ANNONSE:

Forsamlinghuset i Stangvik er eit staseleg bygg. I år er det 100 år gamalt.

Historisk vandring i Stangvik i pinsa

Tre hus i Stangvik er teikna av dei kjente arkitektane Berner & Berner. Eitt av dei, Bondehuset, fyller 100 år. Måndag blir det historisk vandring til alle tre: frå Bondehuset via Jaren til gullgravarhuset Rønnan.

I tillegg til vandringa er det to utstillingar i Bondehuset: måleri av bygdas eigen Dorothea Follestad i Bondehuset galleri, og historisk utstilling i Storsalen.

Sjølve vandringa startar klokka 11 måndag, 2. pinsedag. Tre lokale vertar deler på kunnskapane sine undervegs: Terje Ramsøy-Halle, Marit Haugen og Torbjørn Brøske. Alle tre kjenner bygda og historia svært godt.

Framme ved Rønnan blir deltakarane tatt imot av Anders Askelund og Brit Dyrnes. Svein Sæter fortel om korleis «Gullkongen» Fredrik Bruseth vart styrtrik i Klondike. Med pengar frå gullfunnet bygde han Rønnan, og finansierte Bondehuset og mykje anna i gamle Stangvik kommune.

Ute i hagen på Rønnan blir det sal av fiskeburgerar. Det blir også høve til å få ei omvising i huset. Hundreårsjubileet til Bondehuset vil bli markert med fleire arrangement utover året. Det er også planar om ei større restaurering av det prektige forsamlingshuset, som er ått av Stangvik grendalag. Sistnemnte er arrangør måndag, i samarbeid med Stangvik historielag og Villa Rønnan.

Det er oppretta ein konto for frivillige bidrag til Bondehuset 100 år: 4040.60.57838. Vipps: 689319.

Hovudsponsor for Bondehuset 100 år er Sparebank 1 Nordmøre. Eit eventuelt overskot vil gå til restaureringa av huset.

Juletrefest i Bondehuset. Ukjent årstal.
Bandet Bøgdagutan.
Dugnad i Bondehuset for å innrede butikk 1987.
Dugnad maling og skifting av vindu.
Powered by Labrador CMS