ANNONSE:

Koret Prosjekt 17 gjer onsdagen øvingskveld til allsongstund her i Stangvik-kyrkja

«Salmesus» i Stangvik

Tordenskjold Songlag og koret Prosjekt 17 gjer øving til open kyrkjesongkveld onsdag 6.mars kl. 1930

Kvifor ikkje? Når konfirmantane skal lære om salmeboka, kan vi jo ha open songkveld i kyrkja!

Slik tenkjer konfirmantprest Torbjørn Brøske, organist Bernt Bøe og Stangvik sokneråd. Når i tillegg Tordenskjold Songlag og koret Prosjekt 17 gjer øving til open kyrkjesongkveld, blir det retteleg salmesus i Stangvik-kyrkja onsdag 6.mars kl. 1930 .

«Skal hilse frå fjellet» er ein av songane som Tordenskjold Songlag framfører. Biletet viser deler av koret i juni 2023 – nettopp på fjellet.

Programleiar Torbjørn tek forsamlinga med inn i salmelitteraturen. Kyrkjeårets høgtider og tema om livet og verda utfaldar seg i tekster og tonar. Musikk frå mange hundreår og ulike verdsdelar gir klang til levande dikt frå vår rikaste kulturbok. Begge kora føre an i allsongen. Tordenskjold Songlag gir smaksprøver frå programmet for sin komande utanlandsturne. Prosjekt 17 syng både Mendelssohn og nylaga lokal musikk.

Torbjørn Brøske vil ause av sin salmekunnskap til konfirmantane og alle andre på den opne kyrkjesongkvelden.

Men allsongen viktigast denne kvelden. Med salmeboka som kjelde vil konfirmantane og alle andre frammøtte få del i ein udøyeleg del av kulturen vår.

Kvelden er open for alle som vil synge og lytte. Det er grunn til å tru at salmesusen vil fylle kyrkjerommet og by på mange gode opplevingar denne onsdagskvelden.

Powered by Labrador CMS