Sju damer med bøtter og mopper.
Klar til innsats: Anne Ma Nyheim, Bjarne Røen, Lisbeth Bruseth Solenes, Rannveig Brøske, Berit Anne Botten Røkkum, Oddveig Helset Halle, Gunn Tove Green Svinvik.

Rundtvask i Stangvik kyrkje

Publisert Sist oppdatert

Måndag vart Stangvikkyrkja vaska litt ekstra; å kalle det rundtvask er nok å ta i litt for mykje, for det er 6 - 7 m opp til taket! Men med vaskestavar drog vi over veggane så langt vi nådde. 

Ei dame som vasker et kirkevindu høyt oppe på veggen med en lang moppestav.
Rannveig - det er ikkje enkelt med vindusvask …

Benkar, golv og dører, søyler og møblar, vindu, og krikar og krokar vart skikkeleg flidd. 

Dugnadsarbeid må til, og vi var åtte personar som stilte opp, både « gamle» og nye soknerådsmedlemer. 

Tre damer og en mann som vasker kirkebenker.
Mange i arbeid; Anne Ma, Bjarne, Gunn Tove og Oddveig.

Kyrkjekontoret sørga for vaskestavar og moppar med meir, og Torbjørn prest kom med marsipankake til kaffen, og vi vart ferdige før vi trudde; etter 4 - 5 timar var kyrkja oppshina, og det luktar reint! Det er mange år sidan siste rundtvask i kyrkja.

Mai månad med konfirmasjon, nasjonaldag og høgtidsgudsteneste for fleire sokn, innbyr til mange kyrkjebesøk, så mange kan gle seg over nyvaska kyrkjerom. 

Så kan vi også gle oss over at taklampene på begge sider av midtgangen er senka med ca 2 m , noko som gir betre lys både generelt og betre leselys i kyrkjebenkane!

Et kirkerom.
Kyrkjerommet etter taklampene er senka, takk til Bjarne Røen, primus motor i arbeidet!
Powered by Labrador CMS