3 venner utvider

Venner frå Rindal skole, frå venstre og rundt bordet: Klara, Mona, Marius, Oda, Nikolai, Ida, Elise, Ådne og Anne. Dei kjem nok hit att!

Glede for fleire enn 3 venner

Det var ei sterkt rørt Camilla Løften som på vegne av kollegane sine opna dei utvida lokala til 3 venner i Rindal sentrum fredag. I kveld har dei ope til kl. 01.00.

Publisert
Amanda og Kaisa i lag med bestefar Olav Elshaug i trappa frå Bergmoen.
Camilla Løften ønska velkommen.

Etter at køen som hadde venta på å få komme inn hadde funne seg plassar inne i det koselege lokalet, ønska Camilla Løften dei spente gjestane velkomne inn.

Den rørande måten ho gjennomførte det på varma alle som var der. Dei fekk ta del i den store gleda vertskapet hadde når dei baud på gratis kaffe og kake som markering av velkomsten.

Nils Heggem hadde med blomster frå El-Co lenger inne i bygget.
Ordførar Vibeke Langli overrakte blomster frå Rindal kommune.
Marit Mogset hadde med seg blomster både frå naboen El-Watch og Rindal Næringsforening.
Arnhild Foseide Fagerholt gav blomster frå Rindal Sparebank.
Stolt svigermor gav blomster og klem til Birgitte Stokke.
Ta ein tur innom seinare og sjå på byggløysing og lyssetting!

Ekstra hyggeleg var det for dei faste gjestane frå kjellarlokalet å høre kor stor pris Camilla sette på dei. Det var særleg to trufaste lønsjgrupper som har møttest der kvar fredag i mange år som ho karakteriserte som ekstremt trufaste gjestar.

Damegjengen som har lunsj kvar fredag fann bordet sitt i sokkelen denne dagen også.
Karane var også på plass til den vanlege lunsjen sin.

Spisestaden 3 venner har fram til i dag hatt lokaler i sokkelen til bygget som har gått under namnet El-Co-bygget på folkemunne. Dermed var inngangen nokså anonym på sørsida av det nordvendte bygget.

Og det vart marsipankake på alle!

Dei siste månadane har vindua på El-Co-bygget vore tildekka, og vi visste at det foregjekk noko bak gardinene. - 3 venner skulle flytte opp, sa rykta.

I glasdisken var det litt av kvart å velge i.

Denne fredagen skulle spenninga utløysast. Vi skulle få sjå dei nye kafelokala!

Det er Nils og Turid Stokke som eig huset (TNS Holding). El-Co har leigeavtale for første etasje. Dei leiger ut det som tidlegare var visningsrommet deira til 3 venner. Dei har kontor og lager i same bygget som før. Elles kan besøkande sjå raffinert bruk av belysning i lokala til 3 venner!

Her ser du både garn, skinn og honning i hyllene.

Det har vore mange lokale firma i sving innom veggene den siste tida, og Camilla takka dei for godt arbeid og samarbeid., men først takka ho Stian Bekken som hadde jobba der for El-Co. Han hadde "masa" om ei slik utviding i mange år, sa ho.

Nils Stokke koste seg med kaffe og kake i lag med Einar Thomasgård, Idar Kristensen og ein til...
Nils har ansvar for lyssettinga.
Inga Dalsegg og Marte Nervik Nergård kosa seg med kvart sitt glass! Tenkjer dei kjem hir att!
Tvillingane Jon Sveen og Britt Sveen Bolme var dei eldste kaffegjestane.

Dei lokale firma som vart lista opp var Bergmoen for trappa mellom etasjane, Alf Kvam, Rindalslist - for løysinga med spaltevegg, Rindal Sparebank, Rindal kommune - og Gaute Røen og onkel Ola for gode praktiske løysingar.

Rundt i lokalet var det også plass til produkt frå lokale produsentar: skinn og lammekjøtt, direkte frå Trollheimen via Kamslett gård, og ullgarn og villsauskinn frå Gerd Eva Slettvåg på Tretta. I ei hylle står det spesialpakka honning frå onkel Lars i Melhus!

Alle foto: Ole Trygve Foseide

Spente kaffegjestar!
Ordføraren var spent på kva som gjømte seg bak gardinene.
Køen voks før dørene opna.
Powered by Labrador CMS