historielag har redigert boka og skrive mykje av stoffet.

Innhaldet spenner frå kunst og kyrkjestoff, via naturoppleving og skipshistorie, til lokale bedrifter og småindustri frå nær fortid. Visste du om Åsskard Sementfabrikk ? Enn om produksjon av ski, tresko og klehengarar i Bøverdalen?

Gamle Nordmør markerer at klinkabåt-tradisjonen no er verdensarv hos Unesco. Båten «Talgsjøen», bygd på Bølandet i 1922, er ein verdig representant.

Eitt personportrett viser du Hans (Nyhuså) Bævre, skiløpar med bilfirma og småindustri. 300-årsjubilanten Ole Joensen Kolset var Nordmøres fremste kyrkjekunstnar gjennom tidene.

Stykket «Fjurulangs» er ei kulturguide for båtturistar og røpar opplevingar du neppe visste om. Ragnar Mauset skriv om fiske langs Surna i barndommen. Lars Indreiten inviterer til fjelltur med Håkkåsteinen som mål.

Årboka guidar turen «Fjurulangs» - med mykje ukjent historie for båtturistar.
«Trollgaupa i Kvalnesvika» dukkar opp i artikkelen «Fjurulangs». Randi Bøe finn segna i årboka og deler den med barnebarna Einar (t.v.) og Syver.

«Kongehelsinga på Hjelmen» ein sjeldan godbit. 95-årige Brit Sæterbø fortel her til «Gamle Nordmør» at det var ho og tre andre ungdommar som under krigen skreiv «Håkon 7» med stein på toppen av fjellet – som klar beskjed til okkupasjonsmakta!

Brit Sæterbø (95) var med og laga kongehelsinga på Hjelmen i 1943. Bøfjorden Historielag leverte foto av steinskrifta til Slottet i 2015 og fekk tilbake takkebrevet som Brit viser her.

Årets «Gamle Nordmør» er på 76 sider. Blant dei 250 bileta byr «Det Gamle Album» på gjensyn med mangt – frå skulefoto til sveivegrammofon.

Boka er å få i bokhandelen og på mange nærbutikkar - og hos Bøfjorden Historielag.

Mali Settem med klehengarar som bestefaren Hans Bævre produserte i Bøverdalen.
Dei 76 sidene er spekka med lokalkulturhistorie og har 250 foto.
Powered by Labrador CMS