ANNONSE:
Kurs i Nordmørspols i Todalstradisjon og gamaldans i Todalen ungdomshus
I haust arrangerte Skulstuå i Todalen kurs i Nordmørspols i Todalstradisjon og 40 nye danseglade polsdansarar frå Kautokeino i nord til Peru i sør fekk lære den vakre dansen! Rune Hanem med fylje kjem igjen frå Meisingset til Todalen for å halde kurs i polsen, og no utvida med gamaldans attåt.
Rune Hanem fekk sjølv fekk lære dansen av polsdansarar frå Todala for mange år sidan. «Den har så mange gamle vendingar som ikkje finst lengre i nokon dans i landet», fortel Rune som ynskjer at nye generasjonar skal få lære mellom anna denne polsen. Han har sama med Silje Ones har vunne fleire gull under landskappleikar, med polsdans frå Nordmøre i Todalstradisjon!
Kurset passar for folk i alle aldrar og nivå, både for dei med «nedarva polsfot» og for dei som ikkje har danseerfaring frå før. Vi startar alt opp i påska, så velkomne til første svingom i Todalen ungdomshus tysdag 31.mars!
Påmelding: tlf/sms til 48 000 144
Pris: Kr 50 pr kveld, vipps til 590 343
Stad: Todalen ungdomshus
Tid:
Tysdag 31. mars kl. 19.00 – 21.00
Måndag 13. april kl. 19.00 – 21.00
Tysdag 28. april kl. 19.00 – 21.00
Utstyr: Ta med det dansesko eller dans på sokkelestane
Mat: Det blir sal av god og heimlaga mat
Skulstuå i Todalen ynskjer alle hjarteleg velkomne til dansekurset!