Modell av «Aurora»:

Som leiar i Bøfjorden Historielag ønskjer Bernt Bøe å takke for den flotte tilveksten til skutemiljøet på museet.

Minne om legendarisk skute

Blant nye gåver til Bøfjorden Sjøbruksmuseum inntek modellen av galeas «Aurora» ein heidersplass. Historielaget vil takke gjevarane med nokre ord om den legendariske, opprinnelege, skuta.

Publisert

«Aurora» - namnet betyr «morgenrøden» - vart bygd i Hardanger i 1875. Rundt 1900 står Nicolai Volckmar i Kristiansund som eigar. Båten gjekk både da og dei neste tretti åra i den såkalla «slofarten» - med skrei frå Nord-Norge til kleppfiskberga på Nordmøre.

Galeas «Aurora» i storhetstida for hundre år sia.

Eit partsrederi på Hamnes kjøpte skuta i 1924. Svein Hamnes var skipper, og blant mannskapet var bestmann Peder Aarnes og matros Nils Snekvik (Geilen).

Næss-rederiet i Torvika

Med familien Næss i Torvika som eigarar fekk «Aurora» ein moderne karriere – som frakteskøyte med motor. Skipper var Sten Næss. Dei gjekk da mykje med slippers frå Nordmøre til Hommelvika.

Som kyrkjeskute til fredsgudstenesta i Stangvik våren 1945. Framfor casinga står fire skuteveteranar – frå venstre Peder Aarnes (trur vi), Svein Hamnes, Kristian Aarnes og Halvor Næss.

Denne flotte skuta var sjøens stolthet i området vårt. Og det var nok inga tilfeldighet at nettopp «Aurora» var «kyrkjebåten» til første fredsgudstenesta i Stangvika våren 1945.

Lensvika

I 1956 vart ho selt til Harald Melland i Lensvika. Han dreiv i mange år også fraktefart langs kysten. På 1970-talet gjekk han i land, og «Aurora» låg ei tid for anker på Lensvikbukta.

Siste Aurora-skipper Harald Melland bygde «styrehus» på bustaden sin i Lensvika – her med Aurora-modell og namnebrett.

Men som mange skipperar gjennom tidene hadde Melland eit hjerteforhold til skuta si: Han bygde-på våningshuset og innreidde eit rom som «styrehus»! Ved vinduet plasserte han rattet og kompasshuset frå «Aurora». Namnebrettet kom opp, og på veggen plasserte han ein modell av skuta – laga av surnadalingen Sverre Sjøflot!

… og kursen er sett med kompasshus og ratt frå «Aurora»!

Sverre Sjøflot laga meisterlege modellar

I dag finst det minst tre slike Sjøflot--modellar av «Aurora» - ein hos Halvor Næss i Surnadal, ein altså hos Melland-slekta i Lensvika og no ein på Bøfjorden Sjøbruksmuseum – som gåve frå etterkomarar av skipper Sten Næss. Skipskunnskapen og handlaget som Sverre Sjøflot (1921-2005) la for dagen med sine nesten 50 klassiske skipsmodellar, gjer desse til verdige minnesmerke over ei legendarisk skute!

Vemodig sorti

Det triste avskjeden nemner vi berre kort. Frå Lensvika gjekk siste reis til Hamburg. Der satsa entusiastar lenge store midlar på å restaurere «Aurora» – slik det er gjort med «Svanhild», «Dyrafjeld» og andre klassiske seglskuter.

I intervju med avisa «Die Zeit» i 1986 lova primus motor Michael Kuhne at ho neste år – med plass for 24 - skulle segle på Østersjøen og kanskje til dei norske fjordane, der ho hadde levd hundre år tidlegare.

Men trass i fleire hundre tusen innsamla tyske mark laut dei gje opp prosjektet. Skuta forfall, og få år seinare sokk «Aurora» ned attmed Hamburg. Det som måtte vera att av det ein gong så prektige skroget, er for evig gravlagt under Elben.

Da er det dess meir verdifullt å ha vakre og spennande minne om ei flott skute med sjøsprøyt for baugen!

Powered by Labrador CMS