Erik Rosenius syng solo
Erik Rosenius syng solo

Vakker Jonsvaka i Åsskard

Publisert Sist oppdatert

Jonsvaka i Åsskard kyrkje er ein lang og god tradisjon, og etter ein pause i fjor, kunne Bernt Bøe igjen kalle saman kreftene til song og musikk ved midtsommarleite. Kyrkja var fullsett etter koronamålestokk, og forsamlinga kunne glede seg over kvalitet i alt som vart framført. Og vi fekk syngje saman også, glad fellessong høyrer med ein slik kveld.

Koret Prosjekt 17 bar mykje av kvelden, og som det vart sagt: eldsjeler som Bernt er uvurderlege for ei bygd, men dei kan ikkje gjere mykje utan folk å spele på. Koret har hatt ein pause på over eit år no, og har nettopp kome saman til øving igjen, men dette er rutinerte og gode songarar som kan sine ting, fint var det å høyre opningsnummera, Wesley: Led meg, Gud og svensken Åhlens kjende Sommarpsalm. Damestemmene ber jo koret oppe, og gode mannsstemmer har vel koret stadig hatt, men var det ikkje ei ekstra god bassgruppe denne kvelden, tru? Høyrde vi ikkje ei uvanleg klår og malmfull bassrøyst i koret heile tida denne kvelden? Heldige Bernt har fått ein storsongar av ein svigerson med i laget!

Erik Rosenius viser foto av ein forfeder, kjente Carl Olof Rosenius.
Erik Rosenius viser foto av ein forfeder, kjente Carl Olof Rosenius.

Bassen Erik Rosenius var kveldens store oppleving. 29 år gammal er han alt no høgt verdsett internasjonalt, ettertrakta operasongar med engasjement ved operaane i Stockholm og Gøteborg, ja, og sjølvaste Daniel Barenboim gav han oppdrag ved Stasoper Berlin. Han fekk vi høyre i kyrkja i Åsskard! Først ei avdeling saman med koret. Har vi høyrt Wennerbergs Gören portarna höga meir fulltonande framført nokon gong? Og så kom like vakkert Mendelssohn og Beethoven i godt samarbeid med koret. Men for underteikna var det nok ein enklare song som sat sterkast igjen. Ein av forfedrane til songaren var Carl Olof Rosenius, han skreiv i 1847 den ikkje ukjende songen Var jag går i skogar, berg och dalar. Vakker melodi, og med Erik Rosenius varme, trygge og forunderleg berande røyst treng ein ikke leggje til noko meir. Det enkle kjenneteiknar meisteren! Vi har høyrt rykter om at han kjem igjen ved olsok saman med Sigrid. Då må alle møte opp!

Men vi har dyktige musikarar i her i området også. Organisten i kyrkja, Ronny Kjøsen, spela trekkspel. Sjølv sa han at det er trekkspelar han er, og i alle fall fekk han vist fram trekkspel frå si mest uttrykksfulle side. Teknisk høg kvalitet og musikk med innhald. Han spela eigne komposisjoner og improvisasjonar. Størst inntrykk gjorde musikken over Gje meg handa di ven. Både pianissimovakkert, dramatisk og meiningsfullt! Dette kan han gjerne gjere oftare!

Organist Ronny Kjøsen spelar trekkspel.
Organist Ronny Kjøsen spelar trekkspel.

Bernt Bøe var den solide dirigenten, organisten og pianisten kvelden igjennom. Til slutt fekk ha synt fram komponisten òg. Folketonemessa som han skreiv til 150-årsjubileet til Todalskyrkja i 2011, er som ei lita gudsteneste i seg sjølv med alle messeledda på plass. Kvar sats har ein salmetone eller ein slått frå Todalen som grunnlag, og så har Bernt skrive korsatser inn i dette. Svært virkningsfullt, og med rutinert innsats av koret og igjen med medverknad frå trekkspelaren, vart dette ei spesielt fin avslutning på ei gjevande jonsvake.

Lykkelege tilhøyrarar takkar alle medverkande og eldsjela Bernt for opplevingane!

Svein Volle