ANNONSE:

Den hundre år gamle «Vikanbåten» kom i sommar heim til fødestaden Bøgeilen og vart vel motteken av etterkomarar av byggmeister Bernt L. Bøe. Frå venstre Bernt G. Bøe (sønnesønn), Einar I. Bøe (sønnesønn) og Inge Dønheim (oldesønn).

Klinkabåten på kulturminnedagen

I fjor innlemma Unesco byggeteknikken «klinkabåt» på lista over verdensarven. Det set lokale båtsbyggjartradisjonar i eit ærefullt lys.

Publisert

Under laurdagens skipsbyggemesse i Skålvikfjorden vil Bøfjorden Historielag difor stille ut to verdige representantar for denne verdensarven: «Fosnabåten» (Heggemsbåten) – ein geitbåt bygd av Ole Andersen Reiten (Ola Sakså) i 1870-åra og «Vikanbåten» - ein tverrskotting bygd av Bernt L. Bøe i Bøgeilen rundt 1920. Desse blir å sjå ved Vaagland Båtbyggeri.

«Fosnabåten» på Heggem – eit verk av Ole A. Reiten (Ola Sakså) på 1870-talet

Ola Sakså og «Fosnabåten»

Ole Andersen Reiten bygde tusen geitbåtar (blant dei «Fosnabåten») og fekk Kongens medalje.

Ola Sakså (1847-1934) frå Halsa var legendarisk. Han kunne byggje ein geitbåt på ti dagar og skal ha laga rundt tusen slike, er det sagt. I 1931 fekk han Kongens Fortenestmedalje.

«Fosnabåten» kom frå Åsgard til Heggem i Bøfjorden i 1879 og var bruka til byturar (Fosna-reiser), utrorsfiske og som kyrkjebåt. Eigar i dag er Åsmund Tømmervåg, som har leigd ut båten til Bøfjorden Historielag.

Bernt Geilå og «Talgsjøen»

Bernt L. Bøe (1880-1956) i Bøgeilen var ein pioner i utviklinga av klinkabåten – frå typen torskegarnsbåt til motordriven fiskebåt. Han var også import-agent for båtmotar, særleg den amerikanske Perfection («Perfekt») først på 1900-talet.

Bøe bygde i 1922 motorbåten «Talgsjøen», som Nordmøre Museum overtok i 1980-åra. Museet framhevar verdien denne har, som «en stemme frå seilfartøyenes siste og motorfartøyenes første generasjon – i en og samme båt»

Bernt L. Bøe førte an i utviklinga – m.a. med «Talgsjøen» i 1922

«Vikanbåten»

I sommar mottok Bøfjorden Historielag som gåve frå Geir Gjengstø i Kristianund ein særprega tverrskotting som Bøe bygde for hundre år sia på verkstedet sitt i Bøgeilen. Den var spesiallaga for transport av arbeidsfolk frå byen til bl.a. Vikaholmen. Denne «Vikanbåten» blir også utstilt på kulturminnedagen.

Arne A. Bøe (Arne Nessa) bygde mellom 600 og 700 klinkabåtar.

Mange å minnast med ære

Verdensarvens klinkbygging har prega fjordbygdene våre i tusen år. Av dei dyktige båtsbyggjarane har somme, som Ola Sakså, hatt ein enorm produksjon.

I nærare tid er det verdt å nemne Arne A. Bøe på Bølandet. Frå starten ungdomsåra på 1920-talet og til hans siste farty gjekk av stabelen over 60 år seinare var han meister for mellom 600 og 700 båtar – alt frå små joller til større motorbåtar.

På kulturdagen 2022 har vi mange å minnast for deira bidrag til FN-Unesco sin verdens-arv!

Powered by Labrador CMS