Portrettfoto av Jenny Klinge, stortingsrepresentant for Senterpartiet i Møre og Romsdal (2020)
Jenny Klinge

Regjeringa med distrikts­melding: – Folketalet skal auke i norske distrikt

Tysdag la kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik fram regjeringa si distriktsmelding. Distriktsmeldinga byr på ein brei tiltaksmeny for å få folkevekst i norske distrikt. Offentlege arbeidsplassar over heile landet, arealpolitikk tilpassa lokale tilhøve, enklare og rimelegare kommunikasjon og meir bustadbygging er blant tiltaka, skriv regjeringa i ei pressemelding.

– Målet er at folketalet skal auke i distriktskommunane. Alle lokalsamfunn skal kunne utvikle seg og skape verdiar, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik. Tysdag vitja ministeren Sylvane Gard i Kandal i Gloppen kommune, når han la fram regjeringa si stortingsmelding om distriktspolitikken.

I stortingsmeldinga «Eit godt liv i heile Noreg – distriktspolitikk for framtida» legg regjeringa grunnlag for ein ny og forsterka distriktspolitikk.

– Folk skal kunne leve eit godt liv uansett kor i Noreg dei bur. Då må dei ha ein jobb å gå til, ein bustad og gode tenester nær der dei bur. For å få til det, skal vi som styrer landet, ta omsyn til distrikta i all politikk vi lagar, seier Gjelsvik.

Kommunane skal få bestemme meir sjølv

Regjeringa går inn for ei tydelegare differensiering av arealpolitikken, med tilpassingar til lokale tilhøve.

– Mykje av arealpolitikken har vorte utforma med bakgrunn i situasjonen i pressområda rundt dei største byane. Mange stader er det ikkje stort press som er utfordringa, men å få folk til å busetje seg og skape aktivitet. Difor går vi inn for at kommunane skal få bestemme meir sjølv og ei større vektlegging av regionale og lokale tilhøve. Slik skal kommunane få mogelegheit til å leggje til rette for ny vekst og sterkare utvikling.

Offentleg sektor over heile landet

Kommunal- og distriktsministeren peikar på samspelet mellom offentleg og privat sektor som viktig for å skape ein brei arbeidsmarknad.

– Staten skal vere til stades med arbeidsplassar og tenester over heile Noreg. Ingen skal få beskjed av storsamfunnet om at ein skal hengje kroken på døra og sløkke lysa. Vi skal gje lokalsamfunna våre utvikling. Difor skal regjeringa sikre tenester nær folk, fleire arbeidsplassar, god digital og fysisk infrastruktur og eit variert kulturtilbod. For å gje folk gode tenester skal dei tilsette få auka tillit og meir tid til dei som mottek tenestene.

Meir breiband og bygdevekstavtaler

Regjeringa har invitert distriktskommunar til å søkje om bygdevekstavtalar med staten. Fleire pilotar er på plass i Finnmark og Trøndelag.

– Vi kjem til å fylgje opp bygdevekstavtalene med meir statlege midlar, også til gjennomføring av konkrete prosjekt, seier Gjelsvik.

Regjeringa har òg som mål å sikre alle tilgang til høghastigheitsbreiband i løpet av 2025. Difor har regjeringa fordelt 362 millionar kroner til utbygging av breiband. Fylke med mange distriktskommunar er prioritert i sterkare grad enn før.

Enklare å byggje og bu i distrikta

For å få folk til å verte buande og å busette seg i distrikta, trengst det attraktive bustadar og gode bumiljø.

– I budsjettforliket auka vi låneramma til Husbanken med 3 milliardar kroner. Vi vil vurdere om ein større del av låna frå Husbanken skal gå til bustadbygging i distriktskommunar, særleg i dei minst sentrale kommunane, seier Gjelsvik før han held fram:

– Stortingsmeldinga viser retning for distriktspolitikken framover. Dette byggjer vidare på dei mange viktige tiltaka vi allereie har vedteke. Vi har fått på plass eit styrka desentralisert utdanningstilbod, løyvd pengar til pilotsamarbeid om nærtenestesenter og fleire polititenestestader, gratis ferje bl.a. til øysamfunn og halverte ferjeprisar på øvrige samband, samt betre rutetilbod og halvert makspris på flybillettar på dei regionale FOT-rutene frå 2024.

Sterk innsats for Nord-Noreg

Det er viktig for heile Noreg at det bur folk nord i landet. Regjeringa gjere difor ein ekstra innsats for Nord-Noreg.

– Busetjing og aktivitet i nord er ein sentral del av beredskapen vår. Vi har difor styrka tiltakssona i Finnmark og Nord-Troms, mellom anna med gratis barnehage og auka nedskriving av studielån frå hausten av. I statsbudsjetta framover vil vi vurdere ytterlegare endringar i sletting av studielån og Finnmarksfrådraget.

Kommunal- og distriktsministeren viser og til pakka på 105 millionar kroner som Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti har vedtatt for aktivitet i Aust-Finnmark.

– Vi har lytta til dei som bur i Aust-Finnmark, og har difor utforma ei heilskapleg aktivitetspakke i revidert nasjonalbudsjett. Midla skal leggje til rette for arbeidsplassar og eit godt tenestetilbod for folk. Meldinga framhevar også potensialet for industrivikling og Forsvaret sin betydning i nord. - Vi skal vidareutvikle ambisjonane om ei forsvarsindustriklynge i nord. Mogelegheitene for å etablere eit statleg kontaktpunkt for store industriprosjekt i Nord-Noreg er og ein ting vi kjem til å jobbe med, seier kommunal- og distriktsminister Gjelsvik.

– Levande lokalsamfunn i heile landet kjem ikkje av seg sjølv, sier Jenny Klinge, som er stortingsrepresentant for Senterpartiet i Møre og Romsdal.

Lokalt folkestyre og desentraliserte tilbod

Ho meiner det er opplagt ulik tilnærming til kommunal- og distriktspolitikken hos skiftande regjeringar påverkar utviklinga i distriktskommunar og distriktsfylke.

– Medan den førre Høgre-styrte regjeringa sentraliserte mange offentlege tilbod, er vi i Senterpartiet saman med Ap opptekne av å legge til rette for lokalt folkestyre og desentraliserte tilbod, sier Klinge, og held fram:

– Denne nye stortingsmeldinga om kommunal- og distriktspolitikken har eit stort spekter av tiltak, noko som er nødvendig for å få effekt. Det er ikkje enkeltgrep som sikrar utvikling i heile landet.

Jenny Klinge fortel at ho har har veldig sans for punktet i meldinga om å endre statens planretningsliner og andre statlege og regionale føringar, for å sikre at kommunar med spreiddbygde område ikkje blir ramma av ein fortettings- og vegpolitikk som kommunane sjølve ikkje ønskjer.

– Det er viktig at desse kommunane sjølve får bestemme kor det skal leggast til rette for boligutvikling og i kva slags grad spreidd boligbygging skal tillatast. Eg meiner det til dømes ikkje er rett at boligbygging blir stoppa fordi dei nye boligane ikkje ligg ved eit såkalla kollektivknutepunkt. Kor i all verda har vi slike kollektivknutepunkt mange stader i distrikta, når vi knapt har bussar på enkelte få vegar?

Forskjell på by og land

Likeins meiner ho at det må gjerast vurderingar av vegpolitikken i samband med nye boligar som ikkje hindrar boligbygging på stader der det opplagt ikkje er noko problem at det kjem ein ny familie og noko meir trafikk.

– Det er forskjell på by og land, og vi kan ikkje ha same strenge politikk begge stader når det er gode grunnar til å bruke positivt skjønn. Mange som vil flytte tilbake til heimkommunen sin ønskjer å bu på ein bestemt stad, ofte også nær der dei vaks opp. Det er viktig at ein boligfortettingspolitikk ikkje hindrar denne type etableringar. Mange blir heller i byen enn å flytte heim viss dei må bu like tett i heimkommunen sin som dei gjorde i byen, sier Jenny Klinge.

Powered by Labrador CMS