Koret Prosjekt 17 syng påskemusikk av bl.a. Elgar, Mendelssohn og Wennerberg.

Førpåske-kveld i Stangvik

Med ei stor høgtid for døra inviterer sokneråd, kor, musikarar, prest og lesarar til påskevandring med tonar og ord i Stangvik kyrkje onsdag.

Publisert

Koret Prosjekt 17 legg øvinga si hit denne kvelden. Fiolinist Synnøve Hammervold kjem med unge og vaksne elevar. Turid Røen Kroknes syng solo. Torbjørn Brøske er kveldens prest og predikant. Bernt Bøe leier musikken. Og mange er delaktige i sceniske tablå med bakgrunn i bibel og salmebok.

Strykargruppa under øving i Stangvik-kyrkja nyleg. Leiar Synnøve Hammervold lengst til venstre.
Soknerådsleiar Rannveig Brøske (t.v.), vikarorganist Bernt Bøe og tekstlesar Berit Anne Røkkum har samarbeidd om opplegget for påskevandringa.
Torbjørn Brøske er sentral tekstlesar og held kveldens andakt

Den tekst-musikalske tråden går frå Maria bodskaps dag til påskemorgon. Sentralt står dei klassiske «Jesu Sju Ord på Korset» - framført som veksellesing rundt korset.

Alle kan delta i salmesongen i lag med kor og instrument. Klassisk musikk av Elgar, Mendelssohn, Wennerberg og Handel gir klangleg uttrykk til påskebodskapen.

Tonane og tekstene kommenterer også altartavla i Stangvik-kyrkja. Den er truleg laga av Lars Dreier frå Åsskard og viser både korsfestinga, oppstandelsen og himmelfarten, alt omgitt av bibelske personar og motiv.

Etter samlinga i kyrkja serverer soknerådet kveldsmat i Prestegarden.

Powered by Labrador CMS