Minnenes melodi

Før jul kjem Grete Oddny Moen Aarnes ut med ei bok om folk, hus, og aktivitet i Mosokna, Øvre Surnadal. Ho tek utgangspunkt i barndommen og familien sin på Movollen og skildrar arbeid og fritid i gamle dagar.

Publisert

Grete har i alle år skrive dikt og samla på forteljingar. I 2019 gav ho ut diktsamlinga «Glimt». I den nye boka tek ho med, forutan forteljingar og faktaopplysningar, fleire bilete og eit og anna dikt.

Tidsbilete

Vi får lese om Grete sine eigne tankar og minner frå tida ho voks opp på 50-60-talet og historier ho har fått høyre av andre. Tante hennar Bjørg er ei god kjelde, av henne har Grete fått høyre om korleis det var i åra før ho vart født. I tillegg har ho med skildringar av folk og historier ho har funne i tidskrift som «Du mitt Nordmøre».

- Sosiologen i meg er interessert i meir enn berre rein informasjon, seier Grete. Nokre av forteljingane eg har med i boka er personlege minne og skildringar av tidsbilete. Eg håpar folk kjenner seg igjen i det eg skriv om, om det gjeld slakting eller pinskveld.

Besteforeldra på Bakkan

I boka får vi mange historier frå Røv. Her voks mor til Grete opp, og her budde besteforeldra hennar, Maret og Peder Røv.

Grete skriv:

«Pausane og måltida ved kjøkkenbordet hugsar eg særleg godt, plassert mellom dei to. Bestefar gjekk ofte ned bakken til bakeriet og kjøpte wienerbrød og andre godsaker av søster si, Kristine bakar. Betre bakst enn på det bakeriet får du ingen stad i dag. Og etter kakskiver med sirup og kald mjølk, smakte desse bakarbrøda supergodt. Da eg skulle heim, og som prikken over i'en, vanka det ofte ein femtiøring eller ei krone som vart omsett i karamellar eller is i handlegata på Røv, og livet held fram med å smile.»

I 1957 hamna ein lastebil i elva på Røv, Grete minnes kva ho tenkte om sjåføren og korleis han kom seg etter ulukka.

« Sjåføren berga seg heldigvis. Han fekk komme inn i eit hus bortafor brua etter ulukka, og eg kan enno sjå for meg at dei måtte henge opp pengane hans til tørk på snora over omnen. Hundrekroningane var store den tida, minst dobbelt så breie som i dag.»

Dei gløymde kvinnene

Grete har lagt merke til at kvinnfolk sjeldan får mykje plass i skildringar av gammaltida. Ho har difor via mykje plass til dei i boka si.

- Eg skriv mykje om arbeidsoppgåvene kvinnfolka hadde og om kor mange ungar dei fekk. Det er rart kor mange kvinnelagnader ein finn når ein les i kyrkjebøkene. Dei gifta seg ofte av praktiske årsaker og sjukdom og død var ein del av kvardagen.

- Det er interessant og ofte rørande å tenkje seg inn i ei tid som er så ansleis enn det vi opplever no.

Familien på Almbergsøya

Almbergsøya er barndomsheimen til bestemor til Grete, Kristine O. Fiske. Det var eit småbruk under Negard på Almbergen. Trollheimsporten blir med Grete og besøker plassen. Husa er flytta og ei lita hytte står på plassen i dag.

Innimellom bringebærkratt og store grantre finn vi spor etter murar og gamle stiar, store steinheller vitnar om hus og heim. Grete står heilt stille ei stund. Ho har lese mykje om plassen og har mange tankar om korleis det var for dei som voks opp her.

- Eg angrar på at eg ikkje spurte bestemor meir om oppveksten hennar, seier Grete.

Oldemor til Grete, Ingeborg O. Almberg, døyde av tæring nokre veker etter at ho fekk sitt sjette barn. Dottera dei fekk nokre år tidlegare døydde før ho vart eitt år, så da vart oldefar til Grete, Ola G. Almberg, åleine med fire born og eit spedbarn.

Grete skriv i boka:

«Han gifta seg ikkje opp att. Dette i ei tid da det var svært vanleg at dei som var enker eller enkemenn med barneflokkar gifta seg på nytt, særleg fordi dei trong hjelp i arbeidet. Naturhushald kravde stor kunnskap om arbeidsmetodar og stor arbeidsinnsats. Nær sagt alt av mat og klede vart produsert i heimen. I Almbergsøya hadde dei også eit morlaust spedbarn og småungar å ta seg av»

Kristi på fjorten og Kristine på tretten var nok på dette tidspunktet godt opplært til å makte dei fleste oppgåver i hus og fjøs.

Når eg skriv dette kjenner eg ei stor sorg og medkjensle med dei alle. Så lenge sidan, men likevel kjennes det så nært. Eg legg merke til novemberlufta ute og ser på bakken som er dekt av haustlauv, slik det sikkert var den gongen og. Ein treng ikkje stor innlevingsevne for å ane den botnlause sorga over henne som gjekk bort, og otten for om den nyfødde ville overleva.»

Små glimt

Boka inneheld tankar og skildringar om folk, heimar og aktivitetar, samtidig som både nye og gamle faktaopplysningar også er tekne med. Eg er spent på om det blir interesse for den, seier Grete.

På mange måtar kan ein finne motiv for boka i dette diktet som Grete har skrive.

«Lenge leita eg etter heile sanninga

og fann ingen ting.

No leitar eg etter små glimt

og finn ofte svar som eg samlar på.»

(Glimt 2019)

Powered by Labrador CMS