ANNONSE:

Leiar Eva Jorid Svendsen i Åsskard sokneråd inviterer til kyrkjegardsdugnad kombinert med lovpålagt soknemøte måndag.
Leiar Eva Jorid Svendsen i Åsskard sokneråd inviterer til kyrkjegardsdugnad kombinert med lovpålagt soknemøte måndag.

Vårdugnad og soknemøte

Åsskard sokneråd inviterer til rakardugnad med litt attåt måndag 10. mai. Kyrkjeområdet skal ryddast til nasjonaldagen. I eit kort soknemøte blir årsrapport og skisse til fornying av liturgien framlagt.

– Folk bestemmer sjølv når på dagen dei vil ta si økt på kyrkjegardane, seier soknerådsleiar Eva Jorid Svendsen. – Kvar tek med seg høveleg reiskap til dette.

I 18-tida blir det eit lite soknemøte. Attåt årsmelding og rekneskap for fjoråret skal ein da, med pålegg frå øvste hald, vurdere endringar i liturgien for hovudgudstenesta.

– Ei gruppe frå kyrkjelydane i Stangvik, Todalen og Åsskard har kome til at ein stort sett vil halde fast på den noverande liturgien, som vi vedtok i 2012, seier sekretær for arbeidsgruppa, Bernt Bøe.

Det aller meste frå 2012-ordninga er foreslått vidareført. Ein grunntanke i forslaget er at folk skal kjenne seg att og ikkje bli usikre når dei deltek i gudstenesta. Mellom anna er det foreslått at ein framleis brukar den tradisjonelle ordlyden i «Fader vår», mesteparten av det innarbeidde melodistoffet og dei liturgiske grunntrekka elles.

Blant dei mindre endringane som gruppa foreslår, er ordlyden i syndsvedkjenninga og bruk av «Dagens bøn» i kvar gudsteneste.

Etter at årsmøtet har hatt høve til å uttale seg, går framlegget via soknerådet til endeleg godkjenning på bispedømeplan.

Andre årsmøtesaker kan meldast til soknerådsleiar Eva Jorid Svendsen før helga.

Til rakardugnaden kan ein altså møte når ein vil. Av korona-omsyn blir det ikkje kaffeservering, noko ein helst ville hatt. Difor er det opp til kvar enkelt å ta med mat og drikke til denne årlege våronna ved kyrkja.