Sommarskule med Opp & Ut i Torvika

Barn + natur = sant

I sommar har Surnadal kommune organisert mange flotte aktivitetar for barn og ungdom. Trollheimsporten har besøkt Opp & Ut i Torvika. Nina Torvik, som er dagleg leiar, brenn for å få barn og unge i kontakt med naturen. Ho meiner at vi må sjå på naturopplevingar som ein livsviktig ressurs.

Publisert Sist oppdatert

Da vi kjem til Oppistua i Torvika er det frileik etter lunsj. Ungane kosar med kaninar, hoppar trampoline, dustar, køyrer leiketraktor og leiker butikk. Stemninga er god, det minnar om Bakkebygrenda med alle dei gamle fine gardshusa, dyra, latteren og barneleiken i alle krikar og krokar.

- Det har Nina lært meg

Det er ikkje lett å få snakka med Nina, ho har nok å hengje fingrane i, med tretti jenter og gutar på besøk. Men Nina veit råd, kanskje Safi vil gje oss ei lita omvising.

Safi tek utfordringa på strak arm, og visar veg opp i beitet.

- Dersom du held deg fast i straumgjerdet, da får du straum, altså, seier Safi.

Han held tråden mellom fingrane nokre sekund, fordi det tør han. Han ler godt da Trollheimsportens utsendte får panikk fordi ho tykkjer han held i for lenge.

Vi går oppover ein bakke og møter sau, geit og lama.

- Du må ikkje gå heilt bort til dei, dyra skal komme til deg, det har Nina lært meg, forklarar Safi. Og veit du, lamaen kan spytte, skikkeleg stygge store klyser, du må passe deg, seier Safi og ler.

Safi Koca og kopplamma
Safi Koca og kopplamma

Han finn to kopplam, dei får mykje kos. Han sit ei stund og småsnakkar med dei.

- Kjenn kor mjuk, da!

Det er ikkje vanskeleg å sjå at Safi har det bra her på sommarskulen.

Kopplamma vil vera med oss gjennom gjerdet, men det får dei ikkje lov til. Safi slit litt med å få kontroll på gjerdet, seg sjølv og kopplam.

- Niiiiiiiina! Lamma vil rømme, ropar Safi.

- Vi lærer mykje nytt

Etter lunsjpausen går vi ned til fjøra.

Det er Signe Stenberg og Idun Solem Måøy sin andre dag i Torvika. Kva tykkjer dei om å gå på sommarskule i ferien?

- Kjempegøitt, seier dei i kor. Vi steller og kosar med dyra. Lamaen lagar så rare lydar, det har eg aldri trudd, seier Idun.

Signe og Idun
Signe og Idun

- I går lærte vi oss ein kjempegau namnesong, seier Signe, eg trur Frank har laga han heilt sjølv, og så lærte vi å spele trommer. Vi lærer oss mykje nytt, smiler Signe.

I fjøra blir dei delt inn i gruppene sine, og får i oppgåve å samle inn ulike artar i saltvatnakvaria sine.

Nina og medhjelparane hennar forklarer, og ungane spring i fjøra og løfter på steinar, tang og tare for å finne dei ulike artane.

Håpar på vidare samarbeid

Med ungane i fjøra har Nina tid til å sette seg ned ei stund. No kan vi snakke litt. Ho har det travelt, men har likevel ei god ro over seg.

Ho er glad over samarbeidet med kommunen denne sommaren. Sommarskuleprogrammet er skapa med koronamidlar, men Nina håpar på vidare samarbeid, sjølv om det ikkje kjem slike midlar til kommunen neste år.

- Ein ser at det er eit behov, seier Nina. Foreldra er veldig glade for tilbodet. Vi har faktisk måtte seia nei til nokre, fordi det har vore fullt, det er dumt, seier Nina. Men det er ledige plassar på Opp & Ut sin eigen sommarleir i veke 31, fortel ho.

Saka fortset under bileta.

Foto: Siv Torvik
Foto: Siv Torvik
Foto: Siv Torvik
Foto: Siv Torvik
Foto: Siv Torvik
Foto: Siv Torvik

Nina fortel om eit variert program med lystbetont læring. Dei har ulike aktivitetar på garden, dyrestell, musikkverkstad, smiing, snekring og kunst. Dei badar, spelar fotball, har frileik, fiskar, leikar leikar, og på torsdagane er det tilsyn til geitene på sætra.

- Eg tykkjer barn skal bli vant med å vera ute, at det å vera ute er like naturleg som å vera inne, seier Nina.

- I Noreg har vi store, fine hus, og vi lever mykje inne. Vi kan forklare mykje av det med ver og klima, men vi må bli flinkare til å komme oss ut, seier Nina.

Førebyggingsarbeid

Det er ikkje stille rundt oss under intervjuet.

- Niiiiina, sjå her, da. Eg har fanga ein krabbe. Niiiiina, kva er dette? Niiiiina!

Nina ser ikkje ut til å bli forstyrra av den grunn, ho høyrer på spørsmåla deira, ser ungane inn i augo, tek seg tida til å svare på alt. Ho er like entusiastisk for kvar ei lita barnehand som kjem med ein krabbe eller eit anna lite småkryp.

Nina Torvik
Nina Torvik

- Eg likar veldig godt å arbeide med ungar, seier Nina og smiler. Eg finn roa med dei, og dei gjer meg energi.

Har ho eit «kall», Nina, som brukar så mykje tid og energi på Opp & Ut-konseptet? Nina ler og tykkjer kanskje spørsmålet er litt pompøst, men blir fort alvorleg.

- Ja, faktisk, det har eg. Mental helse. Det gjer så bra for hovudet å bli kjent med naturen. Covid 19 har skapa store utfordringar for mental helse blant folk, og ikkje minst blant barn og ungdom. Eg håpar Opp & Ut kan bidra med førebygging.

- Vi som er vaksne har ein stor jobb å gjere. Korleis vi legg til rette barndommen til dagens barn og unge, har stor betydning for framtidas psykiske helse, seier Nina.