Trollheimstankar

- Det er alltid plass til ein til

Hei, Gunnhild Meisingset. Har du eit dikt eller ein tekst du vil dele med lesarane i Trollheimsporten?

Publisert Sist oppdatert

På kjøkkenet hos Gunnhild Meisingset heng det eit handskrive dikt på veggen. Diktet er skrive av Randi Skrøvset Hatle.

Velkomen heim

Når det luktar

nysteikt brød

over heile huset

treng eg ikkje

møte deg på trappa

for å ønskje deg

velkomen heim

- du veit det.

Mitt kjærleiksspråk

Det første Gunnhild og mannen hennar Erik ordna seg når dei kjøpte seg hus for nitten år sidan, var eit langbord. Og langbordet skulle vera langt, det skulle vera såpass langt at det alltid var plass til ein til.

– Det var ikkje så nøye med alt det andre, men langbord måtte vi ha. Det var viktig for oss, seier Gunnhild. Alle som kjem innom her skal få seg ein matbit.

– Alle menneske har ulike måtar å vise kjærleik på, forklarer Gunnhild. Ikkje alle er like gode med ord. Forventar du at alle har same kjærleiksspråk som du, så kan du bli skuffa.

– Min måte å vise at eg bryr meg på er å alltid ha rom for ein til ved middagsbordet, eller at du får ein kaffekopp eller ei kakskiv når du stikk innom. Det er mitt kjærleiksspråk.

Gunnhild forklarar kor viktig det er at vi er medvitne om dei forskjellige kjærleiksspråka. I Surnadal og Rindal er vi kanskje ikkje så gode med store ord og gåver, men det finst mange måtar å vise kjærleik på.

– Om eg hadde forventa blomster og kjærleikserklæringar, hadde det vore stussleg her i huset, ler Gunnhild. Erik har ein anna måte å vise meg at han er glad i meg på. Han står for eksempel opp tidlegare enn meg og tenner opp. Han tek aldri med seg heile kaffekanna han lagar til seg sjølv, det står alltid igjen nok kaffe til ein kopp når eg står opp. Vi må sjå verdien i slike små handlingar, seier Gunnhild.

Ope hus

– Terskelen skal vera låg for å komme hit på besøk, det er veldig viktig for meg, seier Gunnhild.

Ho meiner at vi har mista noko i samfunnet vårt. Kulturen med å stikke innom kvarandre utan forvarsel har forsvunne. Det tykkjer Gunnhild er trist.

Det er ofte mange skopar i gangen hos Gunnhild og Erik

– Vi må ikkje føle at alt må vera på stell når vi får besøk. Folk kjem ikkje for å sjå på sakene våre, dei kjem for å vera ilag med oss.

– Ein treng ikkje tenkje så stort og vanskeleg. Eg trur folk trivst best i ein kvardagsheim og er godt fornøgde med eit enkelt måltid.

Det er sjeldan Gunnhild seier nei når ungane spør om dei får ta med seg besøk heim frå skulen. «Det er alltid plass til ein til.» Likevel kan ein lure på om det nokon gong blir for lite mat eller at det er for lite plass rundt middagsbordet.

– Skjer ikkje, vettu!

Svaret kjem kort og kontant frå Gunnhild.

– Vi delar på det som er, og om det blir for lite mat til middag lagar vi ei bakelsrøre. Det ordnar seg alltid.

Ikkje noko pensjonat

I 2017 fekk Gunnhild hjernehinnevirus og har sia da vore arbeidsufør. Ho er sensitiv til lydar og må kvile seg fleire gonger om dagen. Likevel vel ho å ha ope hus, det å vera gjestfri er fortsatt viktig for ho. Korleis klarar ho det?

– Her er det ikkje høgtideleg. Folk får komme som dei er, og vi er som vi er. Huset treng ikkje vera på stell for at folk skal vera velkomne inn, og her er det ingen masker eller skodespel. Treng eg ein pause, seier eg det, og trekkjer meg tilbake.

Gunnhild har ofte mange overnattingsgjestar, det kan vera venar av borna eller slektningar.

– Eg har ikkje helse til å drive noko pensjonat, seier Gunnhild. Har vi besøk er det heilt naturleg for meg at dei er med å hjelper til med daglege gjeremål.

Når Trollheimsporten er på besøk har Synnøve, den eldste dottera til Gunnhild og Erik, teke med seg «kohorten sin» heim på vinterferie.

Synnøve har med seg besøk frå Kongshaug musikkgymnas, Synnøve Meisingset, Mirjam Vigrestad, Victoria McNeil, Julie Byrkjeland Husa og Ingeborg Kahrs

– Når Synnøve har med seg besøk heim tek eg det som ein sjølvfølgje at dei er med på middagslaging og ryddar opp etter seg. Hadde dei ikkje gjort det, hadde eg ikkje orka å hatt besøk, seier Gunnhild.

– Kanskje folk er for redde for dette, å la gjestane bidra i heimen. Det endar kanskje med at ein ikkje orkar å ha besøk? Set vi for store krav til oss sjølv som vertar?

– Ver spontan

Da Gunnhild flytta til Sande i Øvre Surnadal tok ho med seg Synnøve i barnevogn og besøkte alle naboane sine, utan forvarsel. Dei vart veldig godt motteken i alle hus, og vart fort kjent med grenda.

– No skal alt planleggast så nøye. Ein treng ikkje det, understrekar Gunnhild.

– Gjer det enkelt, sykkel deg ein tur og besøk nokon, sei hei, ta eit glas vatn og snakk litt på trappa. Be naboen på fiskekaker ein ettermiddag. Det treng ikkje vera så flott.

.

Powered by Labrador CMS