PRESSEMELDING FRÅ TODALSFJORDPROSJEKTET AS

Illustrasjon over hvordan ei flytebru over Todalsfjorden kan se ut
Flytebru over Todalsfjord

Flytebru kan gi rimelegare Todalsfjordkryssing

Publisert Sist oppdatert

Styret i Todalsfjordprosjektet AS bestilte i januar ei utgreiing av flytebru mellom Kvanne og Rykkjem, som alternativ trasé for fjordkryssingsprosjektet. No er rapporten levert, og dagleg leiar Trond Skogseth seier den viser at ei slik flytebru kan vere mogleg og gi ei rimelegare løysing for kryssing av Todalsfjorden enn ny veg/bru/tunnel mellom Åsbøen og Ålvundfossen.

Det er konsulentselskapet Dr. Techn. Olav Olsen (DTOO), kanskje landets leiande fagmiljø på flytebruer, som har gjennomført eit såkalla skisseprosjekt av flytebru mellom Kvanne og Rykkjem. DTOO har vurdert både moglege løysingar og ikkje minst kostnadar for ei flytebru omtrent i dagens ferjetrase. Skogseth seier at rapporten viser at flytebru-alternativet kan vere meir fordelaktig enn tidlegare vurdert. Fylkeskommunen vil no ta med seg rapporten i sitt vidare planarbeid.

Landets lengste

Oppdraget Todalsfjordprosjektet AS ga DTOO var å skissere den mest kostnadseffektive flytebruløysinga mellom Kvanne og Rykkjem, og dei har derfor teke utgangspunkt i den kortaste traséen i området. Dette gir ei omlag to kilometer lang bru mellom Kvennaneset og Rykkjemsneset, og i tillegg kjem veg fram til eksisterande fylkesveg 670, på Kvanne og Rykkjem. Brua er ei 12 meter brei, endeforankra bru på stålpongtongar, som eBr bua med 2000 meter konstant horisontalradius og har 1 prosent stigning opp mot det høgste punktet. Det er 25 meters seglingshøgde under brua, midtfjords. DTOO har dimensjonert og spesifisert brua på grunnlag av krava i kommunedelplanen for Todalsfjordprosjektet og kjente miljødata for vind, bølgjer og liknande i fjordsystemet. Som underlag for design og kostnadar har dei innhenta oppdatert informasjon frå relevante prosjekt/leverandørar.

Gunstig krysningsstad

DTOO konkluderer i rapporten med at ei flytebru mellom Kvanne og Rykkjem, som forøvrig vil vere landets lengste og over dobbelt så lang som Bergsøysundbrua på KRIFAST, er teknisk gjennomførbar og til ein pris som er langt under det som vart oppgitt i verdianalysen. – Dette er ein gunstig krysningsstad, med lite av dei påkjenningane vi er vante med elles, og som gjer at dette er eit robust prosjekt for ein sånn type krysning, uttalte prosjektleiar Stein Atle Haugerud hos DTOO under presentasjonen for styret i Todalsfjordprosjektet AS.

Totalkostnad under 3,4 milliardar

Kostnadsnivået og -utviklinga i prosjektet var hovudgrunnen til at styret i Todalsfjordprosjektet AS bestilte denne ekstra utgreiinga av flytebru.

– Vi meinte konklusjonane i Verdianalysen om at ei flytebru uansett ville bli vesentleg dyrare enn Svinvikalternativet var fatta på feil grunnlag. Rapporten frå DTOO presenterer ei løysing med ein estimert entreprisekostnad på 2,55 milliardar 2023-kroner og refererer til ein estimert byggherrekostnad på 6 prosent. Dette indikerer ein totalkostnad, inkludert moms, på under 3,4 milliardar, seier Skogseth.

Han understrekar at dette er tidlege estimat og at det kan kome tilleggskostnadar dersom løysinga skal realiserast, men dette vil truleg ikkje vere i ein storleik som vil øydeleggje den økonomiske attraktiviteten til flytebrualternativet.

Skogseth innser likevel at ei flytebru òg vil ha sine utfordringar.

– Vi er sjølvsagt fullt klar over at ei slik løysing, i likheit med dei fleste store samferdselsprosjekt – alle alternativa for kryssing av Todalsfjorden inkludert – vil kunne ha tekniske utfordringar og innebere at enkelteigedomar og -område blir påverka. Vi føreset at det vidare planarbeidet vil finne gode løysingar på desse utfordringane, på begge sidene av fjorden, seier Skogseth.

Attraksjon

Skogseth meiner ei flytebruløysing vil kunne ha mange fordelar – utover dei potensielt mange hundre millionane i reduserte investeringar.

– Som DTOO òg framhevar i rapporten, så kan ein med ei to kilometer lang flytebru og rundt 500 meter ny veg nå samfunnsmåla i prosjektet, på ein relativ rimeleg og risikovenleg måte. For eksempel med tanke på jordvern og generelt miljøfotavtrykk, byggetid og risiko under bygging, nærings- og kollektivtrafikk, og friluftsliv har denne løysinga etter vår vurdering mange fortrinn. Og indre Nordmøre vil kunne få ein ny attraksjon – ein to kilometer lang, heilårs gang- og sykkelturveg over fjorden, med utsikt over vatnet og inn mot Trollheimen, seier Skogseth.

Vidare planarbeid

Leiinga i Todalsfjordprosjektet AS presenterte og overleverte flytebru-rapporten til leiinga i Fylkesvegavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune i eit møte i Molde måndag, og den vil bli gjort tilgjengeleg på selskapets nettside: www.todalsfjordprosjektet.no. Fylkeskommunen vil, som vegeigar, ta med seg denne i det vidare planarbeidet og vurdere løysinga opp i mot dei andre alternativa for realisering av ein ferjefri Todalsfjord – «Svinvik-alternativet» og ein undersjøisk tunnel frå Åsbøen til Ålvundfjorden. Swecos rapport frå utgreiinga av den undersjøiske tunnelen er venta i slutten av april.

Berekraftig

Per Ove Nydal, som i førre veke tok over som styreleiar i Todalsfjordprosjektet AS etter at tidlegare leiar Lars Inge Kvande valde å fråtre vervet pga. at han er grunneigar på Kvennaneset, tykkjer flytebrukonseptet er interessant og ser fram til den vidare behandlinga i fylkeskommunen, samt at trasévalet snart og endeleg vil bli konkludert:

– Dette alternativet må no vurderast vidare av fagfolka i fylkesvegavdelinga, som ein del av planarbeidet. Slik vi ser det kan vi no ha tre gode alternativ å velje mellom, som alle har sine fordelar og utfordringar. Til sjuande og sist blir det opp til fylkespolitikarane våre å vurdere kva for eitt som samla sett er det mest berekraftige og gjennomførbare, seier Nydal.

Powered by Labrador CMS