Opning av «Bloddråpetrallen»- rasteplass på toppen av Årneslia

Om turstiar, rasteplassar, stadnamn og poesi.

Publisert

Torsdag 3. juni 2021, på lysaste førsommarkvelden, kom Svein Aarnes og turfølgjet til opning av Bloddråpetrallen på toppen av Årneslia.

Plassen, som ligg i området dei før kalla Seterkvila, skulle no kallast oppatt etter det vitale diktet til Kristoffer Uppdal, Bloddråpetrall. Diktet er skrive inn i full lengde i turboka på staden.

Og for ein makelaus rasteplass dette har vorte, med bord, benkar, bålpanne og vasskjel, bøtte til å hente vatn i den vesle tjønna som blenkjer mot vest, ved og kol, og om ein skulle bli opprådd; ketchup og sennep på plass under bordet.

Bord og bålpanne var plassert på ein fin, tørr furumo, ved sida av ein flott gammel gadd og nokre småfurutre. Utsikta sørover til Trollheimsfjell og nord- nordaust mot Hjelmen og Bøverdalsfjella var vakker. Ein kvilande vandrar, eller fleire, kan her finne det dei treng både for kortare og lengre opphald, dag og natt.

Sist eg var her oppe, var på ein trimtur på 80-talet, sidan har ikkje vegen min gått her. Grunnen til at eg plutseleg sto her no , var Svein Aarnes si store interesse for litteratur, og da særleg for poesi. Han hadde valt ut diktet mitt, «August», til å stå på staken ved postkassen på denne plassen, og han ville at eg skulle lese det opp under opningsseremonien.

Opning av den nye rasteplassen.

August

Eg fekk det aldri til,

fekk aldri til å skrive om

AUGUSTMØRKRET,

fordi det var så mjukt,

fordi det kom så nært,

fordi det gøymte så mykje

av det som hadde vore,

av mjukt og vart og varmt,

av klårt og hardt.

ALT Dette dirra enno ein stad der ute,

der ein ikkje kunne sjå det.

Så måtte ein berre tru.

Tru på det mjuke,

tru på det vare og varme.

Prøve å dikte om det.

Kaffelag ved Bloddråpetrallen.

Svein hadde sagt noko om ein overraskelse ved opninga, og det vart det til gangs. Menyen her oppe på toppen av lia viste seg å vere vaniljeis og rikeleg med moltsylte, kaffe og te til alle som var med. Det vart eit eksotisk kaffelag i den varme sommarkvelden.

Start på turen ved Jørristuas på Årnes.
Avgang frå Rønningan.

Turen hadde starta med bil den første biten frå Jørristua på Årnes til Rønningen, der det er fleire parkeringsplassar. Så gjekk vi første delen av Seterstigen til Seterkvila og innvigde Blodråpetrallen. Alltid før, når dei var i marka, hadde dei brukt å kvile her. Og plassen var knytt til mange minne om aktivitetar i gamle dagar. Folk og dyr, dei hadde nok opplevd både sol og regn, og kanskje hadde det brusa i blodet ein og annan gongen og, slik at «lauvknuppar hadde sprunge ut liksom kyssar mot vårlufta» (litt fritt etter Uppdal)…

Når dei skulle til seters gjekk dei, etter kvila, vidare herifrå, til Årnessetra på Seterbøsetra i Bøverdalen.

Like før vi kom til Bloddråpetrallen passerte vi ei ny bru, som denne kvelden fekk namnet Åsebrua. Den vart lagt ned etter forslag frå Åse Røkkum Grimsmo,

som brukar dette området ein del. Brua er ei av 6 bruer som er plasserte over bekkar i turområdet, som har meir enn 3 mil med merka turstigar: Det er sett opp 15 bord/kvilebenkar, det er laga til 31 plassar med postkasse og bok til å skrive seg inn. Ved postkassane på Årnessida og ved 3 kassar på Hamnes og ved Gamle Baklisetra står det dikt på stake, der ein kan finne poesi av Inger Hagerup, Vegard Vigerust, Aslaug Låstad Lygre, Tor Johnsson, Haldis Moren Vesaas, Hans Børli, Oskar Stein Bjørlykke, Kristoffer Uppdal og fleire.

Skilting med namn og merking av meir enn 3 mil turstigar er i seg sjølv ein utruleg samfunnsinnsats. I tillegg til dette kjem alle stadnamnskilta. Dette er namn på plassar som før var nødvendige for å kunne bruke og kommunisere om utmarka. Men som i dag fort blir gløymde. Til saman 300 stadnamnskilt er plasserte ut, eit viktig kulturarbeid er det. Eg må ta høgde for at det kan snike seg inn feil i forhold til opprekningane mine, men eg trur også at dei endelege tala enno ikkje er nådde, om eg har oppfatta Svein Aarnes rett. Eg kan heller ikkje beskrive dette systemet i detalj. Det må prøvast ut, og Svein meiner det er verdt også å teste dei stiane som går innover mot Nordmarksområdet, og som han har arbeida ein del med i det siste.

Skogstua.
Blautkake og kaffe på skogstua.
Utsikt frå Skogstua.
Ved skogstua.

Turen ned gjekk om Vargtollhaugen, Skogstua og Ekjelia. På Skogstua, hytta med utsikt over fjord og fjellheim, kunne Svein igjen overraska oss med å servere blautkaker til kaffen og der det igjen vart ei strålande kveldsstund. Sjølv om enkelte tykte høgdemetrane var dryge, og vi hadde gått mange steg, så gjekk nok kalorirekneskapen på turen i pluss. Og minna frå denne fine sommarkvelden på Årnes takkar vi for!

Årnes.

Juninatt

Lakseraud juninatt,

der blåne bak blåne

feider ut.

Varmen har gått opp i lyset

og lufta er sval

Minne om andre slike netter

ligg som blonder i sinnet.

(Grete O. M. Aa)

Powered by Labrador CMS