Gerd Stolsmo, Svein Sæter og Jenny Klinge

Boksøg runda av Vårsøghelga

Ei innhaldsrik Vårsøghelg vart avslutta med Boksøg i Bondhuset. Jenny Klinge og Gerd Stolsmo hadde teke turen for ein bokprat med Svein Sæter.

Publisert Sist oppdatert

Jenny Klinge kom tidligare i år ut med boka Dønn distrè eller berre litt surrete. Som sjølutnemt surrekopp med ei mengden komiske episodar på samvitet, vart ho for nokre år sidan oppmuntra til å samle nokre av dei i ei bok.

Klinge fortel om då ho gløymde att den to veker gamle sonen på trappa, og køyrde avstad. Ho var imponert over at ho hadde hugsa nøklane, men sonen vart att på trappa. No høyrer det til historia at guten låg trygt i babybagen sin, og at den forfjamsa mora kom att ganske raskt. Ho nemner òg den gongen ho tykte sambuaren snakka for lågt og skrua på volumknappen på radioen, utan at det hjalp nemneverdig.

Det skulle vise seg at det var fleire som var distrè, for då Klinge oppmoda folk til å sende henne historier, fekk ho respons i rikt monn.

-Det vart så mykje stoff at eg måtte legge mange av mine eigne historier på hylla, seier Klinge. Men det er i grunnen godt å sjå at eg ikkje er åleine.

Som ein del av researchen til boka, har Klinge tala med fagfolk for å prøve å komme til botn i fenomenet. Ho kan fortelje at å vere distrè er det same som å være gløymsk. Ein kan hugse mykje sjølv om ein ikkje «hugser» kva ein driv med i augneblinken.

Ho kan òg berolige surrekoppar med at det heller ikkje har noko med intelligens å gjere.

-Men det er heller ikkje slik at dei som er distrè er mer intelligent enn andre, ler ho. Så enkelt er det ikkje.

Klinge fortel at ho har skrive boka mellom anna for å lette litt på trykket ved å ikkje vise seg for sjølvhøgtideleg. Ho synes òg folk fortener å få høyre historiene.

-Først skjems eg, så fortel eg det, og så legg eg det ut på Facebook, ler ho.

Og det var etter å ha lese nokre av historiene ho la ut på Facebook at Tiger Gartè tok kontakt med henne og oppmoda henne om å skrive bok. Og slik vart det.

Nettopp Tiger Gartè skulle vore i Bondhuset på søndagens Boksøg. Han har komme med boka Dette dreper oss, ein ungdomsroman som, i følge boksøgleiar Svein Sæter også høver godt til vaksne.

Gartè valde imidlertid å halde seg heime i Oslo på grunn av sjukdom hos utesta familiemedlemmer, og eventuell fare for smittespreiing.

Kvinnemakt

Gerd Stolsmo har skrive boka Fotballmamma. Som kjend for dei fleste er Stolsmo mor til dei to stortalenta Ada og Andrine Stolsmo Hegerberg.

Stolsmo fortel om ein familie der både mor og far har spela fotball i si tid, og der døtrene og broren Silas skulle vise seg å vere arveleg belasta med fotballtalent.

I boka skriv ho om ein familie som står sterkt saman og som satsar alt på å følge opp dei unge fotballspelarane. Dei flytta mellom anna til Oslo då jentene var 11 og 13 år gamle for å gje dei best mogleg forhold for utvikling.

For Gerd handlar idrett òg om kvinnekamp. Heime har dei aldri bruka omgrepa damespelarar eller herrespelarar. Alle er fotballspelarar.

-Vi er i 2021, men framleis får ikkje Maren Lundby hoppe den bakken ho vil, seier Stolsmo som eit eksempel.

Stolsmo er oppteken av at ein viktig del av foreldrerolla er å byggje opp jenter sin sjølvtillit, og gje dei ei stemme. Ho tykkjer det er viktig at dei finn sin eigen veg, og gjer det dei har lyst til å er god på utan å verte påverka av andre.

Jenny Klinge, som sjøl spela fotball i ein periode i ungdommen, er einig om at det er ein lang veg att å gå for jenter i idretten.

-Det er faktisk lettare å komme langt i politikken som kvinne, enn som fotballspelar, meiner ho.

Gerd Stolsmo går med tankar om fleire bokprosjekt, og ho fortel at døtrene òg har eit litterært prosjekt på gang. Dei arbeider nemlig med eit teikneserieprosjekt. Det skal bli ein barnebokserie som handlar om dei sjølve som ungar.

-Det er viktig for dei å vere gode rollemodellar. Det er 130 000 jenter som spelar fotball i Noreg, og det er den sporten som aukar mest. Vi treng sterke stemmer i kvinneidretten, og vi må jobbe mot å bryte ned dei tradisjonelle jenterollene, seier Stolsmo.

Dei beste artistane, dei beste frivillige og det beste vêret

Ole Magne Ansnes og Anders Larsen oppsummerte Vårsøghelga 2021.

Det har vore mange, flotte arrangement. Ansnes nemde spesielt konserten i Billaget på Øra med Polkabjørn og Kleine Heine som eit av høgdepunkta, ikkje minst på grunn av dei spesielle lokala.

-Eg har vore med på mange arrangement, men å kunne ha konsert inne i verkstedhallen er heilt rått, meinte Ansnes.

Han berømte òg dei frivillige, og skildra ånden i frivilligheita på Vårsøgfestivalen som heilt spesiell.

Ole Magne Ansnes og Anders Larsen oppsummerer Vårsøghelga 2021. Larsen får overrekt vinylplåte frå Ansnes

- Dei gjer det fordi dei tykkjer det er artig, for å gjere noko saman, og for å gjere noko for andre. Det tykkjer eg er ein fin tanke, sa Ansnes, som òg var nysgjerrig på korleis Anders Larsen hadde oppplevd si første Vårsøghelg som leiar i Laget Vårsøg.

Larsen fortalde at han heile tida har vore trygg på at dei har booka dei beste artistane, har dei beste frivillige og attpå til hatt det beste vêret ein kan ønske seg. Då må det berre bli bra. Han innrømmer imidlertid at å arrangere festival krev sin mann 24 timar i døgnet.

-Søvnen kan eg ta att seinare.

Operasongar Beate Mordal

Boksøget, og Vårsøghelga, vart av slutta med ei rad med musikalske perler framført av anerkjent surndalspianist Hedda Hansen Berg og operasongar Beate Mordal frå Molde.

Hedda Hansen Berg
Det vart plass til 40 publikummarar

Dei skulle vere ein del av avslutningskonserten, som dessverre måtte avlysast grunna sjukdom. Men å få dei som avslutning av Boksøget var jammen ikkje noko dårleg erstatning.

Hansen Berg og Mordal varta mellom anna opp med nummer av Edvard Fliflet Bræin, før Vårsøghelga vart avslutta med En drøm og Solveigs sang av Edvard Grieg.

Powered by Labrador CMS