Fire generasjonar etterkomarar samla ved museet. Den fjerde frå venstre er dottera Hildur.

Samling om ein altmulegmann

Publisert

Den uvanleg frodige livshistoria om gründeren og altmulegmannen Hans Bævre (1903-1991) samla fullt hus på museet i Bøfjorden søndag.

Familien, med barnebarnet Mali Settem i spissen, bidrog med levande informasjon og foto som Bøfjorden Historielag formidla i form av biletkåseri. Folk i salen, ikkje minst Mali og søskenbarnet Hans (jr), kom med innspel undervegs. Framsyning av produkt og utstyr frå heimefabrikken i Bøverdalen tok livshistoria til så å seie inn i salen.

Stor familie

Hans var gift med Mali (Gravvold). Saman fekk dei fem sønner og tre døtrer. Den yngste, Hildur, deltok forresten søndag. Også barnebarn, oldebarn og endatil eit tippoldebarn møtte opp! (Hans sjølv var einebarn, men han og Mali vart foreldre til 8 og besteforeldre til 30. I dag tel lista også 75 oldebarn og hittil 46 tippoldebarn!)

Familien Bævre rundt 1950: Bak frå venstre Gunvor, Sivert, Peder og Johanne. Framme: Hans, Ingar, Mali, Hildur, Helge og Magnar.

Idrettsmann og fabrikkgründer

Hans var i yngre år ein habil skiløpar, som endatil viste meir kjende rindalingar ryggen. Heime i Nyhusa starta han «H. Bævre Skifabrik» - med produkt som fekk diplom på den store «Varemessen» i Kristiansund 1934. Ei Bævre-hoppski av hickory vart framsynt på museet.

Kristian Settem med hoppski.
Kristian Settem, iført limforkle frå fabrikken, viser hoppski frå «H. Bævre Skifabrik».

Klehengarar og tresolar

Verkstedet heime i Nyhusan laga også klehengarar og skosolar i tre. Desse produkta vart distribuerte via store firma. Kaninavl, pelsdyrhald og skjering av tønneband i yngre år var oppstart hos faren Peder, som saman med mor Gunnhild bygde og dyrka opp heimen først på 1900-talet.

Kleshengere
To typar klehengarar frå Nyhusan.
Skosole i tre.
Tresole – halvfabrikat som fabrikken leverte til skofabrikkar, der læret vart festa i den utfresa falsen.

«Hans Bævre og Sønner»

Alt på 1920-talet skaffa Hans Bævre sine første lastebilar. Dette vart omsider firmaet «Hans Bævre og Sønner» - med på det meste 6-7 lastebilar. Sønnene Peder, Sivert, Helge og Magnar og eldstedottera Gunvor vart sjåførar med alle slags transport i inn- og utland. (Rundt 1950 må Gunvor har vore ei av dei få kvinnene i landet med sertifikat for både lastebil og buss!)

Fullsatt sal på Bøfjorden sjøbruksmuseum
Full sal under biletkåseriet.

- Får til alt!

Med teft som ingeniør var Hans sjølhjelpt på alle vis. Han konstruerte fabrikkmaskinene til både ski-, klehengar- og tresoleproduksjon. Ein diesemotor dreiv reimer til tre maskiner samtidig.

Bilane reparerte han og bygde om etter behov. Lastebilen Opel Blitz 1938 var tidvis også buss – med avtakbart passasjerhus på lasteplanet!

Sønner (og døtre!) fekk også lære det dei trong for å fylle sine roller i familiebedrifta. Og som dei sa i Bøverdalen: - Ein Nyhus-kar får til alt!

Av utstyr og produkt frå multifabrikken i Bøverdalen fekk publikum ta i augesyn mellom anna klehengarpresser, ulike stempel, tresolar (størrelse 41!) og ei hoppski – endatil av hickory.

Siste del av biletkavalkaden var albumblad med både familien Bævre og samlingar i bygda. Også her med interessante kommentarar frå salen – der Tor Holten var av dei som best kjente att gamle sambygdingar.

Og bøfjordingane hørte til si store undring at bøverdalingen Hans i stor stil også dreiv seifiske ute i fjordane – og endatil drog til Kristiansund som fiskeseljar ...

Jau – dette handla absolutt om ein altmulegmann!

Powered by Labrador CMS