– Det er ei heilt anna interesse for skikkeleg mat no enn det var for 20 år sidan, seier Kristina Svinvik.

Matprat med Kristina og Tore

Mat er mykje meir enn berre føde. Mat er politikk, mat engasjerer og provoserer. Mat er lidenskap og fellesskap. Mat kan seie noko om kva vi bryr oss om, og om kven vi er. Trollheimporten besøkte Kristina og Tore Svinvik for ein matprat.

Publisert Sist oppdatert

Kristina og Tore driv restauranten Svinvik Gard. Restauranten er kjent for sitt engasjement for lokal mat. Råvarene deira er fiska, ysta, plukka og sanka i skog, fjord og bygder rundt Svinvika. Dei serverersmak av fjord og fjell”, som det så står så skildrande på heimesida deira. Kva tankar har dei om maten vi et i dag, om matproduksjonen og berekraft. Har dei ein slags matfilosofi?

– Gjer det enkelt

Kristina er utdanna kokk og brenn for matformidling. Ein viktig del av restaurantdrifta deira handlar om nettopp det, å fortelje om maten vår og vidareformidle kunnskap. Kunnskap som held på å forsvinne, og ny kunnskap. Matvanane våre har endra seg drastisk på kort tid, og butikkane har eit stort utval av ferdigmat og enkle middagsløysingar, likevel har Kristina trua.

– Eg møter mange ungdommar gjennom jobben, og eg trur det no veks opp ein ny matgenerasjon. Det er ei heilt anna interesse for skikkeleg mat no enn det var for 20 år sidan, “posegenerasjonen” er over, smiler Kristina.

Det er mykje interesse for å lage god og berekraftig mat.

Kristina har ein kjepphest når det gjeld matlaging, “gjer det enkelt”. Ein må ikkje gøyme råvarene, men gjere det motsette. Få fram dei gode, ekte smakane.

– Å lage mat frå grunnen er alltid best, for både smaken og kvaliteten. Må du bruke litt ekstra tid på maten, er det definitivt verdt det. Det er mykje “gauar” å servere mat ein har laga sjølv. I tillegg blir ein stolt også, om ein får til å lage noko skikkeleg godt til dei som kjem på besøk.

– Det er “toille” at ein skal kjøpe saus i Toro-pose når ein lett kan lage sausen sjølv. Eg trur folk tenkjer for avansert. Å lage mat er ikkje så vanskeleg som ein kan tru.

Kraft

Å kjøpe buljongterningar på butikken er enkelt og greitt, men ein får ein mykje betre kraft av å lage den heime på kjøkkenet.

– Dersom du har hatt ein rekekveld, putt skalet i frysaren. Når du får tid, ta opp skalet og fres det saman med lauk og gulrot. Tilsett vatn og kok opp, la det stå i ein halvtime-times tid, sil av og la det koke inn til det halve og frys ned. Da har du ein kjempegod base til fiskesuppe.

Jaktlag har ofte bein du kan koke kraft på. Kjøttkraft er veldig sunt og godt for kroppen.

Med slike enkle grep kan vi lage mat som er sunnare og mykje betre, meiner Kristina. Det skal så lite til.

– Med heimlaga kraft veit du kva du serverer. Å tileigne seg enkel matkunnskap er faktisk ganske enkelt, ein må berre prøva seg fram.

–Tenk sesong

Ein annan del av matkulturen vår som held på å komme i gløymeboka er sanking av bær, sopp, urter og andre vekster vi finn i nærområdet vårt.

– Tenk kor bra det er å vera ute i skogen og sanke, seier Kristina.

– Du får trimma, du får gratis mat, og det du får sanka er kjempesunt.

Ho fortel at folk av og til kan vera litt skeptiske til sopp og andre vekstar dei ikkje veit om dei kan ete eller ikkje, men seier at det går fort å læra seg.

Svinvik Gard blir det arrangert sankekurs, desse kursa brukar å vera veldig populære.

– Det er fantastisk kor mykje ein kan finne å ete rundt restauranten, i fjæra, i skogen, i hagen. Vi har mat rett utanfor døra! Eg blir aldri utlært på dei kursa, smiler Kristina.

Ein annan hobby som er i frammarsj er å dyrke eigne grønsaker.

– Ein treng ikkje store jordflekken for å lage ein grønsakshage. Eller, ein treng ikkje ein jordflekk ein gong, ein kan ha ei bøtte på verandaen. Det er noko meiningsfullt i det å sette noko i jorda og sjå at det veks.

Kristina meiner også at vi bør tenkje sesong når vi handlar i butikken. Kva er i sesong no? Er ein i tvil kan ein spørje i butikken, dei har kunnskapen.

– Dei norske rotgrønsakene er nydelege om hausten. Utnytt det!

Forbrukarmakt

Tore og Kristine trur vi kan bli meir medvitne om makta vår som forbrukarar. Vi kan godt sette krav til nærbutikkane våre, og stille spørsmål til utvalet av produkt. Butikkane kan skaffe alt, men da må vi spørje etter det.

Tore er oppteken av kor maten kjem frå, og tykkjer vi som kundar bør vera meir kritiske til det vi handlar.

– Eg vart så forundra her ein dag eg var på Sunndalen, der såg eg folk kjøpe poteter i lausvekt frå Israel. I Sunndalen, der det blir produsert så mykje potet, seier Tore oppgitt.

Dei fleste i Sunndalen vil ha eit levande landbruk, går eg ut ifrå, ein må visa det som kunde på butikken. Ein må bli medviten om kva makt ein har som kunde. Ein ting er kva ein kjøper, men også kva ein krev av dei lokale kjøpmennene.

– Det same gjeld til dømes krokete grønsaker, skyt Kristina inn.

Om ingen kjøper krokete grønsaker, tek ikkje kjøpmannen dei inn i butikken sin. Får ikkje bonden selt den krokete gulerota, ja, da kastar han ho i staden.

Tore meiner at vi godt kan sette oss meir inn i kvar maten kjem ifrå. Ein ting er å støtte den norske bonden og lokalt arbeidsliv, men han meiner også at vi godt kan skaffe oss meir kunnskap om dyrevelferda og kvaliteten på maten vi kjøper.

– I Noreg har vi mange og strenge reglar når det kjem til dyrehald. Det gjeld dyrevelferd, men også til dømes reglar om når ein kan gje dyra penicillin. Vi har eit alvorleg problem med penicillinresistens i verda, men reglane for når du kan selje kjøtt og mjølk frå ei ku som har hatt ein penicillinkur, er veldig forskjellig frå land til land.

– Slik kunnskap er veldig viktig. Det handlar om kva vi får i kroppen vår, seier Tore.

Tore og Kristina tykkjer situasjonen til norske bønder er dårleg. Dei meiner ingen parti er betre enn andre. Uansett kven som styrer blir ikkje vilkåra betre.

– Arbeidsmengda svarar ikkje til lønna. Det er trist å sjå kor mange som ikkje orkar å drive landbruk meir i landet vårt.

Vi brukar restauranten til å gjera folk medvitne om kor viktig det er at vi bryr oss om kva vi et,og kvar maten kjem frå. Det er viktig for oss som restauranteigerar.

Ver open mot ny mat

Gjestene som kjem Svinvik Gard er all slags folk. Det kjem folk i alle aldrar. Folk feirar bursdag, vennegjengar sit og skravlar, kollegaer har bedriftsmiddagar.

Restauranten er kjent for den gode maten, og for å bruke råvarer som ikkje alle er vande med. Gjestane får ikkje bestille mat frå ein meny, men får servert sju til ni store og små rettar. Dette kan for somme vera litt skummelt.

Nokre kan vera skeptiske, men ofte er det skeptikarane som blir mest begeistra over maten. Sist helg serverte vi ikkje maur, da var det nokre som jubla, men nokre vart skuffa “Vi må få smake på maur vi òg !”. Da måtte vi fram med nokre t-skeier med maur, så dei fekk smake, seier Kristina og ler.

Kristina må også utfordre seg sjølv i restauranten.

– Eg prøver å bruke kjøttstykkje som ikkje er populære, der tykkjer eg vi som restauranteigerar har eit ansvar. Folk kan sette seg litt bak i stolen når vi serverer for eksempel oksekjake, men dei fleste blir overraska kor godt det er med desse uvanlege kjøtstykka.

– Ein viser respekt for naturen med å bruke heile dyret til mat. Tenk på all maten som blir kasta!

Middagsbordet

Mat er viktig i seg sjølv, men også det rundt maten er viktig. Tore og Kristina er opptekne av det å sitte saman når ein et.

– Å sitte saman rundt middagsbordet er viktig, det å vera i lag og roe seg ned saman med familie og venner. Når ein sit saman ser ein kvarandre på ein annan måte, ein får til å sjå om dei ein er saman med har det bra, ein får lufta tankar, seier Kristina.

– Blir mykje kjefting òg da, seier Tore og ler.

Kristina nikkar og smiler, den utsegna er ho einig i.

Med tre små barn kan det vera heftig rundt middagsbordet hos Kristina og Tore, men dei er einige om at uansett kor travelt dei har det prioriterer dei middagsstunda.

– Eg trur dei kjem til å sette pris på det når dei blir eldre, å sitte saman minst ein gong om dagen gjer godt for familien, seier Kristina.

Ho er imponert over kor mange unge som kjem til Svinvik Gard.

Fleire vennegjengar kjem gong på gong. Dei sit i fire timar, legg frå seg mobiltelefonen og brukar tid til kvarandre. Dei ser verdien i å møtes rundt eit bord.

Pølser og pizza

Både Kristina og Tore tenkjer at vi har fått ein større avstand frå maten vi et, og at det er ein god investering å sette seg meir inn i kva ein puttar inn i munnen.

Likevel innrømmer dei glatt at dei er ein vanleg småbarnsfamilie, og at det kan bli både pølser og pizza til middag i ein travel kvardag.

– Ein treng ikkje bli ekstrem. Litt av alt er bra. Prøv å et meir grønsaker. La deg bli inspirert til å lage ein skikkeleg middag ein gong i blant. Alt med måte, seier Tore.

...

Powered by Labrador CMS