17. mai i Todalen

Innhaldsrik feiring i finvèret for todalingane

I Todalen vart nasjonaldagen feira med både frukost, biltog og folketog.

Publisert Sist oppdatert

Det er todalen.no som først skriv om feiringa i Todalen.

Todalen Idrettslag inviterte, tradisjonen tru, alle sambygdingar og andre interesserte til frukost på Bordholmen. Og mange tok nok mot invitasjonen, på det meste vart det nok godt over hundre til bords på «uterestauranten» framfor klubbhuset. Leiar i Todalen I.L., Elinor Bolme, tykte det var stor stas med det fine vêret og alt folket.

Mange av av deltakarane på biltoget nytta nok høvet til å avslutte med frukost på Borholmen. Feiringa fortsette med gudtsteneste og folketog, deretter var det sodd, tale og leikar på Todalen ungdomshus.

Heilt sidan 1950-talet har det vore tradisjon med biltog i Todalen – eller skrommeltog som det vart kalla i gamle dagar. 58 kjørty deltok i årets tog, noko som var ein liten nedgang sia fjorårets biltog. Om det er drivstoffprisane som er årsak til det veit vi ikkje, men den kan og være Todalen.no aprilspøk om at berre elbilar fekk delta i biltoget i år.

I alle høve var todalingane glade for å kunne feire nasjonaldagen grunnlovsdagen i slikt fint vêr – sol frå skyfri himmel. Men det er ikkje sommar riktig enno i Todalen, jammen var det frostnatt og rimfrost natt til 17.

Powered by Labrador CMS