En mann spiller gitar og synger i en mikrofon.
Per Aarsund gledde mange på museet i Bøfjorden søndag.

Per Aarsund gledde publikum: «Ikkje tvil»

Publisert

Visetrubaduren Per Aarsund skapte ein varm og velklingande time på Bøfjorden Sjøbruksmuseum søndag.

Gjennom eit stort dusin sjølvlaga tekster og melodiar formidla snikkaren frå Årsundøya, med gitar og munnspel, poetiske skildringar av nordmørsk særpreg, bygdeprofilar og menneskeleg engasjement.

Artisten har ein lun, varm og fleksibel stemme – kanskje aller best i relativt lyst leie. Både tonar og tekst er av eige fabrikat, kvar song smakfullt fletta saman til ein heilskap. Og alt vart framført utanåt!

Nyansert musikalsk uttrykk

Sjøl om uttrykket ikkje spenner vidt, er dei dialektbaserte tekstene musikalsk nyanserte, som i kontrastane mellom dåpssongen «Luca, lille mann» (til barnebarnet), den litt meir rocka «Rett ut i sola» og «Toms villblomster» - ein hyllest til Tom Petty, inspirert av legendens «Wild Flowers».

I det heile serverte den musikalske straumsnesingen mange gode, til dels gripande, songar i løpet av konsertens 14 nummer.

Sosialt engasjement

Ei verdifull påminning og oppmuntring til mange er visa som gav tittel til dette referatet: «Ikkje tvil, mens vintern rår, på at det igjen bli vår!» Livet byr på gleder og sorg, seier forfattaren, det finst «så mang slags blomster i ei korg». Fleire blant publikum sa etterpå at budskapet om ikkje å tvile, men «finne seg sjøl igjen», gjekk til hjertet!

Med sterkt sosialt engasjement har Per Aarsund ofte hatt konsertar for gode formål - som Røde Kors, flyktningesaka og Kreftforeininga. På Bøfjorden Sjøbruksmuseum bad han arrangøren sende skyssgodtgjersla til kreftsaka. Og han delte ut gratis CD’ar der frivillig betaling gjekk til same formål!

Medmenneskeleg omtanke pregar også visa «Natt ved bålet» - ei gripande skildring av heimlause på flukt.

Lokale portrett

Som hand i hanske passa lokalinspirerte tekster inn i historielagets søndagsprogram. Per tegna fine portrett av båtbyggjaren Håkon Aanes og av gammelonkelen sin, den folkekjære «dokteren vår», Johan Øvrevik – ein profil som mange i salen hugsa godt. Rart i dagens helsepolitiske debatt å tenkje på alle liv Øvrevik berga, via skiløype til Bøverdalen og blindtarm-operasjonar på kjøkenbordet!

Jakta «Johanna», sloseglar bygd i 1892 av Per sin oldefar på Tustna, fekk ei vise med sjøskvett og vind i segla. Hyggeleg å høre at ho no er under restaurering. Og med solid fagkunnskap kunne snikkaren og viseartisten forklare publikum kva det innebar at «Johanna» ei tid var «kjølsprengt»!

Vi nemner også «Du Nordmøre», «Tretten Bru», «Ei natt e forbi», «Karusell», «Spell oss ein song» og «God natt til Mikael».

«Ikkje tvil»: Denne timen var ein oppløftande nytelse frå første til siste akkord!

En mann holder gitar og en dame ved siden av holder to krus.
Idealisten gav skysspengane og CD-plater til Kreftsaka, men måtte ta imot eit par Skrøyfa-krus som symbolsk takk – her overrekt av dagens vert, Kirsten Baadnæs Bøe!
Powered by Labrador CMS