ANNONSE - Senioruniversitetet på Indre Nordmøre:
Energi frå havet: Vind, bølgjer og tidevatn i den globale energiomstillinga
Indre Nordmøre Senioruniversitet inviterer til møte i kinosalen på Kulturhuset med Jørgen Hals Todalshaug torsdag 21.03.24 kl 12.00 NB: torsdag. Todalshaug er ein erfaren forskar og oppfinnar med lidenskap for fornybar energi og berekraft.
Jørgen Hals Todalshaug har ein doktorgrad frå NTNU, lang erfaring frå forsking med emna og er no forskingssjef i svenske CorPower Ocean.
Det er god grunn til å sjå fram til eit spanande foredrag om eit svært viktig og aktuelt emne.
Etter at Jørgen Hals Todalshaug er ferdig, gjennomfører vi årsmøtet.
Billettar:
Medlemmar kr 100 – andre kr 200 - inkluderer også kaffe med noko attåt.