Ei dame som står og synger i ei kirke. I bakgrunnen ei dame som spiller piano.
Sopran Sigrid Vetleseter Bøe og pianist Hedda Hansen Berg heidra 300-årsjubilanten med eit rikhaldig konsertrprogram.

Tonar og tankar ved eit jubileum

300-årsjubilant Halsa kyrkje opna laurdag sin arrangementsserie med ein godt besøkt konsert. Under tittelen «Tonar og tankar» vart kyrkjebygget feira med musikk skapt i desse tre hundre åra og med glimt i enno vidare tidsperspektiv.

Publisert Sist oppdatert

Leiar i jubileumskomiteen, Lars Indreiten, opna programmet med historisk overblikk og informasjon om årets kyrkjejubileum.

Ein kunstens arena Operasopranen Sigrid Vetleseter Bøe og pianisten Hedda Hansen Berg heidra jubilanten med eit flott konsertprogram. Opninga med «Dich, teure Halle» frå Wagners mellomalderopera «Tannhauser» var ein hyllest til kunstens arena, som denne kyrkja, der store visjonar kan utfalde seg. Den mektige arien sette standard for ein tvers igjennom vellykka konsert.

Kyrkjesongarar, syngande forsamlingar, kor-stemne og ulike konsertar har gjennom tidene utfalda mykje musikk i denne kyrkja. Likevel har vel menneskestemmen sjeldan fylt rommet med tonenyansar slik som denne laurdagen.

Tonar frå byggeåret

Små songar og store arier veksla gjennom programmet. Vi fekk høre Wagner, Verdi, Mozart, Handel, Rameau, Grieg og Belsvik Stavrum. Mellom anna «Blåbærli» frå Garborgs Haugtussa. - Her sa Grieg at musikken var ferdigkomponert før han skreiv den ned! fortalte Sigrid.

Artig var det å høre musikk frå 1724, da kyrkja vart bygd: Som klaversolo spela Hedda «Gigue en Rondeau», komponert det året av franske Jean-Philippe Rameau. Like eins den omtrent samtidige arien «How beautiful» frå Handels Messias – med sin kyrkjelege bodskap om å forkynne fred.

Rørande vakker var avslutninga – med «Fager kveldsol» tonesett i 2013 av Marthe Belsvik Stavrum. I vers 2 deltok forsamlinga – da med melodien vi alle kjenner.

Å befinne seg inne i eit kunstverk

Historikken om Halsa kyrkje og sokn er bevart i den flotte jubileumsboka som Einar Oterholm har skrive og som var å få kjøpt under konserten.

Å besøke eit slikt kyrkjehus, uansett når, er å befinne seg inne i eit tidlaust kunstverk, sa kåsør Bernt Bøe. Han viste til krusifikset frå mellomalderen, altartavla av Peder Knudsen Bildsnider og fortalte litt om Ole Joensen Kolset (truleg frå Kallset i gamle Halsa) – som ikkje berre «stafferte» preikestolen her, men etterlet seg stor kyrkjekunst både i Nordland og i Frei, Bremsnes, Halsa og kanskje Mo kyrkje på heimetraktene.

En mann som snakker til meningheten i ei kirke.
Bernt Bøe kåserte om ymse frå eldre tider.

Ymse frå gamle dagar

Ankedoter om lokale profilar kom også fram. Klokkaren Arnt Skolemester forsømte jobben sin, vart dømt til pengebot og laut nettopp her i kyrkja stå fram, be om tilgjeving og lova bot og bedring!

Klokkar Lars Stenersen song så dårleg at sentrale menn søkte biskopen om å få han avsett. – Folk går ut av kyrkja når han stemmer i! skreiv dei.

Kyrkjereisene kunne vera dramatiske. Ved kollsegling 2. juledag 1801 omkom både klokkaren og mannskapet på båten frå Straumsneset.

Men ho som Mannbjønnen jaga på sjøen i 1770-åra, vart berga – nettopp av kyrkjefolket som roande!

Halsa-kyrkja har enno dører før benkane – men ikkje lenger med hengelås! Plassen i kyrkja var i gamle dagar tegn på status. Og kåsøren kunne fortelje om ei rettssak frå 1797 der Nordvik-folket «havde bemægtiget sig Hr. Tokles stol i Stangvigs kirke»!

Meir historie og nyare kyrkjeliv blir synleggjort utover heile jubileumsåret 2024, lovar Lars Indreiten på vegner av jubileumskomiteen.

Ei lita hvit trekirke.
300-årsjubilanten Halsa kyrkje – bygd i 1724.
Powered by Labrador CMS