Museumsopning i Bøfjorden:

Sabben tøffa sin taktfaste velkomst til museumsgjestane. Fiskarveteran Kjell Osen frå Smøla (t.v.) saman med maskinistane Anders Vaagland og Gunnar Strand. I bakgrunnen Rolf Sæther.

Sabben sette stemninga

Godt og regnfullt museumsver, tøffande Sabb-motor og kulturhunger blant publikum var faktorar bak det gode oppmøtet da Bøfjorden Sjøbruksmuseum opna sommarsesongen søndag.

Publisert

Alt ved trappa var fjordkulturen på plass. Museets maskinistar Anders Vaagland og Gunnar Strand sørga for at Sabb-motoren tøffa stødig og stemningsfullt. – Og han gjekk på første draget! sa Gunnar og bekrefta at dette er sjølve klassikaren blant fiskebåtmotorar.

Atmosfære

Publikum sette som vanleg pris på den trivelege og trygge atmosfæren og gav uttrykk for at dei har sakna museet, som også i år kjører redusert program på grunn av koronapandemien.

No fekk bygdefolket møte feriegjestar og andre langvegsfarande over kaffekoppen, til samtale og til oppleving av kulturhistorie «Fjurulangs i Bøfjorden», som var tema for dagens biletkåseri.

Segner og sanning langs fjorden

Med kåseret slo leiar i historielaget, Bernt Bøe, eit slag for ukjente kulturattraksjonar langs sjøsida frå Halsa til Surnadalsneset. Vel kunne han ikkje bevise at holmgangen «á oyna Soksu» i soga om Gisle Sursson verkeleg skjedde på Saksen. Heller ikkje at segnene om trollgaupa i Kvalnesvika, «ronkjerringa» i Sjølgjetla, om Jutulsteinen og om svartebokkunstnaren Erk Lånn’ er hundre prosent pålitelege.

Men sanne og dramatiske hendingar har det uansett vore rikeleg av på denne fjordstrekninga. Bjørnedrap, tragiske forlis og kollseglingar dannar mørke sider i historieboka. På andre sider stig tekniske geni og kunstnarar på europanivå opp frå dei små strandstuene langs fjorden. Vel var ikkje alle på topp nivå: Om ein av strandbuene, som og var kyrkjesongar, heiter det at folk gjekk ut av kyrkja når han stemte i!

Namn og opphav

Mange i salen fekk gjensyn med eigne slektningar på lerretet. Terrengnamna rulla fram – mange med interessant opphav. Og plansjen med dusinvis av tradisjonsrike fiskeméd skapte nysgjerrighet hos båtfolk som gjerne vil prøve dei!

Elles veks samlinga på Bøfjorden Sjøbruksmuseum stadig. Denne dagen vart rattet frå frakteskuta «Besse» innlemma i det gode selskap. Det er ei gåve frå etterkomarane av skipperen, Arne L. Bøe.

Neste søndag har museet planer om å opne ei anna skattkiste – med persongalleri, verksemd og hendingar knytt til garden Settem.

Gunnhild Vetleseter Bøe og dei andre i styret var dagens blide og påpasselege vertskap.
Desse fire rundt bordet er nærmast stamgjestar på museet: Ole Flessen (frå venstre), Øyvind Magnor Bøe, Peder Sæther og Bjørn Kvalnesvik. I bakgrunnen sørgjer nestleiar Tore Sannes for registrering av alle frammøtte.
Oddmund Gravvold, Martha Gravvold og Kari Sollid Heitmann er blant dei mange som jamnt møter opp på temadagane.
Museet byr på salg av lokal litteratur. Her blar Oddmund Gravvold og Steinar Sæterøy i husflidsboka «Nordmørssøm».
Kjell og Alma Osen frå Smøla samtalar med modellskutebyggjar Gunnar Strand om fiske og kjende fiskebåtar.
Powered by Labrador CMS