Flagget var til topps, og vertskapet stod på trappa i Trøinn og tok i mot turfølget.

Jubileum i Turgruppa i Gamle Stangvik

Publisert Sist oppdatert

Over 60 personar deltok på Årnesdagen laurdag 27. august. Turgruppa har no teke namnet Turgruppa i Gamle Stangvik, og har tiårsjubileum i år. Det stod i Romsdalsposten ein gong at Gamle Stangvik var som det Britiske samveldet med mange oversjøiske område og dominions (sjølvstyrte statar i Det britiske samveldet). Årnes og Hamnes kan kanskje reknast for eit slikt område.

Ved informasjonstavla like ved der den gamle smia i Årnes Kalksteinsbrudd stod.

Dagen har sine faste programpostar, med tur, formidling, allsong, matservering og loddsal. Men tema og detaljar varierer kvart år. Som vanleg starta dagen med tur. I år om Rønningan, gjennom Årnes Kalksteinsbrudd til Øver-Trøinn, og ned gammelvegen til Årnes. I gruveområdet hadde vi ein god stopp, og det var ei lydhør forsamling som hørte på at Gunn Signe Aarnes las utdrag frå Livsminne til far hennar, Daniel f. 1928. Som fleire andre på Årnes arbeidde også han i gruva ei tid, og har dokumentert både fakta og daglege hendingar frå tida si der.

Gunn Signe Aarnes las utdrag frå Livsminne som far hennar, Daniel, har forfatta.

Ei gledeleg overrasking var det at heile turgruppa vart invitert inn i Trøinn av eigarane familien Tesaker frå Trondheim. Vi fekk servering av bakels og nysteikt kringle i Musters si stove, og kjente på bandet til fortida i det gamle hovudhuset, som var bygd 1883-84.

Det sosiale og det å treffast er viktig desse dagane. Praten går lett, og stemninga er god. Så tidsskjemaet har lett for å sprekke, men når kaffelukta kjennes inne i Grendahuset (tidlegare skolen på Årnes) benkar folk seg til bords.

Svein (Jørristua) Aarnes ønskte velkommen, og fortalte om arbeidet i turgruppa. Dei er no ferdige med å merke alle rutene dei har tenkt, og har fått på plass ca. 400 skilt og 20 benkar, fordelt på Årnesliene og Torvikfjellet. Eldsjelene i gruppa har lagt ned både mange timar og eigne pengar i det store og gode arbeidet med å få turnettet ferdig. «Å kvile på vegen gjev styrke i bein», heiter det. Karen (Heimtun) Waag vart nemnt som ein viktig person, både i forbindelse med Årnesdagen og elles i grenda.

Torbjørn Brøske sa ein del om skolehistorie og prestegardane i distriktet vårt. Grete Oddny Moen Aarnes fortalde om eigne barndomsminne frå Øvre Surnadal og opplevingar frå Årnes, i tillegg til at ho las både eigne og andre sine dikt. Gunn Signe Aarnes las eit utdrag frå Livsminne av Knut (bestefar til Svein) Aarnes f. 1870, frå konfirmasjonstida hans hos presten Ebbesen i Stangvik.

Innimellom kulturell formidling og allsong gjekk både praten og loddsalet godt. Hovudgevinstane i år, som dei siste åra, var eit spelsauskinn fôra med åkle gjeve av Inger Haugen, og eit måleri gjeve av Astrid Megard Sollid. I tillegg var det blant anna blomster, kaker, turutstyr og bøker som gevinstar.

Både detaljert planlegging, medbragt mat, gevinstar, formidling, hjelp under gjennomføring og kjøkkenhjelpene Inger Haugen og Elsa Bøe er nødvendig for at programmet heng i hop. Alle skal ha stor takk for at dagen vart ei fin side i minneboka til fleire av oss.

Fullt hus i Grendahuset. Grete Oddny Moen Aarnes las blant anna eigne dikt. Primus motor Svein Aarnes med ryggen til.
Powered by Labrador CMS